Europacupen i fotball 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Criujff tok mot pokalen

Europacupen i fotball 1973 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Ajax frå Amsterdam. Turneringa var den 18. i rekka. I finalen 30. mai 1973 i Beograd vann tittelforsvararen 1-0 over italienske Juventus frå Torino. Dermed tok det nederlandske meisterlaget sin tredje rake triumf i Europacupen i fotball.

Europacupen 1973 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 13. september 1972. Etter to rundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1973.

Vinnarlaget Ajax fekk walkover i 1. runde og slo deretter ut CSKA Sofia, Bayern München og Real Madrid. Juventus sikra seg finaleplass ved å slå ut Olympique Marseille, FC Magdeburg, ungarske Újpesti Dózsa og Derby County.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

91 654 tilskodarar såg finalen på Raude Stjerne-stadion i Beograd. Sigersmålet kom allereie i det 5. minutt og var sett inn av Johnny Rep.

Vinnarlaget Ajax stilte med fylgjande mannskap: Heinz Stuy, Wim Suurbier, Barry Hulshoff, Horst Blankenburg, Ruud Krol, Arie Haan, Johan Neeskens, Gerrie Mühren, Johnny Rep, Johan Cruijff (kaptein) og Piet Keizer.

For Juventus spelte: Dino Zoff, Sandro Salvadore (kaptein), Gianpietro Marchetti, Francesco Morini, Silvio Longobucco, Franco Causio, Giuseppe Furino, Fabio Capello, José Altafini, Pietro Anastasi og Roberto Bettega. Helmut Haller tok plassen til Bettega i det 49. minutt, åtte minuttar seinare kom Antonello Cuccureddu inn i staden for Causio.

Milivoje Gugulović frå Jugoslavia dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]