Europacupen i fotball 1978

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1978 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Liverpool FC. Turneringa var den 23. i rekka. I finalen 10. mai 1978 i London vann nettopp Liverpool FC med 1-0 over Club Brugge frå Belgia.

Europacupen 1978 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 14. september 1977. Etter to cuprundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1978.

Vinnarlaget Liverpool fekk walkover i fyrste runde og slo deretter ut Dynamo Dresden, Benfica frå Lisboa og i semifinalane Borussia Mönchengladbach, forrige års finalemotstandar. På si side sende Club Brugge finske Kuopion PS, Panathinaikos frå Athen, Atlético Madrid og Juventus frå Torino ut av turneringa.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

I overkant av 92 000 tilskodarar såg finalen på Wembley stadion i London 10. mai 1978. Kampens einaste mål kom etter 64 minuttars spel, då Kenny Dalglish vart spelt fri i straffefeltet og kippa ballen over Brugge-målvakta frå skrått, kort hald.

Vinnarlaget Liverpool bestod av: Ray Clemence, Phil Neal, Phil Thompson, Alan Hansen, Emlyn Hughes (kaptein), Jimmy Case, Terry McDermott, Graeme Souness, Ray Kennedy, Kenny Dalglish og David Fairclough. Steve Heighway tok over for Case minuttet før laget tok leiinga.

Club Brugge mønstra fylgjande mannskap: Birger Jensen, Fons Bastijns (kaptein), Eduard Krieger, Georges Leekens, Gino Maes, Julien Cools, Dany Decubber, René Vandereycken, Jan Simeon, Lajos Kü og Jan Sørensen. Dirk Sanders kom inn i staden for Kü i det 60. minutt og Jos Volders for Maes i det 80. minutt.

Charles Corver frå Nederland var finaledommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]