Europacupen i fotball 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1984 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Hamburger SV. Turneringa var den 29. i rekka. I finalen 30. mai 1984 i Roma var stillinga 1-1 mellom engelske Liverpool FC og «heimelaget» AS Roma etter 120 minuttars spel. Kampen om pokalen vart då avgjort med straffeskyting, der Liverpool netta på fire av fem forsøk og Roma bomma på to av fire forsøk. Det var fjerde gongen Liverpool vann Europacupen i fotball.

Europacupen 1984 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 14. september 1983. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1984.

Vinnarlaget frå Liverpool slo etter tur ut Odense BK, Athletic Bilbao, Benfica frå Lisboa og Dinamo Bucuresti. På si ferd mot finalearenaen i heimbyen eliminerte Roma fyrst IFK Göteborg, deretter CSKA Sofia, Dynamo Berlin og Dundee United.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

60 000 tilskodarar såg finalen på Stadio Olimpico i Roma 30. mai 1984. Phil Neal sende Liverpool i føringa i det 15. minutt og Roberto Pruzzo utlikna til 1-1 i det 44. minutt. Fleire mål kom ikkje før dommaren bles for straffeskyting. Her mislukkast Liverpools fyrste eksekutør, men då dei neste fire sette ballen i mål og to Roma-spelarar «bomma», var det klart for ny Liverpool-siger.

Liverpool FC sitt vinnarlag bestod av: Bruce Grobbelaar, Phil Neal, Alan Hansen, Mark Lawrenson, Alan Kennedy, Sammy Lee, Craig Johnston, Graeme Souness (kaptein), Ronnie Whelan, Ian Rush og Kenny Dalglish. Inn kom Steve Nicol i det 72. minutt og Michael Robinson 94 minuttar ut i kampen. Ut gjekk høvesvis Johnston og Dalglish.

AS Roma stilte med: Franco Tancredi, Michele Nappi, Ubaldo Righetti, Dario Bonetti, Sebastiano Nela, Toninho Cerezo, Paulo Roberto Falcão, Agostino Di Bartolomei (kaptein), Bruno Conti, Roberto Pruzzo og Francesco Graziani. Pruzzo bytta med Odoacre Chierico i det 64. minutt og Mark Tullio Strukelj tok plassen til Cerezo i det 115. minutt.

Erik Fredriksson frå Sverige var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]