Europacupen i fotball 1986

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1986 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Juventus frå Torino. Turneringa var den 31. i rekka. Finalen fann stad 7. mai 1986 i Sevilla. FC Steaua București sikra seg pokalen i eit oppgjer mot FC Barcelona som vart avslutta med straffespark-tevling, då stillinga etter ekstraomgangar var 0-0. Det var fyrste gongen eit lag frå Romania, og Aust-Europa i det heile, vann den gjævaste fotballturneringa for klubblag i Europa.

Europacupen 1986 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og til sist straffespark-tevling. Turneringa tok til 18. september 1985. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1986.

Steaua slo i turneringa ut høvesvis Vejle BK, Honvéd Budapest, Kuusysi frå Lahti og RSC Anderlecht. På si side vann Barcelona over Sparta Praha, FC Porto, tittelforsvarar Juventus og, etter ekstraomgangar i semfinalane, IFK Göteborg.

Lagoppstillingane i finalen, Steaua i kvite drakter

Finalen[endre | endre wikiteksten]

70 000 tilskodarar såg finalen på Ramón Sánchez Pizjuán-stadion i Sevilla 7. mai 1986. Etter 120 mållause minuttar vart kampen avgjort med ei straffetevling. Underleg nok mislukkast alle dei fire fyrste eksekutørane. Med to fulltreffarar frå Marius Lăcătuș og Gavril Balint, og to nye bomskot frå Barcelona, vann Steaua straffeskytinga med 2-0.

Vinnarlaget FC Steaua bestod av: Helmuth Duckadam, Ștefan Iovan (kaptein), Adrian Bumbescu, Miodrag Belodedici, Ilie Bărbulescu, Lucian Bălan, Gavril Balint, Mihail Majearu, László Bölöni, Marius Lăcătuș og Victor Pițurcă. Veteranen Anghel Iordănescu kom inn i staden for Bălan i det 72. minutt og Marin Radu entra bana i det 112. minutt, ut gjekk Pițurcă.

FC Barcelona mønstra: Javier Urruticoechea, Gerardo Miranda, Migueli Bianquetti, José Ramón Alexanko, Julio Alberto, Ángel Pedraza, Bernd Schuster (kaptein), Víctor Muñoz, Marcos Alonso, Francisco Carrasco og Steve Archibald. José Moratalla tok plassen til Schuster i det 84. minutt og Pichi Alonso spelte dei siste ti minuttane av ekstraomgangane i staden for Archibald.

Franske Michel Vautrot var kampens dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]