Europacupen i fotball 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1988 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar FC Porto. Turneringa var den 33. i rekka. I finalen 25. mai 1988 i Stuttgart vann PSV Eindhoven pokalen etter straffesparktevling mot Benfica frå Lisboa. PSV vart då den tredje klubben frå Nederland som vann Europacupen i fotball.

Europacupen 1988 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og til sist straffespark-tevling. Turneringa tok til 16. september 1987. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars og april 1988.

Vinnarlaget PSV slo i turneringa ut høvesvis Galatasaray frå Istanbul, Rapid Wien, Girodins Bordeaux og Real Madrid, begge dei sistnemnde vart slått ut på bortemålsregelen. Finalist Benfica vann mot Partizani Tirana, Aarhus GF, RSC Anderlecht og FC Steaua București.

Lagoppstillingane i finalen. PSV i kvite trøyer

Finalen[endre | endre wikiteksten]

64 000 tilskodarar såg finalen på Neckarstadion i Stuttgart 25. mai 1988. Ein mållaus kamp vart avgjort med straffeskyting. Etter at alle dei oppsette ti eksekutørane skåra, sette innbytar Anton Janssen inn PSV sitt sjette rake straffemål. Så då PSV-målvakt Hans van Breukelen stoppa den neste Benfica-straffa, var det klart for PSV-feiring.

Vinnarlaget PSV stilte med: Hans van Breukelen, Eric Gerets (kaptein), Ivan Nielsen, Ronald Koeman, Jan Heintze, Gerald Vanenburg, Berry van Aerle, Søren Lerby, Edward Linskens, Wim Kieft og Hans Gillhaus. Anton Janssen spelte 2. ekstraomgang i staden for Gillhaus.

Benfica mønstra: Silvino Louro, António Veloso, Dito, Carlos Mozer, Álvaro Magalhães, Chiquinho Carlos, Elzo Coelho, Shéu (kaptein), António Pacheco, Mats Magnusson og Rui Águas. Wando tok plassen til Águas i det 57. minutt og Radouane Hajry bytta med Magnusson i det 111. minutt.

Luigi Agnolin frå Italia dømde oppgjeret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]