Europacupen i fotball 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1990 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar AC Milan. Turneringa var den 35. i rekka. I finalen 23. mai 1990 i Wien vann tittelforsvararen 1-0 over Benfica frå Lisboa. AC Milan sikra seg dermed sin fjerde triumf i Europacupen i fotball.

Europacupen 1990 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og til sist straffespark-tevling. Turneringa tok til 13. september 1989. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars og april 1990.

Vinnarlaget frå Milano slo i turneringa ut høvesvis HJK Helsinki, Real Madrid, KV Mechelen og Bayern München. Både i kvartfinalane mot KV Mechelen og i semifinalane mot Bayern tok Milan seg vidare etter ekstraomgangar. Finalist Benfica vann mot Derry City, Honvéd Budapest, Dnepr Dnepropetrovsk og på bortemål mot Olympique Marseille.

Lagoppstillingane i finalen, Milan i kvitt

Finalen[endre | endre wikiteksten]

57 500 tilskodarar såg finalen på Praterstadion i Wien 23. mai 1990. AC Milan vann 1-0 då nederlendaren Frank Rijkaard skåra frå 13-14 meter i det 68. minutt, etter eit glitrande framspel.

Vinnarlaget AC Milan bestod av: Giovanni Galli, Mauro Tassotti, Franco Baresi (kaptein), Alessandro Costacurta, Paolo Maldini, Angelo Colombo, Frank Rijkaard, Carlo Ancelotti, Alberigo Evani, Ruud Gullit og Marco van Basten. Daniele Massaro kom i det 72. minutt inn i staden for Ancelotti, medan Filippo Galli erstatta Colombo to minuttar før slutt.

Benfica mønstra: Silvino Louro, José Carlos, Aldair Nascimento, Ricardo Gomes, Samuel Quina, Vítor Paneira, Valdo Filho, Jonas Thern, Hernâni Neves, Mats Magnusson, António Pacheco. Cesar Brito og Vata Garcia vart bytta inn etter 61 og 75 minuttars spel, ut gjekk høvesvis Pacheco og Paneira.

Austerrikaren Helmut Kohl var kampens dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]