Europadagen
Utsjånad
Europadagen er ein dag som feirar fred og samarbeid i Europa. Dagen blir feira 5. mai av Europarådet og 9. mai av EU.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den 9. mai 1950 vart Schuman-planen presentert for verda av den franske utanriksministeren Robert Schuman. Planen er rekna som eit sentralt dokument i skipinga av det som seinare vart EU.[1] Dagen feirar fred og samarbeid i Europa.[2]
I 1964 vart ministerkomiteen til Europarådet einige om å feira 5. mai som europadag, etter datoen Europarådet var skipa, 5. mai 1949.[3]
I moderne tid er EU sin europadag 9. mai best kjend.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Europe Day – May 9 | European Union», european-union.europa.eu (på engelsk), henta 1. april 2026
- 1 2 Jorge Liboreiro (6. mai 2022). «What is Europe Day and what does it represent?» (på engelsk). Euronews. Henta 1. april 2026.
- ↑ Europarådet. «5 May - Europe Day» (på engelsk). Europarådet. Henta 1. april 2026.