Europagangstigen E1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europagangstigen E1 på kartet

Europagangstigen E1, eller berre E1-stigen, er ein av dei mange europeiske gangstigane oppmerka av European Ramblers' Association. Stigen har ei totallengd på 7980 kilometer. Eine enden av stigen er ved Nordkapp i Noreg. Han kryssar Kattegat mellom Sverige og Danmark med ferje og går gjennom Danmark, Tyskland, Sveits og Italia før han endar på Sicilia.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Merete Habberstad (4. juni 2013). «Europas nye langrute E1 Åpnet — Den Norske Turistforening». DNT.no.