Europahjelpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europahjelpen var ein humanitær organisasjon som blei danna i Noreg i mai 1946. Organisasjonen blei aldri formelt oppheva, men blei avvikla av Det Norske Flyktningeråd i 1953 (1992–2005 Flyktningerådet, frå 2005 Flyktninghjelpen).

Europahjelpen blei stifta som eit samarbeidsorgan mellom Raudekrossen og Norsk folkehjelp, men fungerte i prinsippet som ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som var engasjert i flyktningsituasjonen i Europa etter andre verdskrigen. Europahjelpen hadde kontor i Hamburg og Wien, og var i direkte samarbeid med International Refugee Organisation (IRO) frå 1947 då denne avløste UNRRA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]