Europaligaen 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europaligaen 2016 var ei internasjonal fotballturnering for klubblag som av ulike grunnar ikkje var kvalifisert til å delta i Meisterligaen. I finalen i Europaligaen 2016 på St. Jakob Park i Basel vann tittelforsvarar Sevilla FC 3-1 over Liverpool FC.

Turneringa med dei 48 kvalifiserte deltakarlaga byrja med seriespel i grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til cupspel, eit cupspel som etter fire cuprundar vart avslutta med finale. Vinnarlaget Sevilla FC slo i cuprundane etter tur ut Molde Fotballklubb med samanlagt 3-1, FC Basel, Athletic Bilbao etter ekstraomgangar, og i semifinalane Sjakhtar Donetsk. Finalist Liverpool FC eliminerte FC Augsburg, Manchester United, Borussia Dortmund og FC Villareal frå turneringa.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane med Sevilla i kvitt

34 429 tilskodarar var benka på tribunane i Basel då Sevilla og Liverpool møttest til finaledyst 18. mai 2016. Dei såg Daniel Sturridge sende Liverpool framom i det 35. minutt. Omgåande etter pausen utlikna Kevin Gameiro til 1-1, før Sevilla-kapteinen Coke Andújar syrgde for Sevilla-triumf ved sine to nettkjenningar etter 63 og 69 minutts spel.

Sevilla FC sitt vinnarlag bestod av: David Soria, Mariano Ferreira Filho, Adil Rami, Daniel Carriço, Sergio Escudero, Grzegorz Krychowiak, Steven Nzonzi, Coke Andújar (kaptein), Éver Banega, Vitolo Machín, Kevin Gameiro. Timothée Kolodziejczak spelte siste kvarteret i staden for Rami, medan Vicente Iborra og Sebastián Cristóforo entra bana i sluttminuttane, ut gjekk Gameiro og Banega.

Liverpool FC mønstra: Simon Mignolet, Nathaniel Clyne, Kolo Touré, Dejan Lovren, Alberto Moreno, James Milner (kaptein), Emre Can, Adam Lallana, Roberto Firmino, Philippe Coutinho og Daniel Sturridge. I den andre omgangen vart Firmino, Lallana og Touré bytta ut etter høvesvis 68, 72 og 81 minutts spel. Inn kom etter tur Divock Origi, Joe Allen og Christian Benteke.

Jonas Eriksson frå Sverige var kampleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]