Europaligaen 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europaligaen 2019 var ei internasjonal fotballturnering for klubblag som av ulike grunnar ikkje var kvalifisert til utslagsrundane i Meisterligaen. I finalen i Europaligaen 2019 i Baku i Aserbajdsjan vann Chelsea FC frå London med 4-1 over byrival Arsenal FC.

Turneringa byrja med seriespel for 48 lag i grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til cupspel, til dette cupspelet kom òg laga på tredjeplass i gruppespelet i meisterligaen. Etter fire cuprundar vart europaligaen avslutta med finale. Vinnarlaget Chelsea slo i cuprundane etter tur ut Malmö FF, Dynamo Kiev, Slavia Praha og Eintracht Frankfurt, sigeren mot Eintracht Frankfurt kom etter straffetevling. Finalist Arsenal FC eliminerte BATE Borisov, Rennes FC, SSC Napoli og Valencia CF.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane, Chelsea i blått

51 370 tilskodarar såg finalen på stadion i Baku den 29. mai 2019. Etter ein sjansefattig 1. omgang stupheada den franske midtspissen Olivier Giroud Chelseas fyrste mål i det 49. minutt av kampen. Spanjolen Pedro Rodríguez la på til 2-0 i det 60. minutt, Fem minuttar seinare auka belgiaren Eden Hazard til 3-0 med eit straffespark. Innbytaren Alex Iwobi frå Nigeria reduserte for Arsenal til 1-3 i det 69. minutt, før 3 minuttar var gått fastsette Hazard sluttresultatet til 4-1.

Vinnarlaget Chelsea bestod av: Kepa Arrizabalaga, César Azpilicueta (kaptein), Andreas Christensen, David Luiz, Emerson Palmieri, N'Golo Kanté, Jorginho Filho, Mateo Kovačić, Pedro Rodríguez, Olivier Giroud og Eden Hazard. Dei siste 20 minuttane bytta Chelsea etter tur ut Pedro Rodríguez, Kovačić og Hazard, inn kom Willian Borges da Silva, Ross Barkley og Davide Zappacosta.

Arsenal kom på bana med: Petr Čech, Sokratis Papastathopoulos, Laurent Koscielny (kaptein), Nacho Monreal, Ainsley Maitland-Niles, Lucas Torreira, Granit Xhaka, Sead Kolašinac, Mesut Özil, Alexandre Lacazette, Pierre-Emerick Aubameyang. Monreal og Torreira måtte vike plass i det 66. minutt, inn kom Matteo Guendouzi og Alex Iwobi. Joe Willock spelte siste kvarteret i staden for Özil.

Dommar var Gianluca Rocchi frå Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]