Europameisterskapen på skeiser 1948

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen på skeiser 1948 for menn vart avvikla på Hamar stadionHamar 14. og 15. februar 1948. 30 utøvarar frå 10 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Sverre Farstad, Reidar Liaklev, Odd Lundberg og Ivar Martinsen. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Canada, Finland, Korea, Nederland, Sverige, Tsjekkoslovakia, Ungarn, USA.

Norske Reidar Liaklev vart europameister over eitt tidspoeng føre Göthe Hedlund frå Sverige, Odd Lundberg kom på tredjeplass. Bob Fitzgerald frå USA fekk bestetid på 500 meter, sigeren på dei hine distansane gjekk til nederlendaren Kees Broekman på 5 000 m, Sverre Farstad på 1500 m og Liaklev på 10 000 m.

Skeise-EM 1948[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Reidar Liaklev Flag of Norway.svg Noreg 198,078
Sølv Göthe Hedlund Flag of Sweden.svg Sverige 199,362
Bronse Odd Lundberg Flag of Norway.svg Noreg 199,935
4 Sverre Farstad Flag of Norway.svg Noreg 200,150
5 Kees Broekman Flag of the Netherlands.svg Nederland 200,162
6 Johnny Werket Flag of the United States.svg USA 201,263
7 Harry Jansson Flag of Sweden.svg Sverige 201,343
8 Kornél Pajor Flag of Hungary.svg Ungarn 201,732

Dato: 14./15. februar 1948

Kjelder[endre | endre wikiteksten]