Europameisterskapen på skeiser 1970 for kvinner fann stad i Heerenveen i Nederland laurdag 31. januar og sundag 1. februar 1970. Meisterskapen var den fyrste i sitt slag. 25 utøvarar frå 8 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Lisbeth Berg, Jorunn Bergland, Kirsti Biermann, Inger Karset og Sigrid Sundby. Deltakarane elles kom frå Finland, Frankrike, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Sverige og Vest-Tyskland.
Nina Statkevitsj frå Sovjetunionen vart europameister, nær eitt tidspoeng føre arrangørlandets Stien Kaiser. Statkevitsj stod for bestetida på 1500 meter, medan landskvinna Ljudmila J. Titova vann dei to kortaste distansane. På 3000-meter sigra Ans Schut frå Nederland.