Europameisterskapen på skeiser 1971/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Europameister Dag Fornæss under 5000-meterløpet i Innsbruck

Europameisterskapen på skeiser 1971 fann stad i Heerenveen i Nederland laurdag 23. og sundag 24. januar 1971. 35 utøvarar frå 15 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Dag Fornæss, Roar Grønvold, Per Willy Guttormsen, Sten Stensen og Magne Thomassen. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Ungarn, Vest-Tyskland.

Norske Dag Fornæss vart suveren europameister framom tittelforsvarar Ard Schenk frå Nederland. Schenk fekk bestetid av alle på 500 meter, før Fornæss vann både 5000-meter 1500 m. Milløpet vart vunne av Per Willy Guttormsen frå Noreg.

Skeise-EM 1971[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Dag Fornæss Flag of Norway.svg Noreg 175,840
Sølv Ard Schenk Flag of the Netherlands.svg Nederland 177,008
Bronse Kees Verkerk Flag of the Netherlands.svg Nederland 178,122
4 Göran Claeson Flag of Sweden.svg Sverige 178,190
5 Magne Thomassen Flag of Norway.svg Noreg 178,793
6 Eddy Verheijen Flag of the Netherlands.svg Nederland 179,280
7 Per Willy Guttormsen Flag of Norway.svg Noreg 179,288
8 Roar Grønvold Flag of Norway.svg Noreg 179,373
9 Sten Stensen Flag of Norway.svg Noreg 180,080
10 Gerhard Zimmermann Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 181,098

Dato: 23./24. januar 1971

Kjelder[endre | endre wikiteksten]