Europameisterskapen på skeiser 1977/Menn
Europameisterskapen på skeiser 1977 for menn vart avvikla på Fram-banen i Larvik laurdag 22. og sundag 23. januar 1977. 28 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Amund Sjøbrend, Sten Stensen, Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt. Deltakarane elles kom frå Aust-Tyskland, Finland, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Vest-Tyskland.
Jan Egil Storholt frå Noreg vart europameister framom dei tre landsmennene Stenshjemmet, Sjøbrend og Stensen. Dermed kopierte dei fire løparane triumfen frå europameisterskapen året før, om enn med individuelle rokeringar. Om laurdagen vann Storholt både 500 meter og 5000 m, om sundagen gjekk Stenshjemmet og Sjøbrend inn til bestetid på høvesvis 1500 m og 10 000-m.
Skeise-EM 1977[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Jan Egil Storholt | ![]() |
169,932 |
![]() |
Kay Stenshjemmet | ![]() |
170,377 |
![]() |
Amund Sjøbrend | ![]() |
170,913 |
4 | Sten Stensen | ![]() |
171,237 |
5 | Hans van Helden | ![]() |
171,674 |
6 | Sergej Martsjuk | ![]() |
172,511 |
7 | Piet Kleine | ![]() |
173,149 |
8 | Nikolaj Kuzmenko | ![]() |
173,184 |
9 | Vladimir Lobanov | ![]() |
173,354 |
Dato: 22./23. januar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Europees kampioenschap schaatsen mannen 1977» frå Wikipedia på nederlandsk, den 3. februar 2021.