Europameisterskapen på skeiser 1978/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen på skeiser 1978 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo laurdag 28. og sundag 29. januar 1978. 30 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Amund Sjøbrend, Sten Stensen, Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Finland, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Vest-Tyskland.

Sergej Martsjuk frå Sovjetunionen vart europameister, utan å vere bestemann på nokon distanse. Han vann EM-tittelen framom nordmennene Sten Stensen, Jan Egil Storholt og Kay Stenshjemmet. Stenshjemmet var best av alle løparane på 500 m, Jurij Kondakov det same på 1500 m, medan Stensen sigra på dei to lengste distansane.

Skeise-EM 1978[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sergej Martsjuk Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 171,559
Sølv Sten Stensen Flag of Norway.svg Noreg 172,218
Bronse Jan Egil Storholt Flag of Norway.svg Noreg 172,484
4 Kay Stenshjemmet Flag of Norway.svg Noreg 172,785
5 Vladimir Lobanov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 174,089
6 Jurij Kondakov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 174,171
7 Amund Sjøbrend Flag of Norway.svg Noreg 174,941
8 Vladimir Bjelov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 175,219
9 Piet Kleine Flag of the Netherlands.svg Nederland 175,332

Dato: 28./29. januar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]