Europameisterskapen på skeiser 1980/Menn
Europameisterskapen på skeiser 1980 for menn vart avvikla på Leangen stadion i Trondheim laurdag 19. og sundag 20. januar 1980. 25 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Fire løparar frå Sovjetunionen var også påmeldt meisterskapen, men vart influensasjuke. Ettersom reservar ikkje var påmelde før fristen, gjekk løpa utan sovjetiske deltakarar.
Henning Kaarud, Tom Erik Oxholm, Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt representerte Noreg. Deltakarane elles kom frå Aust-Tyskland, Finland, Italia, Nederland, Polen, Romania, Spania, Storbritannia, Sverige, Vest-Tyskland.
Norske Kay Stenshjemmet vart europameister framom tittelforsvarar Jan Egil Storholt, på tredjeplass kom Tom Erik Oxholm, dermed vart sigerspallen heilnorsk. Stenshjemmet vann 500 meter og Storholt 1500 m, medan Oxholm toppa resultatlista etter både 5 000 m og 10 000 m.
Skeise-EM 1980[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Kay Stenshjemmet | ![]() |
166,124 |
![]() |
Jan Egil Storholt | ![]() |
166,971 |
![]() |
Tom Erik Oxholm | ![]() |
166,982 |
4 | Tomas Gustafson | ![]() |
167,385 |
5 | Hilbert van der Duim | ![]() |
169,129 |
6 | Henning Kaarud | ![]() |
169,235 |
7 | Yep Kramer | ![]() |
169,871 |
8 | Ulf Ekstrand | ![]() |
169,934 |
9 | Andreas Dietel | ![]() |
170,137 |
10 | Andreas Ehrig | ![]() |
170,212 |
Dato: 19./20. januar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Europees kampioenschap schaatsen mannen 1980» frå Wikipedia på nederlandsk, den 7. februar 2021.