Europameisterskapen på skeiser 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapane på skeiser 2001 for menn og for kvinner vart avvikla i Baselga di Piné i Italia i tida frå 12. til 14. januar. 31 menn og 23 kvinner frå 17 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits,Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina og Ungarn.

Noreg stilte med fire menn: Petter Andersen, Stian Bjørge, Eskil Ervik, Lasse Sætre, og ei kvinne: Annette Bjelkevik. Noregs beste utøvar, Stian Bjørge, enda på 13. plass.

Dmitrij Sjepel frå Russland vart europameister, han fekk elles bestetida på 1500 meter. Andremann i meisterskapen, Belgias Bart Veldkamp, var bestemann på 5 000 m så vel som 10 000 m. Tredjemann i meisterskapen, Ids Postma frå Nederland, gjekk fortast av alle på 500 meter. Tyske Gunda Kleemann vart europameister enno ein gong, som så ofte før vann ho også dei to lengste distansane. Claudia Pechstein, som leia etter 500-meteren, kom på andreplass samanlagt. Nederlendaren Renate Groenewold vart diskvalifisert på 500 m, men svarte med å vinne 1500 meter.

Skeise-EM 2001, menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Dmitrij Sjepel Flag of Russia.svg Russland 156,127
Sølv Bart Veldkamp Flag of Belgium (civil).svg Belgia 156,264
Bronse Ids Postma Flag of the Netherlands.svg Nederland 156,410
4 Jochem Uytdehaage Flag of the Netherlands.svg Nederland 156,996
5 Aleksandr Kibalko Flag of Russia.svg Russland 157,290
6 Roberto Sighel Flag of Italy.svg Italia 158,039
7 Vadim Sajutin Flag of Russia.svg Russland 158,084
8 Cédric Kuentz Flag of France.svg Frankrike 158,911

Dato: 12.-14. januar

Skeise-EM 2001, kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Gunda Kleemann Flag of Germany.svg Tyskland 166,136
Sølv Claudia Pechstein Flag of Germany.svg Tyskland 167,026
Bronse Wieteke Cramer Flag of the Netherlands.svg Nederland 169,525
4 Barbara de Loor Flag of the Netherlands.svg Nederland 170,663
5 Daniela Anschütz Flag of Germany.svg Tyskland 171,778
6 Annamarie Thomas Flag of the Netherlands.svg Nederland 172,006
7 Natalja Polozjkova Flag of Russia.svg Russland 172,578
8 Emese Hunyady Flag of Austria.svg Austerrike 172,981
9 Varvara Barysjeva Flag of Russia.svg Russland 173,224

Dato: 12.-14. januar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]