Europameisterskapen på skeiser 2002
Europameisterskapane på skeiser 2002 for menn og for kvinner vart avvikla i Erfurt i Tyskland i tida frå 4. til 6. januar. 33 menn og 25 kvinner frå 18 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Latvia, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits,Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina og Ungarn.
Noreg stilte med tre menn: Petter Andersen, Stian Bjørge, Eskil Ervik, og to kvinner: Annette Bjelkevik og Anette Tønsberg. Ervik vart best av dei norske med sin fjerdeplass, Andersen vart nummer 5 og Tønsberg nr 10.
Nederlendaren Jochem Uytdehaage vart europameister framom landsmannen Carl Verheijen, fjorårsvinnar Dmitrij Sjepel kom på tredjeplass. Norske Petter Andersen gjekk fortast av alle på dei to kortaste distansane, Verheijen vann 5000 meter og tyske Frank Dittrich milløpet. Tyske Anni Friesinger vart europameister for andre gong, ho vann òg dei tre kortaste distansane og kom like bak landskvinna Claudia Pechstein på 5000 meter. Same Pechstein kom på andreplass samanlagt, nederlandske Renate Groenewold vart nummer tre.
Skeise-EM 2002, menn[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Jochem Uytdehaage | ![]() |
155,466 |
![]() |
Carl Verheijen | ![]() |
156,532 |
![]() |
Dmitrij Sjepel | ![]() |
156,768 |
4 | Eskil Ervik | ![]() |
157,321 |
5 | Petter Andersen | ![]() |
157,364 |
6 | André Vreugdenhil | ![]() |
157,563 |
7 | Roberto Sighel | ![]() |
157,628 |
8 | Jelmer Beulenkamp | ![]() |
157,923 |
Dato: 4.-6. januar
Skeise-EM 2002, kvinner[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Anni Friesinger | ![]() |
164,220 |
![]() |
Claudia Pechstein | ![]() |
164,587 |
![]() |
Renate Groenewold | ![]() |
166,729 |
4 | Tonny de Jong | ![]() |
166,763 |
5 | Varvara Barysjeva | ![]() |
167,685 |
6 | Marja Vis | ![]() |
168,475 |
7 | Daniela Anschütz | ![]() |
169,067 |
8 | Tatjana Trapeznikova | ![]() |
169,207 |
9 | Valentina Jaksjina | ![]() |
170,749 |
10 | Anette Tønsberg | ![]() |
171,780 |
11 | Barbara de Loor | ![]() |
171,828 |
Dato: 4.-6. januar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Europese kampioenschappen schaatsen 2002» frå Wikipedia på nederlandsk, den 28. november 2021.