Hopp til innhald

Europapa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Europapa»
Song av Joost Klein[1]

Land Nederland
Språk Nederlandsk
Utgjeve 1. mars 2024
Sjanger Rave, happy hardcore, gabber, europop
Lengd 03:05
Selskap Gjeven ut på eige merke
Komponist Donnie, Paul Elstak, Tim Haars, Teun de Kruif
Tekstforfattar Joost Klein, Paul Elstak, Donnie, Tim Haars
Låtskrivar(ar) Paul Elstak, Teun de Kruif, Thijmen Melissant, Joost Klein, Donny Ellerström, Tim Haars

«Europapa» er ein song frå 2024 av den nederlandske artisten Joost Klein[2]. Songen blei gjeven ut 29. februar 2024 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[3] Klein blei diskvalifisert på finaledagen etter ei hending med ei kamerakvinne frå produksjonen.

«Europapa» blei komponert av Paul Elstak, Teun de Kruif, Thijmen Melissant og Dylan van Dael, med tekst skriven av Joost Klein, Donny Ellerström og Tim Haars.[4] I intervju uttala Klein at songen er ei ode til Europa og eit «brev» til den avdøde faren sin, som lærte han at verda ikkje har nokon grenser.[5][6] Klein sa at stilen til songen hentar inspirasjon frå 2 Unlimited og Vengaboys, og er ei blanding mellom den «typiske Eurovision-sjangaren» og gabber.[7]

«Europapa» hadde premiere under ein spesialepisode av De Avondshow met Arjen Luback 29. februar 2024.[8]

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Europapa» er regissert av Véras Fawaz.[4] Musikkvideoen inneheld cameo-framsyningar av tidlegare Eurovision-deltakarar, som René Froger (2009, som var ein del av De Toppers) og S10 (2022), i tillegg til Emma Wortelboer (den nederlandske poengopplesaren i 2019) og TikTok-arane Appie Mussa og Stuntkabouter, som begge var med på scena i Malmö saman med Klein.[4][9]

Musikkvideoen hadde premiere live på De Avondshow med Arjen Lubach 29. februar 2024 klokka 16:45 CET, etterfølgd av ei utgjeving på Eurovision Song Contest-kanalen på YouTube ti minuttar seinare.[10]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest deltok Klein og «Europapa» i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024, og tok seg vidare til finalen.[11] På pressekonferansen etter semifinalen markerte Klein seg med å fliere gongar markere sin motstand mot Israel si deltaking i konkurransen.[12] I etterkant av dette blei det klart at han ikkje ville få delta på kostymeprøvane før finalen, og heller ikkje på juryprøven, etter å ha blitt skulda for vald mot ein fotograf.[12][13] EBU uttala i ei pressemelding at han «for tida undersøkjer ei hending rapportert til EBU som involverer den nederlandske artisten», og at «han ikkje kjem til å øve inntil vidare».[14] Juryen måtte difor dømme framsyninga til Klein basert på eit opptak frå semifinalen, som blei vist på storskjerm i arenaen.[15] På ettermiddagen den 11. mai, same dag som finalen, blei det klart at Klein hadde blitt diskvalifisert frå konkurransen.[16]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2024) Høgaste
plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[17]5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[18]1
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[19]31
Kroatia (Billboard)[20] 3
Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[21]33
Danmark (Tracklisten)[22] 36
Finland (Suomen virallinen lista)[23]2
Tyskland (Media Control AG)[24]13
Global 200 (Billboard)[25] 51
Hellas Internasjonal (IFPI)[26] 6
Island (Tónlistinn)[27] 6
Latvia (LAIPA)[28] 1
Litauen (AGATA)[29] 1
Luxembourg (Billboard)[30] 7
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[31]1
Nederland (Mega Single Top 100)[32]1
New Zealand Hot Singles (RMNZ)[33] 17
Noreg (VG-lista)[34] 17
Polen (Polish Streaming Top 100)[35] 14
Portugal (AFP)[36]79
Spania (PROMUSICAE)[37] 60
Sverige (Sverigetopplistan)[38]4
Sveits (Schweizer Hitparade)[39]12
UK Singles (Official Charts Company)[40]37
UK Dance (Official Charts Company)[41]10
UK Indie (Official Charts Company)[42]6
USA Hot Dance/Electronic Songs (Billboard)[43] 14
USA World Digital Song Sales (Billboard)[44] 2
  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  3. «Joost Klein to represent the Netherlands at Eurovision 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 2023-12-11. Henta 2023-12-26.
  4. 1 2 3 «This is Europapa by Joost Klein for Eurovision 2024». AVROTROS (på engelsk). 29. februar 2024. Henta 29. februar 2024.
  5. Vrieze, Atze de (29. februar 2024). «Zo klinkt het 'very Dutch' Songfestivalliedje van Joost Klein». 3voor12 (på nederlandsk). VPRO. Henta 29. februar 2024.
  6. «Joost Klein presenteert nummer voor Songfestival: 'Rauwe energie en puurheid'». NOS (på nederlandsk). 29. februar 2024. Henta 29. februar 2024.
  7. Schipper, Nienke (29. februar 2024). «Joost Klein met retro happy hardcore naar het Songfestival». Trouw (på nederlandsk). Henta 29. februar 2024.{{cite web}}: CS1 maint: deprecated archival service (link)
  8. Visser, Peter (29. februar 2024). «Joost Klein presenteert nummer voor Songfestival: 'Happy hardcore en spraakmakend'». WNL (på nederlandsk). Henta 29. februar 2024.
  9. Van Dijk, Sem Anne (2024-04-23). «Netherlands: Appie Mussa and StuntKabouter Join Joost Klein on Eurovision Stage». Eurovoix. Henta 2024-04-23.
  10. Dijk, Sem Anne Van (2024-02-29). «Netherlands: Joost Klein Releases "Europapa"». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2024-04-11.
  11. «Eurovision 2024 Semi-final 2 Results». Eurovisionworld (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2024-05-10.
  12. 1 2 Waaler, Ingrid Emilie (2024-05-10). «Nederland kom ikkje til øving i Eurovision». NRK. Henta 2024-05-10.
  13. Horsinek, Kjersti Lien, Philip Haglund, Martin Habbestad, Anders Lohne Fosse, Jesper (2024-05-10). «Nederlands deltaker får ikke opptre i den viktige juryprøven – anklages for vold». Nettavisen (på norsk). Henta 2024-05-10.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  14. Farren, Neil (2024-05-10). «🇳🇱 Netherlands: Joost Klein "Not Rehearsing Until Further Notice"». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2024-05-10.
  15. Savage, Mark; Youngs, Ian. «Eurovision: Confusion over fate of Dutch star Joost Klein». www.bbc.com (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2024-05-10.
  16. «Joost Klein from the Netherlands disqualified from Eurovision 2024». Eurovisionworld (på engelsk (Storbritannia)). 2024-05-11. Henta 2024-05-11. «Swedish police have investigated a complaint made by a female member of the production crew after an incident following his performance in Thursday night's Semi Final. While the legal process takes its course, it would not be appropriate for him to continue in the Contest.»
  17. "Joost – Europapa – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  18. "Ultratop.be – Joost – Europapa" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  19. "Ultratop.be – Joost – Europapa" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  20. «CroatiaSongs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
  21. "ČNS IFPI" (in Czech). Hitparáda – Digital Top 100 Oficiální. IFPI Czech Republic. Note: insert 202420 into search.
  22. «TrackTop-40 Uge 20, 2024». Hitlisten. Henta 22. mai 2024.
  23. "Finnishcharts.com – Joost – Europapa". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  24. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  25. «Billboard Global 200: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
  26. «OfficialIFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen den 22. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
  27. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs - Week 20] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 18. mai 2024. Henta 18. mai 2024.
  28. «Straumēšanas TOP 2024 – 20. nedēļa» [Streaming TOP 2024 – Week 20] (på latvisk). LAIPA. 20. mai 2024. Henta 13. juni 2024.
  29. «202420-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17. mai 2024.
  30. «LuxembourgSongs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
  31. "Nederlandse Top 40 – week 10, 2024" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  32. "Dutchcharts.nl – Joost – Europapa" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  33. «NZHot Singles Chart». Recorded Music NZ. 20. mai 2024. Henta 17. mai 2024.
  34. «Singel2024 uke 20». VG-lista. Henta 17. mai 2024.
  35. «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 10.05.2024–16.05.2024.) (på polsk). OLiS. Henta 23. mai 2024.
  36. "Portuguesecharts.com – Joost – Europapa". AFP Top 100 Singles. Retrieved 24. mai 2024.
  37. «Top 100 Canciones: Semana 20». Productores de Música de España. Henta 20. mai 2024.
  38. "Swedishcharts.com – Joost – Europapa". Topp 60. Hung Medien.
  39. "Joost – Europapa – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  40. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  41. "Archive Chart" UK Dance Chart. Official Charts Company.
  42. "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
  43. «HotDance/Electronic Songs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
  44. «WorldDigital Song Sales: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.