Europaveg 12 i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europaveg 12 i Noreg
Vegnummerskilt riksveg E 12
Strekning
Mo i Rana – riksgrensa ved Umbukta
Europaveg 12 i Noreg

E12 gjennom Noreg
Europaveg 12 i Noreg

E12 gjennom Nordland
Informasjon
Lengd 40 km
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Europaveg 12 i Noreg
Restriksjonar
Kolonnekøyring om vinteren Umbukta
Nattestenging om vinteren Umbukta

Europaveg 12 i Noreg (E12) er ein norsk riksveg som går mellom Mo i Rana og riksgrensa ved Umbukta. Heile strekninga ligg i Rana kommune i Nordland fylke og er del av europaveg 12 mellom Noreg, Sverige og Finland.

E12 går austover frå E6 i Mo i Rana. Forlenginga vestover er skilta riksveg 12 og fylkesveg 12. E12 går austover til Raudvatnet før han går sørover til riksgrensa mot Sverige ved Umbukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grensesteinen mellom Noreg og Sverige langs E12, vart reist i 1939
Inskripsjon på grensesteinen
Umskartunnelen
År Tidlegare og noverande vegnamn
1899 Veg nr IX
1950-talet Riksveg 772
1. januar 1965 Riksveg 77
Midten av 1970-talet Riksveg E79
20. juni 1992 Riksveg E12

Vegen mellom Mo og Uman stod ferdig som vinterveg i 1891. Dei siste 3 km av vegen fram til Umbukta vart bygd mellom 1936 og 1938, og vegen vart offisielt opna 13. august 1939.

Utbetringer 1962–1972[endre | endre wikiteksten]

Avgjersla om å legge Norsk Jernverk til Mo i Rana i 1946, medførte ei stor kraftutbygging i Korgen kommune og Nord-Rana. Dette auka òg behovet for at riksveg 772 skulle vere vinteropen og tole store køyretøy. Mellom Utsikten og Umbukta vart det sett i gang store omleggingar av vegen, slik at NVE skulle få sikker framkomst til anlegga ved Sauvassåga og Storakersvatnet. Mellom 1962 og seinhausten 1972 vart vegen asfaltert. På Gruben vart han flytta til den nybygde Storgata. Frå Gruben til Utsikten vart det bygd ei heilt ny vegstrekning, og frå Utsikten til Riksgrensa vart vegen delvis utbetra, og delvis erstatta av nye vegstrekningar.

Ny trasé frå Tverråneset (1995)[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart det utnemnt ein vegplankomité, som i 1985 la fram innstillinga «Transportplan Mo». Rapporten foreslo å legge vegen utanfor Gruben sentrum, og legge ein ny vegtrasé frå Tverrånes til øvre Gruben. Det vart òg foreslått ei rundkøyring ved Tverrånes, der vegen skulle møte E6. Ein ny bru («sagbrua») over Tverråga vart bygd i løpet av åra 1991 og 1992, og den nye vegtraséen vart opna den 10. november 1995.

Umskartunnelen (2006)[endre | endre wikiteksten]

Den 31. oktober 2006 vart tunnelen gjennom Umskaret opna, og erstatta dermed ei vegstrekning over eit vêrutsett fjellparti. Samstundes vart E12 utbetra på begge sider av fjellovergangen, frå Raudvatnet i vest til Riksgrensa i aust. Ei rekke fjell-nabbar, som medførte uoversiktlege situasjonar i svingar, vart fjernet på vestsida. Langs Umbukta, aust for Umskaret, vart svingar erstatta av rette vegstrekningar.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Rana

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]