European Northern Observatory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

European Northern Observatory er eit samleomgrep på mange teleskopLa Palma og TenerifeKanariøyane. Observasjonstilhøva her er særs gode. Vertsinstitusjon er Instituto Astrofísica Canarias på Tenerife. Dei største teleskopa ligg på kring 2400 moh. på fjelltoppen Los Muchachos på La Palma. Teleskopet MAGIC har ein spegeldiameter på 17 meter og vert nytta til å finne ekstremt energirik gammastråling (> 10 GeV) frå supernovaer og galaksekjerner. Gran Telescopio Canarias er det største optiske teleskopet med ein spegeldiameter på 10 m. Det svenske solteleskopet (1 meter) er verdsleiande og gjev ei soloppløysing på kring 0,04 bogesekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aksnes, Kaare (14. mai 2009), «European Northern Observatory», Store norske leksikon, henta 17. juli 2016