Europeisk Nederland
Utsjånad
Europeisk Nederland[1] (nederlandsk Europees Nederland) eller Den europeiske delen av Nederland[2] er ei nemning på den delen av landet Nederland som ligg i Europa. Nemninga vert nytta for å skilje den europeiske delen frå øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba, ofte kalla Karibisk Nederland, som etter oppløysinga av Dei nederlandske Antillane er nederlandske kommunar med særstatus.
Det er ikkje berre geografiske grunnar til at namninga vert nytta, men òg fordi Karibisk Nederland har eit relatert, men eige rettssystem. Likevel dekkjer Europeisk Nederland om lag 99 % av det totale landarealet og har historisk sett vore den delen av landet som vert referert som Nederland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «European Netherlands» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2012.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sabanews: Poverty in the European Netherlands is increasing, arkivert frå originalen 26. april 2012, henta 27. juli 2012
- ↑ Verdragenbank: Convention extending the competence of authorities empowered to receive declarations acknowledging natural children