Europeisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Physical Map of Europe.jpg
Europe topography map en.png

Europa vert rekna som eit av sju kontinent, men fysisk er verdsdelen den nordvestlege halvøya av den større landmassen kalla Eurasia (eller Afrika-Eurasia). Asia utgjer den austlege delen av denne samanhengande landmassen (om ein ser bort frå Suezkanalen som deler Asia og Afrika), og alle deler den same kontinentalsokkelen. Uralfjella i Russland utgjer den austlege grensa mellom Europa og Asia. Den søraustlege grensa er derimot ikkje fastsett. Ofte vert elvane Ural eller Emba rekna som mogelege grenser. Grensa held fram mot Kaspihavet, og så vidare over Kaukasus (her er det òg uklart kor grensa går) og Bosporus, Marmarahavet og Dardanellane. Mange geografar reknar derimot dei sørlege grensene til Aserbajdsjan og Armenia mot Iran, og Tyrkia si sørlege grense mot Syria, Irak og Iran som grensa mellom Asia og Europa på grunn av politiske og kulturelle årsaker. Middelhavet skil Europa frå Afrika. I vest grensar Europa mot Atlanterhavet. Island, som ligg nærmare Grønland (Nord-Amerika) enn det europeiske fastlandet, vert rekna som ein del av Europa.

Det er ikkje alle som reknar Europa som eit kontient, fordi det ikkje er omgjeve av hav, og er meir kulturelt enn geografisk definert.

Dei to største landområda i Europa er «det europeiske fastlandet» og Skandinavia i nord, som er skild frå kvarandre av Austersjøen. Tre store halvøyar, den iberiske, den italienske og Balkan strekkjer seg sørover frå fastlandet og ut i Middelhavet.

Topografien i Europa er svært variert, ofte innanfor små område. I hovudsak er dei sørlege områda fjellkledde, medan området nordover frå Alpane, Pyreneane og Karpatane gradvis går over i åslendt landskap og store låge sletter, som er vidstrekte i aust. Dei nordlege delane av Europa består hovudsakleg av meir høgareliggande område igjen, som startar vest på Dei britiske øyane og held fram langs fjella og fjordane i Noreg. Innimellom finn ein fleire platå og elvedalar, som bryt med den grove topografiske inndelinga nemnd over.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Europeisk geologi.

Geologien i Europa er svært variert og komplisert, og gjev opphav til svært mange forskjellige landskap over kontinentet, frå Dei skotske høglanda til dei bølgjande slettene i Ungarn

Elvar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Elvar i Europa.
Viktige elvar i Europa
Nr. Elv Lengd Land
1. Volga 3 690 km Russland
2. Donau 2 860 km Tyskland, Austerrike, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania, Moldova, Ukraina
3. Ural 2 428 km Russland, Kasakhstan
4. Dnepr 2 290 km Russland, Kviterussland, Ukraina
5. Don 1 950 km Russland
6. Petsjora 1 809 km Russland
7. Kama 1 805 km Russland
8. Oka 1 500 km Russland
9. Belaja 1 430 km Russland
10. Dnestr 1 352 km Ukraina, Moldova
11. Rhinen 1 320 km Sveits, Liechtenstein, Austerrike, Tyskland, Frankrike, Luxembourg, Nederland
12. Elbe 1 165 km Tsjekkia, Tyskland
13. Vistula 1 047 km Polen, Ukraina, Kviterussland, Slovakia
14. Tagus 1 038 km Spania, Portugal
15. Loire 1 012 km Frankrike
16. Ebro 960 km Spania
17. Sava 933 km Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia
18. Seinen 776 km Frankrike
19. Po 652 km Italia, Sveits, Frankrike

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Innsjøar i Europa.

Store øyar[endre | endre wikiteksten]

Island, Færøyane, Storbritannia, Irland, Isle of Man, Rockall, resten av Dei britiske øyane, delar av Asorane, Madeira, Balearane, Korsika, Sardinia, Sicilia, Malta, Dei joniske øyane, Kreta, Dei egeiske øyane, Åland, Gotland, Saaremaa, Hiiumaa, Jan Mayen, Kanariøyane og Svalbard.

Sletter og lågland[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeder[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fjellkjeder i Europa.

Temperatur og nedbør[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Klima i Europa.

Dei høge fjellområda i Europa har lågare temperatur og meir nedbør enn dei lågareliggande områda. Europa har mindre nedbør i aust enn i sentrale og vestlege delar av Europa. Temperaturskilnaden mellom sommar og vinter aukar gradvis frå kystområda i vest til det søraustlege innlandet i Europa. Irland har ein temperaturskilnad på om lag 15 grader mellom vinter og sommar, medan områda nord for Kaspihavet har temperaturskilnadar på 70 grader.

Land utan kyst[endre | endre wikiteksten]

Øystatar[endre | endre wikiteksten]

Land som ligg i både Europa og Asia[endre | endre wikiteksten]

Land der hovudstaden har landet sitt namn[endre | endre wikiteksten]

Land der hovudstaden ikkje er den største byen[endre | endre wikiteksten]

Liste over land etter talet land dei grensar til[endre | endre wikiteksten]

Geografi etter land[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]