Europeisk kolonisering av Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amerika 1750.

Starten av den europeiske koloniseringa av Amerika vert ofte datert til 1492, sjølv om det var minst eitt tidlegare forsøk på kolonisering. Dei første kjende europearane som nådde Amerika var vikingane på 1000-talet, som oppretta fleire koloniarGrønland og ein kortvarig busetnad i L'Anse aux Meadows (51°N) i eit område dei kalla Vinland, på dagens Newfoundland. Busetnadane på Grønland varte i fleire hundreår, ein periode der europearane og inuittane stort sett berre hadde fiendtleg kontakt. Mot slutten av 1400-talet hadde den norrøne busetnaden på Grønland kollapsa.[1]

I 1492 segla ein spansk ekspedisjon leia av Kristoffer Columbus til Amerika og introduserte den nye verda for den vestlege verda på den tida. Etter dette følgde europeisk erobring, utnytting og kolonisering raskt etter og vart utvida. Dette skjedde først langs kysten av Karibia på øyane Hispaniola, Puerto Rico og Cuba, og sidan tidleg på 1500-talet i det indre av både Nord- og Sør-Amerika. I 1497 segla John Cabot frå nord og gjekk i land på kysten av Nord-Amerika, og eit år seinare nådde den tredje reisa til Columbus kysten av Sør-Amerika. Etter kvart kom heile den vestlege halvkula under europeisk kontroll, noko som førte til endringar i landskapet, folkesetnaden, samt plante- og dyrelivet. Berre på 1800-talet forlet 50 millionar folk Europa for å reise til Amerika.[2]

Tidleg statssponsa kolonistar[endre | endre wikiteksten]

Den første fasen av moderne europeisk aktivitet i regionen starta med Christofer Columbus sine kryssingar av havet (14921500), sponsa av Spania som hadde som opphavleg mål å finne ei ny rute til India og Kina. Desse vart følgt av andre utforskarar som John Cabot, sponsa av England, som kom på leiting etter rikdomane som spanjolane hadde funne. Andre busetjarar inkluderte Giovanni da Verrazano, sponsa av Frankrike, og ifølgje nokre den tyske Didrik Pining og, den kanskje mytiske, polakken John av Kolno 1473, sponsa av Danmark.

Inspirert av erobringa av aztekarane, inkaene og andre store innfødde amerikanske folkesetnader på 1500-talet, forventa dei første engelskmennene det same då dei først etablerte ei busetjing i Jamestown i Virginia. Hovedmålet til denne kolonien var håpet om å finne gull eller høvet for å finne ein passasje gjennom Amerika til India. Det tok ein sterk leiar som John Smith til å overtyde kolonistane i Jamestown om at å leite etter gull ikkje var på ta vare på dei umiddelbare behova sine og at «han som ikkje arbeider skal ikkje ete.»

Andre tidlege oppdagarar som Francis Drake kom til Amerika for å plyndre rikdomen til dei spanske busetjarane. Til saman var der eit sterkt drag på byrjinga av kolonitida for å kome til Amerika for dei moglege imperielle rikdomane som var der, men sanninga var at desse rikdomane var sparsame. Der var ikkje noko spesielt som dreiv desse kolonistane vekk frå England, berre eit overveldande høve for ekstrem rikdom. Sjølv om desse rikdomsbyggande forsøka slo feil, vart dei første permanente europeiske busetjingane i dagens USA etablert.

Desse krysingane av havet vart følgt, særleg av Spania, av ein fase med erobringar. Spanjolane hadde akkurat fullført ein krig mot muslimarden iberiske halvøya. Dei erstatta dei amerikanske lokale stammene og innførde ein ny religion, kristendommen. Europeiske sjukdomar og omsynslause arbeidssystem desimerte den amerikanske folkesetnaden. Afrikanske slavar vart introdusert for å erstatte amerikanarane. På den andre side innførde ikkje spanjolane språket sitt i same grad og den katolske kyrkja evangeliserte i quechua, nahuatl og guaraní, noko som medverka til utviding av desse amerikanske språka og utrusta dei med skriftssystem. Ein av dei første skulane for amerikanarar vart grunnlagt av Fray Pedro de Gante i 1523.

Portugisarar gjekk over frå ein innleiande plan om å etablere handelsstasjonar til utbreidd kolonisering av det som i dag er Brasil.

Religiøse immigrantar[endre | endre wikiteksten]

Andre grupper av kolonistar kom til Amerika i leting etter ein stad å praktisere ein religion utan forfølging eller ein tilfluktsstad for å byrje ein ny og heilagare busetjing der komplett teologisk semje kunne eksistere.

Etter den protestantiske reformasjonen på 1500-talet og den nye radikale doktrinen til kalvinismen, byrja nokre europeere å avvike frå dei ortodokse skikkane deira. Mange fleire kyrkjer og retningar vart danna, noko som førde til større usemje og spenning mellom europearar generelt. Alvorlege forfølgingar skjedde i nokre område, som dei protestantiske troppane til Elizabeth i det katolske Irland, men det var ofte mindre drastiske omstende som skauv nokre menneske frå Europa. Fridomen i landområde det ikkje var gjort krav på var attraktive for dei som ynskte å sleppe unna forfølgingar, og med hjelp av ein kontrakt, hadde grupper då ein rett til landet og ein rett til å leve på ein måte dei tenkte var best. Nokre koloniar vart danna som hamner for spesifikke religiøse grupper, medan andre tilbaud tilflukt til alle grupper som ynskte å tilbe, trådde og leve på deira eige vis.

Andre busetjingar, som Pennsylvania, vart danna for å garantere sikre hamner for spesielle grupper (kvekarane), men vart opna opp for andre retningar med komplett religionsfridom. Historiene til desse vellykka overskygde forteljingane om amerikansk forfølging (som Anne Hutchinson-tilfellet) og trekte lidande folk bort frå den gamle verda.

Økonomiske immigrantar[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei andre immigrantane til dei amerikanske koloniane kom av grunnar som var økonomiske. Frå byrjinga av dei engelske busetjingane fram til 1680-åra, var hovudkjelda av arbeidarar og ein stor del av immigrantane kontraktsfesta tenarar som ynskte eit nytt liv i dei oversjøiske koloniane. Til dømes utgjorde dei kontraktsfesta tenarane på 1600-talet tre fjerdedelar av alle engelske immigrantar til Chesapeake-regionen. Dei fleste av tenarane var opphavleg engelske bønder som vart støytt vekk frå jordområda sine på grunn av utviding av dyrehald og overfolking på landet. Denne uheldige vendinga av hendingar tente til å presse hundretusenvis av menneske (mest einslege menn) vekk frå situasjonen deira i England. Men der var voner, sidan amerikanske landeigarar trong arbeidarar og var villig til å betale for overfarten til Amerika dersom dei tente for dei i fleire år. Denne planen trekte til seg mange einslege forflytta bønder som leitte etter eit høve for eit nytt liv og etterkvart skaffe seg eigedom i eit land der det var nok. Men livet var hardt for desse tenarane som såg ledig land bli ete opp av andre, tida gjekk veldig sakte og arbeidet vart hardare. I tillegg kunne ikkje dei mange einslege mennene finne nok ledige kvinner til å starte ein familie. Sjølv om livet var vanskeleg for desse kontraktsfesta tenarane, la dei til ei stor mengd til den nasjonale folkesetnaden og byrja å avansere på den sosiale rangstigen.

I dei britiske og franske regionane forandra snart fokuset seg frå ressurssanking til handel med dei innfødde. Dette vart òg praktisert av russarane på den nordvestlege kysten av Nord-Amerika. Etter den franske og indianske krigen, erobra Storbritannia alle franske landområde i Nord-Amerika.

Tvinga immigrasjon[endre | endre wikiteksten]

Slaveri under europeisk styre byrja med immigrasjonen av kvite europeiske slavar (eller kontraktfesta tenarar), følgt av at dei innfødde i Karibia vart gjort til slavar. Sidan den innfødde folkesetnaden gjekk ned gjennom sjukdom, vart dei erstatta av afrikanarar importert gjennom systematisk slavehandel. Innan 1700-talet var det store mengder svarte slavar slik at kvit og innfødt amerikansk slaveri var mindre vanleg. I tilfellet med dei afrikanarane som vart teke ombord i slaveskipa, vart dei både skove frå afrikansk fastland av kyststammer som fanga dei og trekt til Amerika gjennom slavehandlarar som betalte for dei med rom. Svarte slavar fortsette å strøyme inn i hamnene til Charleston i South Carolina og Newport i Rhode Island ei stund etter den amerikanske revolusjonen og talte 400 000 totalt.


Europeiske koloniar i Amerika[endre | endre wikiteksten]

Britiske
Kurland
Dansk
Nederlandsk
Fransk
Portugisisk
Russisk
Spansk
Svensk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kirsten Seaver,The Frozen Echo: Greenland and the Exploration of North America, C.A.D.1000-1500, chapter Nine, Greenland 1450-1500, ISBN 978-0804731614
  2. David Eltis Economic Growth and the Ending of the Transatlantic slave trade