Eurovision: Europe Shine a Light

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eurovision: Europe Shine a Light var eit direktesendt underhaldingsprogram som vart sendt frå Hilversum i Nederland laurdag 16. mai 2020. Programmet erstatta Eurovision Song Contest 2020 som vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa 2020. Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) stod bak sendinga, medan dei nederlandske kringkastarane AVROTROS, NOS og NPO produserte henne.

Spesialprogrammet var inga tevling, men hylla i staden artistane som skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020. Programmet vart sendt direkte frå studio i Hilversum klokka 21.00 CET og varte i 1 time og 59 minutt.[1][2][3] Programleiarar var Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit, som òg skulle ha leia Eurovision Song Contest 2020.[4] Programmet vart sett av over 70 millionar sjåarar over heile Europa og i Australia.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Land i grønt skulle ha delteke i 2020, og sende òg Eurovision: Europe Shine a Light. Land i blått skulle ikkje delteke i 2020, men sende likevel programmet. Land i gult har delteke i Eurovision Song Contest tidlegare, men skulle ikkje delteke i 2020 og sende heller ikkje Eurovision: Europe Shine a Light.

Etter at nederlandske Duncan Laurence vann Eurovision Song Contest 2019 med «Arcade», skulle Nederland vere vertskap for Eurovision Song Contest 2020. Dette ville ha vore femte gongen Nederland arrangerte tevlinga, etter tidlegare å ha arrangert i 1958, 1970, 1976 og 1980.[6]

Eurovision Song Contest 2020 skulle ha hatt to semifinalar tysdag 12. mai og torsdag 14. mai. Finalen skulle ha vore halden laurdag 16. mai. Alle sendingane skulle ha gått direkte frå Rotterdam Ahoy i Rotterdam, den nest største byen i Nederland. Kringkastingsselskapa AVROTROS og NOS, i samarbeid med den nederlandske kringkastingsorganisasjonen NPO, stod bak arrangementet.[7] Chantal Janzen, Edsilia Rombley og Jan Smit var valde til programleiarar.[8]

I februar–mars 2020 byrja koronaviruset SARS-CoV-2 å spreie seg for fullt i Europa.[9][10] For å stoppe spreiinga av viruset og den medfølgjande infeksjonssjukdomen covid-19, innførte dei fleste europeiske land strenge restriksjonar på daglegliv, reise, folkesamlingar, idretts- og kulturarrangement. 18. mars vedtok EBU å avlysa Eurovision Song Contest for å unngå ytterlegare spreiing av viruset. Dette var fyrste gongen i historia til Eurovision Song Contest at ei utgåve vart avlyst.[11][12]

Eit par veker etter avlysinga kunngjorde EBU at dei skulle arrangere eit direktesendt underhaldingsprogram som erstatning for den avlyste tevlinga. Programmet fekk namnet Eurovision: Europe Shine a Light, eit namn som spelar på europeisk samhøyrsle og på vinnarsongen frå 1997, «Love Shine a Light» med Katrina and the Waves.[2]

Dette var fjerde gongen at EBU arrangerte eit spesialprogram innan Eurovision Song Contest; tidlegare hadde det vore tre show i høve 25-årsjubileet, 50-årsjubileet og 60-årsjubileet til tevlinga.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Spesialprogrammet vart sendt direkte frå studio 21 i Media Park i Hilversum utanfor Amsterdam.[1][13] Sendinga starta 21.00 CET og varte i rundt to timar.[1][2]

I motsetnad til Eurovision Song Contest, var programmet inga tevling. I staden gjorde programmet stas på artistane og dei 41 songane som skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020. Fleire tidlegare deltakarar framførte òg «Love Shine a Light» frå sine respektive heimland.[14] Eurovision-fans song «What's Another Year» saman med Johnny Logan, som vann Eurovision Song Contest 1980 i Haag.[15][16] Songen er spesiell på fleire måtar: 1980 var førre gongen Nederland arrangerte ein Eurovision Song Contest-finale, og i tillegg spelar tittelen på at tevlinga kjem attende igjen i 2021 – altså «kva er vel eit år?».

Framsyningar[endre | endre wikiteksten]

Under sendinga opptredde tidlegare Eurovision-deltakarar med følgjande songar:[3][17][18]

Studio 21 i Hilversum, vertsarena for spesialprogrammet.
Nr. Land Artist Song
1  Det irske flagget Irland Johnny Logan «What's Another Year»
2 Flagget til Sverige Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes»
3  Flagget til Israel Israel Gali Atari (frå Milk and Honey) «Hallelujah»
 Det nederlandske flagget Nederland Tidlegare Junior Eurovision Song Contest-deltakarar
4  Flagget til Italia Italia Diodato «Nel blu dipinto di blu»
5  Flagget til Serbia Serbia Marija Šerifović «Molitva»
6  Det nederlandske flagget Nederland Rotterdam filharmoniske orkester «Love Shine a Light»

(instrumental)

7  Flagget til Tyskland Tyskland Michael Schulte «Ein bißchen Frieden»
 Det nederlandske flagget Nederland Ilse DeLange (frå The Common Linnets)
8  Flagget til Israel Israel Netta «Cuckoo»
9  Det nederlandske flagget Nederland Duncan Laurence «Someone Else»
10 Alle landa Alle deltakarar i Eurovision 2020 (unntatt Hooverphonic) «Love Shine a Light»
Katrina Leskanich

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Kjende landemerke rundt om i Europa og Australia vart lyste opp under segmentet Europe Shine a Landmark[2][19].

Land Landmark By
Flag of Austria.svg Austerrike Riesenrad Wien
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Atomium Brussel
Flag of Cyprus.svg Kypros Presidentpalasset Nikosia
Flag of France.svg Frankrike Eiffeltårnet Paris
Flag of Germany.svg Tyskland Elbphilharmonie Hamburg
Flag of Greece.svg Hellas Akropolis Athen
Flag of Italy.svg Italia Arena di Verona Verona
Flag of Lithuania.svg Litauen Litauens nasjonale opera og balletteater Vilnius
Flag of Albania.svg Albania Skanderbegmonumentet Tirana
Flag of Armenia.svg Armenia Fjernsynstårnet i Jerevan Jerevan
Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Bakı Kristal Zalı Baku
Flag of Australia.svg Australia Operahuset i Sydney Sydney
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Bulgarias nasjonalteater Sofia
Flag of Denmark.svg Danmark Den lille havfrue København
Flag of Estonia.svg Estland Tallinns sangfestivalområde Tallinn
Flag of Georgia.svg Georgia Fredsbroen Tbilisi
Flag of Ireland.svg Irland Cashel kirkeruin Cashel
Flag of Iceland.svg Island Harpa Reykjavík
Flag of Israel.svg Israel Gamlebyen i Jerusalem Jerusalem
Flag of Croatia.svg Kroatia Kroatias nasjonalteater Zagreb
Flag of Belarus.svg Kviterussland Kviterusslands nasjonalbibliotek Minsk
Flag of Latvia.svg Latvia Latvias nasjonalbibliotek Riga
Flag of Malta.svg Malta Esplora interaktive forskningssenter Kalkara
Flag of the Netherlands.svg Nederland Erasmusbrug Rotterdam
Flag of Macedonia.svg Nord-Makedonia Nord-Makedonias arkeologiske museum Skopje
Flag of Norway.svg Noreg Operahuset i Oslo Oslo
Flag of Portugal.svg Portugal Belémtårnet Lisboa
Flag of Romania.svg Romania Piața Unirii București
Flag of Russia.svg Russland Vasilijkatedralen og Spasskajatårnet Moskva
Flag of San Marino.svg San Marino Palazzo Pubblico San Marino
Flag of Serbia.svg Serbia Stari dvor Beograd
Flag of Slovenia.svg Slovenia Ljubljana slott Ljubljana
Flag of Spain.svg Spania Teatro Real Madrid
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia London Eye London
Flag of Switzerland.svg Sveits Matterhorn Valais
Flag of Sweden.svg Sverige Globen Stockholm
Flag of Ukraine.svg Ukraina Kyivs fjernsynssenter Kyiv

Dei einaste landa som ikkje hadde eit landemerke med, var Finland, Moldova og Tsjekkia.

Kringkastarar og kommentatorar[endre | endre wikiteksten]

Programmet vart overført av allmennkringkastarar over heile Europa og i Australia. 46 kringkastarar frå 45 land overførte sendinga. Sendinga vart sett av over 70 millionar menneske.[5][20]

Land Kringkastar Kanal Kommentator
Flag of Austria.svg Austerrike ORF ORF 1 Andi Knoll
Flag of Albania.svg Albania RTSH RTSH1 Andri Xhahu
Flag of Armenia.svg Armenia ARMTV Armenia 1 David Tserunyan og Emma Hakobyan
Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan İctimai Televiziya İTV Murad Arif
Flag of Australia.svg Australia SBS SBS Joel Creasey og Myf Warhurst
Flag of Belgium (civil).svg Belgia VRT Eén Peter Van de Veire[21]
RTBF La Une Maureen Louys, Jean-Louis Lahaye[22]
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria BNT BNT 1, BNT 4 Elena Rosberg og Petko Kralev
Flag of Denmark.svg Danmark DR DR1[23] Ole Tøpholm
Flag of Estonia.svg Estland ERR ETV[24] Marko Reikop (estisk), Julija Kalenda og Aleksandr Khobotov (russisk)
Flag of Finland.svg Finland Yle Yle TV2[25] Mikko Silvennoinen og Krista Siegfrids (finsk), Eva Frantz og Johan Lindroos (svensk)
Flag of France.svg Frankrike France Télévisions France 2[26] Stéphane Bern
Flag of Georgia.svg Georgia GPB 1TV Demetre Ergemlidze
Flag of Greece.svg Hellas ERT ERT1 Maria Kozakou
Flag of Ireland.svg Irland RTÉ RTÉ One Marty Whelan
Flag of Iceland.svg Island RÚV RÚV Felix Bergsson
Flag of Israel.svg Israel Kan Kan 11 Ingen kommentator
Flag of Italy.svg Italia Rai Rai 1 Flavio Insinna, Federico Russo[27]
Rai 4, Rai Radio 2 Gino Castaldo, Ema Stokholma[27]
Flag of Croatia.svg Kroatia HRT HRT 1 Duško Čurlić
Flag of Belarus.svg Kviterussland BTRK Belarus 1[28] Jawhen Perlin
Flag of Cyprus.svg Kypros RIK RIK 1, RIK SAT Andreas Iakovidis
Flag of Latvia.svg Latvia LTV LTV1 Toms Grēviņš
Flag of Lithuania.svg Litauen LRT LRT televizija Ramūnas Zilnys
Flag of Malta.svg Malta PBS TVM Ingen kommentator
Flag of Moldova.svg Moldova TRM Moldova 1 Daniela Crudu
Flag of the Netherlands.svg Nederland AVROTROS NPO 1 Cornald Maas[29]
Flag of Macedonia.svg Nord-Makedonia MRT MRT 1 Aleksandra Jovanovska
Flag of Norway.svg Noreg NRK NRK1 Ingen kommentator
Flag of Poland.svg Polen TVP TVP1, TVP Polonia[30] Artur Orzech
Flag of Portugal.svg Portugal RTP RTP1, RTPi[31] Nuno Galopim
Flag of Romania.svg Romania TVR TVR1 Bogdan Stănescu
Flag of Russia.svg Russland Pervyj kanal Pervyj kanal Jurij Aksiuta og Jana Tsjurikova
Flag of San Marino.svg San Marino SMRTV Rtv San Marino Flavio Insinna og Federico Russo
Flag of Serbia.svg Serbia RTS RTS 1, RTS Vet Duška Vučinić
Flag of Slovenia.svg Slovenia RTVSLO TV Slovenija 1 Andrej Hofer
Flag of Spain.svg Spania TVE La 1, TVEi[32] Tony Aguilar og Eva Mora
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia BBC BBC One Graham Norton[33]
Flag of Switzerland.svg Sveits SRG SSR SRF 1 Sven Epiney
RTS 1 Yoann Provenzano og Jean-Marc Richard
RSI La 2 Clarissa Tami og Sebalter
Flag of Sweden.svg Sverige SVT SVT1, SVT Play[34] Ingen kommentator
Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia ČT ČT art[35] Jan Maxián
Flag of Germany.svg Tyskland ARD/NDR Das Erste Peter Urban og Michael Schulte
Flag of Ukraine.svg Ukraina UA:PBC UA:Persjyj Timur Mirosjnytsjenko
STB STB Oleksandra Franko og Les Myrnyi

Følgjande land skulle ikkje delteke i Eurovision Song Contest 2020, men overførte Europe Shine a Light:[20]

Land Kringkastar Kanal Kommentator
 Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina BHRT BHT 1 Maja Miralem
 Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan Khabar Agency Khabar TV Nursultan Qurman og Mahabbat Esen
 Flag of Kosovo.svg Kosovo RTK RTK 1
 Flag of Montenegro.svg Montenegro RTCG RTCG 1, Radio 98

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Granger, Anthony (1. april 2020). «Eurovision: Europe Shine a Light To Be Broadcast Live From Hilversum» (engelsk). Henta 4. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Eurovision: Europe Shine A Light will bring audiences together on 16 May». 31. mars 2020. Henta 4. april 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Eurovision: Europe Shine A Light – Live Stream». EBU/YouTube. 16. mai 2020. Henta 17. mai 2020. 
  4. «European Broadcasting Union Announces 'Eurovision: Europe Shine a Light'» (engelsk). 31. mars 2020. Henta 4. april 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Eurovision: Europe Shine A Light reaches over 70 million viewers». 26. mai 2020. Henta 8. juni 2020. 
  6. «Eurovision Song Contest – The Hague 1980». EBU. Henta 22. mai 2019. 
  7. «Eurovision 2020 to be a co-production between Avrotros, NPO and NOS». ESCXTRA.com (engelsk). 19. mai 2019. Besøkt 19. mai 2019. 
  8. «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. 4. desember 2019. Henta 4. desember 2019. 
  9. Braseth, Sofie (6. mars 2020). «Italia: Voldsom økning i dødsfall» (på norsk). Henta 7. mars 2020. 
  10. Dorholt, Ingunn (11. mars 2020). «WHO: Coronautbruddet er en pandemi» (på norsk). Henta 13. mars 2020. 
  11. «Eurovision 2020 in Rotterdam is cancelled». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  12. «Official EBU statement & FAQ on Eurovision 2020». eurovision.tv. 18. mars 2020. Henta 18. mars 2020. 
  13. «Alternatieve Songfestival live vanuit Studio 21 in Hilversum». Spreekbuis.nl. 1. april 2020. Henta 4. april 2020. 
  14. «2020 Acts To Sing "Love Shine A Light" At Eurovision: Europe Shine A Light» (på engelsk). 7. april 2020. Henta 17. april 2020. 
  15. «Oproep: Eurovision sing-a-long met Johnny Logan's 'What's Another Year' | Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). Henta 17. april 2020. 
  16. «What to expect for Eurovision: Europe Shine A Light». 15. mai 2020. Henta 16. mai 2020. 
  17. https://escxtra.com/2020/05/06/guests-europe-shine-a-light/
  18. «Eurovision: Europe Shine A Light». 9. april 2020. Henta 16. mai 2020. 
  19. Granger, Anthony (26. april 2020). «Landmarks To Be Illuminated For Eurovision: Europe Shine a Light» (engelsk). Henta 26. april 2020. 
  20. 20,0 20,1 «Here's where to watch Eurovision: Europe Shine A Light». Eurovision.tv. 16. april 2020. Henta 17. april 2020. 
  21. Boon, Katrien (3. april 2020). «Blokken-kandidaten spelen vanuit "hun kot": Eén past programmatie aan door corona» (nederlandsk). Henta 3. april 2020. 
  22. «La RTBF diffusera aussi «Eurovision : Europe Shine A Light» le 16 mai» (på fransk). 16. april 2020. Henta 17. april 2020. 
  23. «Først blev Eurovision aflyst. Nu kommer der alligevel et show» (dansk). 3. april 2020. Henta 3. april 2020. 
  24. Maripuu, Victoria (2. april 2020). «Eurovisiooni finaali asendav erisaade jõuab ka ETV ekraanile» (estisk). Henta 2. april 2020. 
  25. «Euroviisuille korvaava tv-show – myös muuta viisusisältöä luvassa pitkin kevättä» (finsk). 1. april 2020. Henta 1. april 2020. 
  26. Granger, Anthony (1. april 2020). «France: France Télévisions Confirms Eurovision: Europe Shine A Light Broadcast» (engelsk). Henta 1. april 2020. 
  27. 27,0 27,1 eurofestival (10. april 2020). «Eurovision, Europe Shine a Light: il 16 maggio alle 20.35 su Rai1, Radio2 e RaiPlay» (på italiensk). Henta 14. april 2020. 
  28. Granger, Anthony (13. april 2020). «Belarus: BTRC Confirms Eurovision: Europe Shine a Light Broadcast» (på engelsk). Henta 14. april 2020. 
  29. Tomas, Irma (1. april 2020). «AVROTROS presenteert compleet Songfestivalprogramma in mei» (nederlandsk). Henta 1. april 2020. 
  30. Granger, Anthony (15. april 2020). «Poland: TVP Confirms Broadcast of Eurovision: Europe Shine a Light» (på engelsk). Henta 17. april 2020. 
  31. «Filomena Cautela confirma Eurovision: Europe Shine a Light na RTP» (på portugisisk). 9. april 2020. Henta 14. april 2020. 
  32. «Blas Cantó participará en el homenaje a Eurovisión 2020: "Eurovisión: Europa Shine a Light"» (spansk). 1. april 2020. Henta 1. april 2020. 
  33. «BBC One - Eurovision Song Contest, 2020, Europe Shine a Light» (på engelsk). Henta 16. mai 2020. 
  34. Dahlander, Gustav (3. april 2020). «Klart för Eurovision-vecka i SVT» (svensk). SVT. Henta 3. april 2020. 
  35. «Eurovision: Europe Shine A Light na ČT art» (tsjekkisk). 3. april 2020. Henta 3. april 2020.