Eurovision Song Contest 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 1956
ESC 1956 logo.svg
Offisiell tittel
1. Gran Premio Eurovisione della Canzone Europea
Dato
Finalen 24. mai 1956
Vertskap
Stad
Teatro Kursaal i Lugano i Sveits
Programleiar(ar)
Lohengrin Filipello
Dirigent
Fernando Paggi
Kringkastar(ar)
Radiotelevisione svizzera di lingua italiana
Varigskap
Finalen 1 time og 40 minutt
Opningsnummer
Pausenummer
Finalen Les Joyeux Rossignols og Les Trois Ménestrels
Bidrag
Røystesystem
Kvart land hadde 2 jurymedlemmar, unntaken Luxembourg som lét den sveitsiske juryen røyste for seg. Dei gav 1-10 poeng til kvart bidrag
Antal bidrag
7 land. 2 songar kvar
Debuterte
Belgia
Frankrike
Vest-Tyskland
Luxembourg
Nederland
Italia
Sveits
Kart
Belgia Eurovision Song Contest 1956Frankrike i Eurovision Song Contest 1956Italia Eurovision Song Contest 1956Luxembourg i Eurovision Song Contest 1956Nederland i Eurovision Song Contest 1956Sveits Eurovision Song Contest 1956Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1956frameless}}
Om dette bilete

██ Deltok██ Aldri delteke
Røysting
Vinnar
Sveits med «Refrain» av Lys Assia
Eurovision Song Contest
Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Frankfurt am Main 1957

Eurovision Song Contest 1956 (ESC 1956), offisielt 1. Gran Premio Eurovisione della Canzone Europea, var den fyrste gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Teatro Kursaal i Lugano i Sveits. Finalen fann stad torsdag 24. mai 1956. Sveits vann tevlinga med songen «Refrain», framførd av Lys Assia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På eit møte med Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) i Monaco i 1955 kom det oppe ein ide om å arrangere ein europeisk musikktevling basert på den italienske festivalen Festival della Canzone Italiana di Sanremo.

Den sveitsiske byen Lugano vart valt som vertsby for arrangementet som vart arrangert eitt år seinare. Lohengrin Filipello var programleiar for tevlinga som varte i éin time og 40 minutt. Dei sju deltakarlande deltok med to songar kvar. Pausenummeret vart forlengja under tevlinga på grunn av forsinkingar med røystinga.

Vinnaren vart kåra av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltagerlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Jurymedlemmane stod fritt til å røyste på dei songane dei likte best, òg songar frå sitt eige land. Røystegjevinga til juryen vart aldri presentert i programmet; ein talsmann kunngjorde ganske enkelt at Sveits hadde vunne. Dette var fyrst og fremst ein radiotevling. Sjølv om det fanst fjernsynskamera i studioet, finst det ikkje lenger nokon fjernsynsopptak av tevlinga, berre radioopptak.

Berre enkeltartistar fekk delteke i tevlinga, ikkje duoar eller grupper. Danmark, Storbritannia og Austerrike meldte seg på etter at tidsfrista var gått ut og vart dimed diskvalifisert. Bidraga frå Frankrike og Belgia vart ikkje spelt inn av artistane som song songane i Eurovision Song Contest.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal i Lugano. Sveits vann tevlinga for fyrste gong. Kvart land deltok med to songar kvar, det var fyrste og siste gongen det vart gjort slik. Under vinnarframføringa av songen «Refrain» gløymte Lys Assia teksten, så ho og orkesteret måtte starte på nytt. Det er fyrste og siste gong i historia at det har hendt.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Nederland Jetty Paerl «De vogels van Holland» Nederlandsk N/A N/A
02 Sveits Lys Assia «Das alte Karussell» Tysk N/A N/A
03 Belgia Fud Leclerc «Messieurs les noyés de la Seine» Fransk N/A N/A
04 Vest-Tyskland Walter Andreas Schwarz «Im Wartesaal zum großen Glück» Tysk N/A N/A
05 Frankrike Mathé Altéry «Le temps perdu» Fransk N/A N/A
06 Luxembourg Michèle Arnaud «Ne crois pas» Fransk N/A N/A
07 Italia Franca Raimondi «Aprite le finestre» Italiensk N/A N/A
08 Nederland Corry Brokken «Voorgoed voorbij» Nederlandsk N/A N/A
09 Sveits Lys Assia «Refrain» Fransk N/A 01
10 Belgia Mony Marc «Le plus beau jour de ma vie» Fransk N/A N/A
11 Vest-Tyskland Freddy Quinn «So geht das jede Nacht» Tysk N/A N/A
12 Frankrike Dany Dauberson «Il est là» Fransk N/A N/A
13 Luxembourg Michèle Arnaud «Les amants de minuit» Fransk N/A N/A
14 Italia Tonina Torrielli «Amami se vuoi» Italiensk N/A N/A

Vinnarsongen heit opphavleg «Refrains», men den siste bokstaven vart fjerna frå tittelen før Eurovision Song Contest.

Kommentatorar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]