Eurovision Song Contest 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1960
Dato
Vertskap
Stad
Royal Festival Hall
Det britiske flagget London i Storbritannia
Programleiar(ar)
Katie Boyle
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Noreg
Attende
Luxembourg
Kart
Røysting
Vinnar
Frankrike med «Tom Pillibi» av Jacqueline Boyer
Eurovision Song Contest
1959 1961
██ Land som deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1960 var den femte utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga blei arrangert i Royal Festival Hall i London tysdag 29. mars 1960. BBC produserte sendinga etter at Nederland, som vann i 1959, takka nei til oppdraget. Katie Boyle var programleiar.

Luxembourg var tilbake etter fråværet året før, mens Noreg debuterte i tevlinga. Dimed steig deltakartalet frå elleve til tretten, noko som var ny rekord.

Frankrike vann Eurovision Song Contest for andre gong, denne gongen med låten «Tom Pillibi», sungen av Jacqueline Boyer. Vertslandet Storbritannia enda på andreplass for andre år på rad, Monaco blei nummer tre, mens Tyskland og Noreg delte fjerdeplassen. Noreg var representert av Nora Brockstedt og Georg Elgaaens «Voi Voi». Fjerdeplassen er per 2024 framleis blant dei beste resultata til Noreg i Eurovision Song Contest.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hovudsalen i Royal Festival Hall hadde i 1960 plass til nærmare 3000 publikummarar.

Som vinnar av tevlinga året før var det Nederland som skulle ha arrangert Eurovision Song Contest dette året, men Nederland sa frå seg arrangørjobben, sidan dei hadde vore vertsnasjon to år tidlegare. EBU tilbaud i staden arrangementet til sølvvinnaren frå året før, Storbritannia. BBC takka ja til oppdraget og la finalen til Royal Festival Hall i London tysdag 29. mars 1960.[1]

Royal Festival Hall ligg på South Bank ved breidda av Themsen, like ved Hungerford Bridge. Med rundt 2900 sitjeplassar var dette den største Eurovision-arenaen til då. Dette var også fyrste gongen Storbritannia arrangerte ein finale, og BBC har steppa inn som reserve-vert ytterlegare fire gongar siden: i 1963, 1972, 1974 og i 2023 på vegner av Ukraina. Tevlinga i 2023 var den niande som Storbritannia arrangerte, meir enn noko anna land.

Talet på deltakande land var rekordhøgt, med tretten land. Blant deltakarane var Noreg, som debuterte i Eurovision Song Contest – trass i at NRK Fjernsynet framleis ikkje hadde starta ordinære sendingar. Det skjedde fyrst fem månader seinare.[2] NRK overførte finalen frå London direkte i radio, og som prøvesending i fjernsynet. Erik Diesen var kommentator i begge medium.

Luxembourg vende tilbake etter eit års pause, og for fyrste gong med ein song på luxembourgsk. Songen kom på sisteplass, men artisten Camillo Felgen fekk seinare ein suksessrik karriere som programleiar i TV og radio.[1] Det same gjorde nederlandske Rudi Carrell, som blei nest sist. Det austerrikske bidraget «Du hast mich so fasziniert» var skrive av den då 80 år gamle operette-komponisten Robert Stolz, men songen enda berre på ein sjuandeplass.[1]

Format[endre | endre wikiteksten]

Salen inne i Royal Festival Hall i 2017.

Kvart deltakarland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilla med eit bidrag kvar, og dette skulle bli framført av ein solist eller ein duo. Det var med andre ord ikkje tillate med fleire enn to artistar på scena. Startrekkjefølgja blei avgjord ved loddtrekking som blei gjennomført av programleiar Katie Boyle dagen før finalen.[3] Musikalske og tekniske prøvar blei gjennomførte 28. og 29. mars, før direktesendinga om kvelden 29. mars.[4] Scena var designa av Richard Levin.[4]

Vinnaren blei kåret gjennom juryavrøysting. Som dei tre føregåande åra hadde kvart land ei jurygruppe med ti jurymedlemmar, der kvart jurymedlem gav eit poeng til sin favorittsong. Jurymedlemmane var nøydde til å røyste, og dei kunne ikkje røyste på sitt eige land.[1] Jurymedlemmane skulle vere lekfolk, og ikkje profesjonelle musikarar, utgjevarar eller komponistar. Nytt av året var at dei nasjonale jurygruppene fekk lytte til opptaket frå generalprøven på førehand før direktesendinga starta.[4][5]

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei arrangert tysdag 29. mars 1960 frå klokka 21.00–22.20 lokal tid (22.00–23.20 norsk tid).[4] Sendinga blei leia av den britiske TV-verten og skodespelaren Catherine «Katie» Boyle. Ho skulle seinare leie Eurovision Song Contest også i 1963, 1968 og 1974, og ho har rekorden som programleiar for flest finalar.[4][6]

Boyle ønskte sjåarar og publikummarar velkommen før kommentatorane frå dei ulike landa tok over. Kommentaren til BBC-kommentator David Jacobs blei overført til dei drygt 2500 publikummarane i salen.[4][5] Etter at dei tretten bidraga var framført, kom Katie Boyle tilbake på scena og sette straks i gong avrøystinga utan noko form for pausenummer.

Avrøystinga[endre | endre wikiteksten]

Jacqueline Boyer vann Eurovision Song Contest for Frankrike.

Som åra før hadde kvart land ei jurygruppe på ti medlemmar, der kvart medlem gav eit poeng til sin favorittsong. Juryen kunne ikkje røyste på bidraget frå sitt eige land. Landa røysta i motsett rekkefølgje av startrekkefølgja, slik ordninga var fram til 1963.

Avrøystinga blei raskt ein tett kamp mellom Frankrike og vertsnasjonen Storbritannia. Frå dei siste jurygruppene fekk Frankrike høge poeng og vann til slutt med 32 poeng. Dette var den andre sigeren til Frankrike i Eurovision Song Contest, og den andre andreplassen til Storbritannia. Monaco blei nummer tre, mens Noreg og Tyskland delte fjerdeplassen. Sverige og Danmark enda på delt tiandeplass. Dei norske poenga blei lesne opp av Kari Borg Mannsåker frå NRK Marienlyst i Oslo.

Det var opphavleg planlagt at dei tre beste songane skulle framføre på nytt etter avrøystinga, slik det blei gjort i 1959, men dette blei droppa av BBC, og berre vinnarsongen fekk opptre på nytt.[4] Vinnaren Jacqueline Boyer fekk overlevert ei vase i sølv av fjorårsvinnar Teddy Scholten. Dette var fyrste gongen at ein fjorårsvinnar overleverte sigerstrofeet til den etterfølgjande vinnaren, noko som sidan har blitt ein tradisjon.[7]

Vinnarsongen «Tom Pillibi» blei populær også utanfor Frankrike, og Jacqueline Boyer spela han inn i tysk og engelsk versjon.[8] I tillegg blei songen spela inn av ei rekkje andre europeiske artistar, blant dei britiske Julie Andrews, svenske Inger Berggren, spanske José Guardiola, norske Sølvi Wang, danske Katy Bødtger og nederlandske Willeke Alberti.[9]

Norge debuterer[endre | endre wikiteksten]

Nora Brockstedt blei Noreg sin fyrste Eurovision-deltakar og fekk stor suksess med «Voi Voi».

NRK starta opp med regulære tv-prøvesendingar i 1958 og var ivrige etter å delta i det gryande europeiske TV-samarbeidet. I desember 1959 gjekk NRK ut i norske aviser og inviterte norske komponistar til å sende inn bidrag til Melodi Grand Prix 1960.[10] Litt over 300 bidrag kom inn, og etter ein semifinale 4. februar 1960 var seks av dei klåre for den norske finalen i Store Studio laurdag 20. februar.[11][12] Den klåre vinnaren blei «Voi Voi», skriven av Georg Elgaaen og sungen av Nora Brockstedt.[13] Til den internasjonale finalen var det ein liten norsk delegasjon som stilla i London. Nora Brockstedt og dirigent Øivind Bergh var på plass nokre dagar før finalen, mens komponist Georg Elgaaen og kommentator Erik Diesen ankom London same dag. Debuten blei møtt med spenning – og norsk nøkternheit – idet Diesen kommenterte: «Jeg må si at her er det norske laget, Nora Brockstedt, Øivind Bergh, og selvfølgelig Georg Elgaaens melodi 'Voi Voi', i så fint selskap at vi nok skal være mer enn fornøyd med det man i sportsspråket ville kalle for en 'hederlig plassering'.»[3]

Nora Brockstedt stilla på scena i ei samekofte-inspirert kjole med pelskrage. Songen enda på ein delt fjerdeplass, som per 2024 er den sjette beste plasseringa til Noreg i tevlinga. «Voi Voi» blei også signaturlåten til Brockstedt og ein evergreen i norsk pophistorie.[14]

Det dåverende norske namnet på Eurovision Song Contest var Eurovisjonens sangkonkurranse og Melodi Grand Prix.[3] Det sistnemnde namnet var henta frå danskanes nasjonale tevling, som igjen var inspirert av den internasjonale finalen, som dei fyrste åra blei kalla Eurovision Grand Prix.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Startrekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking dagen før finalen.[3] Under er deltakarlista og resultatet:[15]

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Storbritannia Bryan Johnson «Looking High, High, High» Engelsk 2 25
02 Sverige Siw Malmkvist «Alla andra får varann» Svensk 10 4
03 Luxembourg Camillo Felgen «So laang we's du do bast» Luxembourgsk 13 1
04 Danmark Katy Bødtger «Det var en yndig tid» Dansk 10 4
05 Belgia Fud Leclerc «Mon amour pour toi» Fransk 6 9
06 Noreg Nora Brockstedt «Voi Voi» Norsk 4 11
07 Austerrike Harry Winter «Du hast mich so fasziniert» Tysk 7 6
08 Monaco François Deguelt «Ce soir-là» Fransk 3 15
09 Sveits Anita Traversi «Cielo e terra» Italiensk 8 5
10 Nederland Rudi Carrell «Wat een geluk» Nederlandsk 12 2
11 Tyskland Wyn Hoop «Bonne nuit ma chérie» Tysk 4 11
12 Italia Renato Rascel «Romantica» Italiensk 8 5
13 Frankrike Jacqueline Boyer «Tom Pillibi» Fransk 1 32

Artistar som hadde delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Deltok i Merknader
Fud Leclerc Belgia 1956 Song «Messieurs les noyés de la Seine», det eine av to belgiske bidrag dette året.
1958

Poengtavle[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna i samme rekkefølgje som landa røysta i.[16]

 Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Storbritannia 2 1 5 4 1 3 2 1 5 1 25 2
Sverige 2 1 1 4 10
Luxembourg 1 1 13
Danmark 2 1 1 4 10
Belgia 3 1 1 4 9 6
Noreg 1 1 4 1 1 2 1 11 4
Austerrike 1 1 2 2 6 7
Monaco 3 7 1 2 1 1 15 3
Sveits 1 2 1 1 5 8
Nederland 1 1 2 12
Tyskland 4 2 2 2 1 11 4
Italia 1 2 1 1 5 8
Frankrike 1 2 1 5 1 5 3 4 1 4 5 32 1

Dirigentar[endre | endre wikiteksten]

Øivind Bergh var Norges dirigent. Han dirigerte alle dei norske bidraga i 1960-åra, med unntak av 1964.

Mens Eric Robinson var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[17]

  1. Storbritannia – Eric Robinson
  2. Sverige – Thore Ehrling
  3. Luxembourg – Eric Robinson
  4. Danmark – Kai Mortensen
  5. Belgia – Henri Segers
  6. Noreg – Øivind Bergh
  7. Austerrike – Robert Stolz
  8. Monaco – Raymond Lefèvre
  9. Sveits – Cédric Dumont
  10. Nederland – Dolf van der Linden
  11. Tyskland – Franz Josef Breuer
  12. Italia – Franck Pourcel
  13. Frankrike – Cinico Angelini


Kommentatorar og poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.[18]

  1. Frankrike – Armand Lanoux
  2. Italia – Enzo Tortora[19]
  3. Tyskland – Hans-Joachim Rauschenbach
  4. Nederland – Siebe van der Zee[20]
  5. Sveits – Boris Acquadro
  6. Monaco – Ukjend
  7. Austerrike – Emil Kollpacher
  8. Noreg – Kari Borg Mannsåker[21]
  9. Belgia – Arlette Vincent
  10. Danmark – Svend Pedersen
  11. Luxembourg – Ukjend
  12. Sverige – Tage Danielsson[5]
  13. Storbritannia – Nick Burrell-Davis[4]


Kommentatorar og kringkastarar[endre | endre wikiteksten]

Fjorten land kringkasta finalen: deltakerlanda samt Finland, som debuterte i tevlinga året etter. Oversikt over kommentatorar og poengopplesarar i Eurovision Song Contest 1960:[18]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
Austerrike ORF ORF Wolf Mittler (brukte kommentaren til tyske ARD) [22]
Belgia INR INR Georges Désir [4][23]
NIR NIR TV Nic Bal [24]
Danmark DR Danmarks Radio TV Sejr Volmer-Sørensen [25]
Program 2
Frankrike RTF RTF Télévision Pierre Tchernia [4][26]
Italia Rai Programma Nazionale Giorgio Porro [26][27][28]
Secondo Programma
Luxembourg CLT Télé-Luxembourg Pierre Tchernia [29]
Monaco TMC Télé Monte-Carlo Pierre Tchernia  [30]
Nederland NTS NTS Piet te Nuyl [23][31]
Hilversum 2
Noreg NRK NRK Fjernsynet Erik Diesen [32]
NRK Radio Erik Diesen, sendt med ein times forseinking [32][33]
Storbritannia BBC BBC Television Service David Jacobs [34]
Sveits SF DRS TV DRS Theodor Haller [26][35]
SR DRS Radio Beromünster
TSR TSR Georges Hardy
RSR Radio Sottens Ukjend
RTSI TSI Ukjend
Radio Monte Ceneri Ukjend
Sverige Sveriges Radio Sveriges Radio TV Jan Gabrielsson [5]
SR P2
Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Wolf Mittler [4][11]

Kommentatorar og overføringar i ikkje-deltakande land[endre | endre wikiteksten]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
Finland Yle Suomen Televisio Aarno Walli [3][36]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «London 1960». Eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion (EBU). Henta 4. mars 2022. 
  2. Jon Annar Fordal (22. april 2009). «Fjernsynets historie». Norsk rikskringkasting. Arkivert frå originalen 13. august 2022. Henta 8. desember 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Erik Diesen (25. mars 1960). «NRKs lydspor fra Eurovision Song Contest 1960 – Erik Diesen». NRK/BBC/EBU via YouTube. Henta 7. juli 2022. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 Roxburgh, Gordon (2012). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Vol. One: The 1950s and 1960s. Telos Publishing. s. 213–214. ISBN 978-1-84583-065-6. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna: de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing AB. s. 26–27. ISBN 91-89136-29-2. 
  6. «Katie Boyle, iconic Eurovision Song Contest host, dies at 91». eurovision.tv (på engelsk). 21. mars 2018. Arkivert frå originalen 22. mars 2018. Henta 8. desember 2022. 
  7. O'Connor, John Kennedy (2010). The Eurovision Song Contest: The Official History (2. utg.). Carlton Books. s. 16–17, 216. ISBN 978-1-84732-521-1. 
  8. «Jacqueline Boyer ‎– Tom Pillibi». Discogs. Henta 5. februar 2017. 
  9. «Tom Pillibi». austriancharts.at. Henta 5. februar 2017. 
  10. Hagelund (red.), Karl Emil (10. desember 1959). «Hvem lager den beste norske slageren?». Dagbladet. s. 6. 
  11. 11,0 11,1 «Schlager-semifinalen kringkastes ikveld». Aftenposten. 4. februar 1960. s. 4. «Det var som kjent 303 melodier som ble innlevert i Norge» 
  12. Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Atheneum. s. 28. ISBN 8273341232. 
  13. «1960 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway. Arkivert frå originalen 5. august 2002. Henta 28. august 2016. 
  14. «Nora Brockstedt er død: –  Hun etterlater seg en stor skatt». VG (på norsk). 5. november 2015. Henta 20. juli 2017. 
  15. «Final of London 1960». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 7. juli 2022. 
  16. «Eurovision Song Contest 1960 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 18. oktober 2017. Henta 20. juli 2017. 
  17. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  18. 18,0 18,1 «The Eurovision Song Contest (1960)». Internet Movie Database. Henta 20. juli 2017. 
  19. Abbate, Mauro (7. mai 2022). «Italia all'Eurovision Song Contest: tutti i numeri del nostro Paese nella kermesse europea» (på italiensk). Notizie Musica. Arkivert frå originalen 9. juni 2022. Henta 1. juli 2022. 
  20. «Toch geen geluk voor Rudi». Nieuwe Leidsche Courant. 30. mars 1960. s. 7. Henta 8. desember 2022. 
  21. «Kari Borg Mannsåker». IMDb (på engelsk). Henta 8. desember 2022. 
  22. «Harry Winter – Austria Eurovision 1960». eurovision.tv (på engelsk). Henta 8. desember 2022. 
  23. 23,0 23,1 «Programma's binnen- en buitenlandse zenders». De Telegraaf (på nederlandsk). Delpher. 28. mars 1960. s. 7. Henta 8. desember 2022. 
  24. «Televisiekijkers voor U …». De Gazet van Aals (på nederlandsk). Digitaal krantenarchief – Stadsarchief Aalst. 26. mars 1960. s. 2. Henta 8. desember 2022. 
  25. «Programoversigt – Program 2 / Fjernsyn – 29-03-1960» (PDF). DR sendeplan (på dansk). Dansk Kulturarv. 29. mars 1960. Arkivert frå originalen 15. juni 2022. Henta 8. desember 2022. 
  26. 26,0 26,1 26,2 «Programmes des Émissions Suisses et Étrangères». Radio Je vois tout – télévision (på fransk). Scriptorium Digital Library. 24. mars 1960. s. 33–34, 43–44. Henta 8. desember 2022. 
  27. «I programmi TV e radio». La Stampa. La Stampa – Consultazione Archivio. 29. mars 1960. s. 4. Henta 8. desember 2022. 
  28. «Stasera alla TV – Oggi sul video». La Stampa. La Stampa – Consultazione Archivio. 20. mars 1960. s. 8. Henta 8. desember 2022. 
  29. «Télé-Luxembourg». Luxemburger Wort (på fransk og tysk). viewer.eluxemburgensia.lu. 28. mars 1960. s. 6. Henta 8. desember 2022. 
  30. «François Deguelt – Monaco 1960». eurovision.tv (på engelsk). Henta 8. desember 2022. 
  31. «Rudi Carell als tiende». Het Binnenhof (på nederlandsk). Delpher. 28. mars 1960. Henta 8. desember 2022. 
  32. 32,0 32,1 ODDM. (30. mars 1960). «TV». Drammens Tidende. Nasjonalbiblioteket. s. 11. Henta 3. september 2022. 
  33. «[NRK P1 1960.03.29 : programrapport]». NRK Radio – programrapport. Norsk rikskringkasting. Henta 8. desember 2022 – via Nasjonalbiblioteket. 
  34. «Eurovision Song Contest Grand Prix 1960». Radio Times. BBC Programme Index – genome.ch.bbc.co.uk. 27. mars 1960. Henta 8. desember 2022. 
  35. «TV». Radio Je vois tout – télévision (på fransk). Scriptorium Digital Library. 24. mars 1960. s. 22–23. Henta 8. desember 2022. 
  36. «Radio-ohjelma». Helsingin Sanomat. nakoislehti.hs.fi. 29. mars 1960. s. 37. Henta 8. desember 2022. (krev abonnement (help)). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1960