Eurovision Song Contest 1963

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1963
Dato
Vertskap
Stad
BBC Television Centre
Det britiske flagget London i Storbritannia
Programleiar(ar)
Katie Boyle
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Danmark «Dansevise»
Eurovision Song Contest
1962 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1964
██ Land som deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1963 (ESC 1963) var den åttande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i BBC Television Centre i London i Storbritannia. Finalen fann stad laurdag 23. mars. Danmark vann konkurransen med den danske songen «Dansevise», framført av Grethe Ingmann og Jørgen Ingmann.

Dei heldt på stemmesystemet frå året før, men utvida det slik at kvart land gav 5, 4, 3, 2 og 1 poeng til dei fem beste bidraga. Då Noreg annonserte stemmene til programleiar Katie Boyle, var det nokre tekniske problem som hindra ho i å høyre resultata, og ho sa ho skulle kome tilbake til Noreg til slutt. Alle andre hadde høyrt stemmene, og var sjokkerte då Noreg endra på resultata for å sikre sigeren til Danmark over Sveits.

Finale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia Ronnie Carroll «Say Wonderful Things» Engelsk 4 28
2. Flag of the Netherlands.svg Nederland Annie Palmen «Een speeldoos» Nederlandsk 13 0
3. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Heidi Brühl «Marcel» Tysk 9 5
4. Flag of Austria.svg Austerrike Carmela Corren «Vielleicht geschieht ein Wunder» Tysk, engelsk 7 16
5. Flag of Norway.svg Noreg Anita Thallaug «Solhverv» Norsk 13 0
6. Flag of Italy.svg Italia Emilio Pericoli «Uno per tutte» Italiensk 3 37
7. Flag of Finland.svg Finland Laila Halme «Muistojeni laulu» Finsk 13 0
8. Flag of Denmark.svg Danmark Grethe Ingmann & Jørgen Ingmann «Dansevise» Dansk 1 42
9. Flag of Yugoslavia (1946-1992).svg Jugoslavia Vice Vukov «Brodovi» Kroatisk 11 3
10. Flag of Switzerland.svg Sveits Esther Ofarim «T'en va pas» Fransk 2 40
11. Flag of France.svg Frankrike Alain Barrière «Elle était si jolie» Fransk 5 25
12. Flag of Spain.svg Spania José Guardiola «Algo prodigioso» Spansk 12 2
13. Flag of Sweden.svg Sverige Monica Zetterlund «En gång i Stockholm» Svensk 13 0
14. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Jacques Raymond «Waarom?» Nederlandsk 10 4
15. Flag of Monaco.svg Monaco Françoise Hardy «L'amour s'en va» Fransk 5 25
16. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Nana Mouskouri «À force de prier» Fransk 8 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]