Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1965

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1965
Datoar
Vertskap
StadSala di Concerto della RAI
Napoli i Italia
Programleiar(ar)Renata Mauro
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte Irland
Attende Sverige
Røysting
Vinnar Luxembourg med «Poupée de cire, poupée de son» av France Gall
Eurovision Song Contest
Førre1964
Neste1966

Eurovision Song Contest 1965 var den tiande utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemsorganisasjonane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Konkurransen vart halden i Italia for første gong, som følgje av sigeren til landet i 1964 med Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età».

Sendinga vart arrangert og produsert av den italienske ålmennkringkastaren Rai og gjekk av stabelen laurdag 20. mars 1965 i konsertsalen til Rai, Sala di Concerto della RAI. Programleiar var Renata Mauro.

Talet på deltakarar steig til rekordhøge 18 land, sidan Sverige returnerte etter eitt års fråvær, og Irland deltok for første gong. Luxembourg vann sin andre siger med France Gall og «Poupée de cire, poupée de son». Vinnarsongen vart ein stor slager over heile Europa og toppa mellom anna den norske singellista. Storbritannia vart nummer to for andre år på rad. Dette var britane sin femte andreplass fram til då. Frankrike vart nummer tre, Austerrike nummer fire, og vertslandet Italia kom på femteplass. Noreg var representert av Kirsti Sparboe, som song «Karusell» inn til ein delt trettandeplass.

Konsertsalen der konkurransen fann stad. Her frå opninga av salen i mars 1963. Foto: Angelo Procino.

Som følgje av sigeren til Gigliola Cinquetti med «Non ho l’età» i 1964, var Italia for første gong vertskap for Eurovision Song Contest. Den italienske ålmennkringkastaren Rai la konkurransen til Centro di produzione Rai di Napoli i Napoli, sør i Italia. Komplekset opna to år tidlegare.[1][2]

Rai marknadsførte konkurransen under det italienske namnet Gran premio Eurovisione della canzone 1965 (norsk ‘Eurovisjonens store songpris 1965’).[3]

Ny deltakarrekord

[endre | endre wikiteksten]

Sverige var tilbake etter artiststreiken året før, og Irland debuterte i konkurransen. Dermed steig talet på deltakarland frå 16 til 18 nasjonar, noko som var ny rekord.[4] Startrekkjefølgja vart avgjord ved loddtrekking under eit planleggingsmøte i EBU i februar.[5] Nederland starta, medan Sveits avslutta. Noreg fekk startnummer sju.

Konkurransen når jernteppet

[endre | endre wikiteksten]

Sidan starten i 1956 hadde Eurovision Song Contest berre vorte sendt til landa i Eurovisjonsnettverket, hovudsakleg til den vestlege og nordlege delen av Europa. Dette året vart konkurransen for første gong overført til Sentral- og Aust-Europa gjennom den austlege systerorganisasjonen til EBU, Intervision.

På denne tida var det eit skarpt skilje mellom det liberale Vesten og det sovjetkontrollerte, kommunistiske Sentral- og Aust-Europa, ofte omtala som «jernteppet». Fleire område bak jernteppet hadde likevel kunna sjå Eurovision Song Contest før 1965 gjennom nærliggjande vesteuropeiske fjernsynskanalar. Til dømes kunne store delar av Aust-Tyskland følgje konkurransen via vesttyske Deutsches Fernsehen.[6] Frå 1971 kunne sjåarar i nordlege Estland sjå konkurransen via finske Yle.[7]

Kvart deltakarland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilte med eitt bidrag kvar, og dette skulle framførast av ein solist eller ein duo.

På denne tida fanst det ingen reglar for kva språk artistane kunne syngje på. Sedvanen var at dei song på eit av dei offisielle språka i landet dei representerte. Sverige braut denne sedvanen då den svenske operasangaren Ingvar Wixell framførte «Annorstädes vals» på engelsk – under tittelen «Absent Friend». Hendinga førte til at EBU innførte ein språkregel etter konkurransen. Frå 1966 måtte alle land syngje på eit av sine offisielle språk.[4] Med unntak av åra 1973–1976 galdt språkregelen fram til 1999.[8]

Finalen vart halden laurdag 20. mars 1965 frå klokka 22.00 til 23.38 sentraleuropeisk tid. Konkurransen vart leia av den då 30 år gamle italienske songaren, skodespelaren og tv-verten Renata Mauro. Sendinga vart produsert i svart-kvitt og varte i 1 time og 38 minutt.[9]

Til saman overførte 23 land sendinga: dei 18 deltakarlanda samt Polen, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland.[1][9]

Sendinga starta med bilete frå konsertsalen til Rai før orkesterleiar Gianni Ferrio kom på scena og dirigerte Rais konsertorkester gjennom det korte musikalske opningsnummeret.[9] Orkesteret akkompagnerte òg dei 18 bidraga, og dei fleste deltakarlanda stilte med eigen dirigent.

Deretter kom programleiar Renata Mauro på scena og ønskte sjåarar og lyttarar velkomne på italiensk, fransk og engelsk. Så starta framføringa av dei 18 deltakarbidraga.[9]

France Gall vann konkurransen med 32 poeng.

Etter at alle landa hadde framført songane sine, var det ein pause på fem minutt før røystinga. Pauseinnslaget var den italienske operasangaren Mario Del Monaco, som song «’O paese d’ ’o sole» og «O sole mio» i tradisjonell napolitansk stil. Deretter introduserte Renata Mauro EBUs oppsynsmann for røystinga, Miroslav Vilček.[9]

Røystinga

[endre | endre wikiteksten]

Som året før hadde kvart land ei jurygruppe på ti medlemer. Kvart medlem hadde tre røyster som kunne fordelast etter eige ønskje – men ikkje til songen frå sitt eige land. Landet som fekk flest røyster frå dei ti jurymedlemene, fekk 5 poeng. Andreplassen fekk 3 poeng, medan tredjeplassen fekk 1 poeng frå juryen.

Dersom berre to land fekk røyster frå jurymedlemene, fekk favoritten 6 poeng og andreplassen 3 poeng. Dersom alle jurymedlemene gav alle røystene sine til eitt og same land, fekk dette landet 9 poeng frå juryen. Alle dei belgiske jurymedlemene røysta berre på Storbritannia og Italia, og difor gav Belgia 6 poeng til Storbritannia og 3 poeng til Italia.[10]

Luxembourg tok leiinga frå start og heldt henne gjennom heile røystinga. Berre Storbritannia var i nærleiken av å truge vinnaren, men enda til slutt på andreplass for femte gong. Dette fekk den britiske kommentatoren David Jacobs til frustrert å utbryte: «Det er heilt utruleg, kvart bidige år ser vi ut til å kome på andreplass!»[9] I likskap med dei tre føregåande åra kom fire land også dette året sist utan poeng: Spania, Vest-Tyskland, Belgia og Finland.

Vinnarsongen «Poupée de cire, poupée de son» var skriven av den kontroversielle Serge Gainsbourg og fekk stor kommersiell suksess etter sigeren. Han toppa VG-lista i Noreg som den første Eurovision-vinnaren til då.[11][12] Songen vart òg nominert som ein av dei 14 beste songane i Eurovision Song Contest gjennom tidene i jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest, som vart halde i oktober 2005.[13]

Det norske bidraget

[endre | endre wikiteksten]
Kirsti Sparboe framfører «Karusell».

Noreg deltok for sjette gong, og for første gong med Kirsti Sparboe. Ho vart vald til å representere Noreg etter at «Karusell» vann den norske finalen i februar. Den norske vinnaren vart for første gong kåra av sjåarane og lyttarane gjennom ei postkortavrøysting. Med til Napoli var Øivind Bergh tilbake som norsk dirigent, medan Erik Diesen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK Radio.[14][15] Noreg vart til slutt nummer 13 av 18, saman med Portugal. «Karusell» fekk berre 1 poeng i røystinga, frå Austerrike.

Sverre Christophersen las opp poenga frå den norske jurygruppa frå studio på NRK Marienlyst i Oslo. Den norske jurygruppa røysta slik:

Poeng Land
5 Nederland
3 Luxembourg
1 Storbritannia

Deltakarar og resultat

[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[16] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen finnes i kolonnene til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Nederland Conny van den Bos «'t Is genoeg» Nederlandsk 11 5
02 Storbritannia Kathy Kirby «I Belong» Engelsk 2 26
03 Spania Conchita Bautista «¡Qué bueno, qué bueno!» Spansk 15 0
04 Irland Butch Moore «Walking the Streets in the Rain» Engelsk 6 11
05 Vest-Tyskland Ulla Wiesner «Paradies, wo bist du?» Tysk 15 0
06 Austerrike Udo Jürgens «Sag ihr, ich lass sie grüßen» Tysk 4 16
07 Noreg Kirsti Sparboe «Karusell» Norsk 13 1
08 Belgia Lize Marke «Als het weer lente is» Nederlandsk 15 0
09 Monaco Marjorie Noël «Va dire à l'amour» Fransk 9 7
10 Sverige Ingvar Wixell «Absent Friend» Engelsk 10 6
11 Frankrike Guy Mardel «N'avoue jamais» Fransk 3 22
12 Portugal Simone de Oliveira «Sol de inverno» Portugisisk 13 1
13 Italia Bobby Solo «Se piangi, se ridi» Italiensk 5 15
14 Danmark Birgit Brüel «For din skyld» Dansk 7 10
15 Luxembourg France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk 1 32
16 Finland Viktor Klimenko «Aurinko laskee länteen» Finsk 15 0
17 Jugoslavia Vice Vukov «Čežnja» (Чежња) Serbokroatisk 12 2
18 Sveits Yovanna «Non, à jamais sans toi» Fransk 8 8

Artistar som hadde delteke tidlegare

[endre | endre wikiteksten]
Artist Land Deltok i
Conchita Bautista Spania 1961
Vice Vukov Jugoslavia 1963
Udo Jürgens Austerrike 1964

Poengtavla

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[17]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Nederland 5 5 11
Storbritannia 5 1 6 3 1 5 5 26 2
Spania 0 15
Irland 3 5 3 11 6
Vest-Tyskland 0 15
Austerrike 3 5 5 3 16 4
Noreg 1 1 13
Belgia 0 15
Monaco 5 1 1 7 9
Sverige 3 3 6 10
Frankrike 1 3 1 3 5 3 1 5 22 3
Portugal 1 1 13
Italia 3 1 1 3 3 3 1 15 5
Danmark 5 5 10 7
Luxembourg 5 1 3 5 5 3 1 1 5 3 32 1
Finland 0 15
Jugoslavia 1 1 2 12
Sveits 3 5 8 8

Kvar jurygruppe gav 1, 3 og 5 poeng til sine tre favorittsongar. Jurygruppene kunne også gje 6 og 3 poeng til sine to favorittsongar, eller alle 9 poenga dersom juryen berre hadde ein favoritt. Under er toppoenga til kvart land:

Tal Land som fekk toppoeng Toppoeng frå
4
Luxembourg Austerrike, Finland, Nederland, Vest-Tyskland
Storbritannia Belgia (6 poeng), Danmark, Spania, Sveits
2
Austerrike Irland, Portugal
Danmark Luxembourg, Sverige
Frankrike Monaco, Jugoslavia
1
Irland Italia
Monaco Storbritannia
Nederland Noreg
Sveits Frankrike

Dirigentar

[endre | endre wikiteksten]

Mens Gianni Ferrio , hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[18]

  1. Nederland  Dolf van der Linden
  2. Storbritannia  Eric Robinson
  3. Spania  Adolfo Ventas
  4. Irland  Gianni Ferrio
  5. Vest-Tyskland  Alfred Hause
  6. Austerrike  Gianni Ferrio
  7. Noreg  Øivind Bergh
  8. Belgia  Gaston Nuyts
  9. Monaco  Raymond Bernard
  10. Sverige  William Lind
  11. Frankrike  Franck Pourcel
  12. Portugal  Fernando de Carvalho
  13. Italia  Gianni Ferrio
  14. Danmark  Arne Lamberth
  15. Luxembourg  Alain Goraguer
  16. Finland  George de Godzinsky
  17. Jugoslavia  Radivoje Spasić
  18. Sveits  Mario Robbiani

Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk.[19] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

  1. Nederland  Dick van Bommel[20]
  2. Storbritannia  Alastair Burnet
  3. Spania  Pepe Palau
  4. Irland  Frank Hall
  5. Vest-Tyskland  Lia Wöhr
  6. Austerrike  Walter Richard Langer
  7. Noreg  Sverre Christophersen
  8. Belgia  Ward Bogaert
  9. Monaco  Ukjend
  10. Sverige  Edvard Matz[21]
  11. Frankrike  Jean-Claude Massoulier[22]
  12. Portugal  Maria Manuela Furtado
  13. Italia  Daniele Piombi
  14. Danmark  Claus Toksvig
  15. Luxembourg  Ukjend
  16. Finland  Poppe Berg
  17. Jugoslavia  Ukjend
  18. Sveits  Alexandre Burger

Kommentatorar og sendingar

[endre | endre wikiteksten]

Alle 18 deltakerlanda overførte finalen direkte. Kvart land hadde eigne kommentatorar som formidla informasjon, farger og hendingar direkte til sjåarane heime. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1965:[23][24]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
Austerrike ORF ORF Willy Kralik [25]
Belgia BRT BRT Nederlandsk: Herman Verelst [26][27]
RTB RTB Fransk: Paule Herreman [27][28]
Radio Une [29]
Danmark Danmarks Radio DR TV Skat Nørrevig [30][31]
Finland Yle TV-ohjelma 1 Finsk: Aarno Walli [32][33]
Yleisohjelma Finsk: Erkki Melakoski
Ruotsinkielinen ula-ohjelma Svensk: Jerker Sundholm
Frankrike ORTF Première Chaîne Pierre Tchernia [28][29][34][35]
France Inter
Irland Telefís Éireann Bunny Carr [36][37]
Radió Éireann Kevin Roche
Italia Rai Programma Nazionale Renato Tagliani [38]
Secondo Programma [39]
Jugoslavia JRT Televizija Beograd Serbisk: Miloje Orlović [40]
Televizija Ljublijana Slovensk: Tomaž Terček [41][42]
Televizija Zagreb Kroatisk: Mladen Delić [40][43]
Luxembourg CLT Télé-Luxembourg Brukte den franske kommentatoren [28][34]
Monaco Télé Monte-Carlo Brukte den franske kommentatoren [44]
Nederland NTS Nederland 1 Teddy Scholten [27][45][46]
NRU Hilversum 2 Ukjend [27]
Noreg NRK NRK Fjernsynet Erik Diesen [14]
NRK Radio Erik Diesen, sendt i opptak frå 22.30
Portugal RTP RTP Gomes Ferreira [47]
Spania TVE TVE Federico Gallo [48][49]
RNE RNE Ukjend [49]
Storbritannia BBC BBC1 David Jacobs [23][50]
Sveits SRG SSR TV DRS Tysk: Theodor Haller [41][51]
TSR Fransk: Jean Charles [35]
RSR 1 [29]
TSI Brukte den italienske kommentatoren [52]
Radio Monte Ceneri
Sverige Sveriges Radio Sveriges Radio TV Berndt Friberg [14][21][32]
SR P1
Vest-Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Hermann Rockmann [28][51][53]

Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei 18 deltakerlanda blei sendinga for første gang overført til Sentral- og Aust-Europa gjennom Intervision. Ifølge arrangørane blei sendinga send i Polen, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland.[9] Under er ein oversikt over stadfesta sendingar:

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
Ungarn MTV Magyar Televízió Ukjend, sendt i opptak 11. september 1965 [54]
  1. 1 2 Nystrøm, Kjell (16. mars 1965). «TV og radio: Romolo Siena skal TV-lede Grand Prix». Bergens Arbeiderblad. s. 4.
  2. Ascione, Domenico (4. mars 2018). «L’Auditorium RAI di Napoli: dalla musica classica a Made in Sud». Vesuvio Live (på italiensk). Henta 18. juli 2023.
  3. «Eurovision Song Contest 1965». Logopedia (på engelsk). Henta 18. juli 2023.
  4. 1 2 «Naples 1965». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 16. juli 2023.
  5. «Hvem gjetter Norges plassering i «Melodi Grand Prix» finalen i Napoli?». Sandefjords Blad. 18. mars 1965. s. 7.
  6. «TV in the GDR | Screening Socialism | Loughborough University». www.lboro.ac.uk. Henta 18. juli 2023.
  7. Lepp, Annika; Pantti, Mervi (30. juni 2013). «Window to the West: Memories of Watching Finnish Television in Estonia During the Soviet Period» (på engelsk) 2: 77. ISSN 2213-0969. doi:10.18146/2213-0969.2013.jethc034. Henta 18. juli 2023.
  8. John (16. april 2018). «The rise of English and use of national languages in Eurovision». JohntheGo.com (på engelsk). Henta 18. juli 2023.
  9. 1 2 3 4 5 6 7 «Eurovision Song Contest 1965 – Full Show». Rai/EBU. 20. mars 1965. Henta 18. juli 2023 via YouTube. kommentar av David Jacobs (BBC)
  10. «Belgias poeng i Eurovision Song Contest 1965». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 18. juli 2023.
  11. «Topplista (søkbar database)». IFPI Norge. Henta 18. juli 2023.
  12. Eivind M. Sætre (8. juni 2012). «France Gall – Poupée de cire, poupée de son». GV-musikk.no. Arkivert frå originalen 7. februar 2017. Henta 6. februar 2017.
  13. «Congratulations Show». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen 5. september 2015. Henta 6. februar 2017.
  14. 1 2 3 «Se og hør idag». Oppland Arbeiderblad. 20. mars 1965. s. 11.
  15. «Finalen i Melodi Grand Prix – et show i den store internasjonale stil». Arbeiderbladet. – via Nasjonalbiblioteket. 20. mars 1965. s. 27. Henta 18. juli 2023.
  16. «Final of Naples 1965 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 18. juli 2023.
  17. «Eurovision Song Contest 1965 – poeng land for land». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 23. juni 2023.
  18. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017.
  19. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022.
  20. «18 landen azen op het Eurovisie-goud». Limburgsch Dagblad. 20. mars 1965. s. 25.
  21. 1 2 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 54–55. ISBN 91-89136-29-2.
  22. Tchernia, Pierre et al. (20. mars 1965). 10ème Concours Eurovision de la Chanson 1965 [Eurovision Song Contest 1965] (Television production). Italy: RAI, ORTF (commentary).
  23. 1 2 Roxburgh, Gordon (2012). Songs For Europe The United Kingdom at The Eurovision Song Contest Volume One: The 1950s and 1960s. Telos. s. 369–381. ISBN 978-1-84583-065-6.
  24. «The Eurovision Song Contest (1965)». imdb.com. Henta 21. juli 2017.
  25. «Eurovision 1965 Austria: Udo Jürgens – "Sag Ihr, Ich Lass' Sie Grüßen"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 18. juli 2023.
  26. Adriaens, Manu; Loeckx-Van Cauwenberge, Joken (2003). Blijven kijken!: vijftig jaar televisie in Vlaanderen. ISBN 90-209-5274-9.
  27. 1 2 3 4 «Radio en TV». Limburgs Dagblad (på nederlandsk) (– via Delpher). 20. mars 1965. s. 33.
  28. 1 2 3 4 «Radio-Télévision». Luxemburger Wort (på fransk og tysk). viewer.eluxemburgensia.lu. 20. mars 1965. s. 22. Henta 28. desember 2022.
  29. 1 2 3 «Radio – samedi 20 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Héliographia SA. 11. mars 1965. s. 70–72. Henta 18. juli 2023 via Scriptorium.
  30. «Lørdag 20. marts 1965». Alle tiders programoversigter (skannet versjon av magasin). DR. Henta 18. juli 2023.
  31. «Programoversigt – 20/03/1965». Larm.fm. LARM. Arkivert frå originalen 28. desember 2022. Henta 18. juli 2023.
  32. 1 2 «Radio ja televisio». Helsingin Sanomat (på finsk). 20. mars 1965. s. 33. Henta 7. november 2022.
  33. «18 iskelmää osallistuu tänään Eurovisiokilpailuun Napolissa». Helsingin Sanomat (på finsk). 20. mars 1965. s. 33. Henta 7. november 2022.
  34. 1 2 «1965 – Naples». songcontest.free.fr. Henta 18. juli 2023.
  35. 1 2 «Programme TV – samedi 20 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 11. mars 1965. s. 23. Henta 18. juli 2023.
  36. «Television and Radio». The Irish Times. 20. mars 1965. s. 15. Henta 19. desember 2022.
  37. Knox, David Blake (2015). Ireland and the Eurovision. New Island Books. s. 12–20. ISBN 978-1-84840-429-8.
  38. «Oggi sul video». La Stampa. www.archiviolastampa.it. 20. mars 1965. s. 11. Henta 18. juli 2023.
  39. «Radio – sabato 20 marzo». Radiocorriere TV (på italiensk). 14. mars 1965. s. 54–55.
  40. 1 2 «Eurovision 1965 Yugoslavia: Vice Vukov – "Ceznja"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 18. juli 2023.
  41. 1 2 Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 6. april 2023.
  42. «Televizijske spored – sobota – 20. marca» (PDF). Glas. 20. mars 1965. s. 4. Arkivert (PDF) frå originalen den 28. desember 2022.
  43. «Televizija – Subota, 20. ožujka». Slobodna Dalmacija. 20. mars 1965. s. 14. Henta 18. juli 2023.
  44. «Monaco – Naples 1965». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 18. juli 2023.
  45. «Luxemburgs meijse bracht Napels in beweging». Algemeen Dagblad (på nederlandsk) (– via Delpher). 20. mars 1965. s. 13. Henta 18. juli 2023.
  46. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival». www.eurovisionartists.nl. Henta 18. juli 2023.
  47. «Boletim do dia». Diário de Lisboa. casacomum.org. 20. mars 1965. s. 18. Henta 18. juli 2023.
  48. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023.
  49. 1 2 «Radio y TV». La Vanguardia (på spansk). Hemeroteca – La Vanguardia. 20. mars 1965. s. 31. Henta 28. desember 2022.
  50. «Eurovision Song Contest Grand Prix 1965». Radio Times. BBC Genome Project. 20. mars 1965. Henta 18. juli 2023.
  51. 1 2 «Radio / Fernsehen». Bieler Tagblatt (på tysk). e-newspaperarchives.ch. 20. mars 1965. s. 35. Henta 18. juli 2023.
  52. «Radio–TV». Libera Stampa (på italiensk). Sistema bibliotecario ticinese. 20. mars 1965. s. 3. Henta 18. juli 2023.
  53. «Program Deutsches Fernsehen – 20. mars 1965». www.tvprogramme.net. Arkivert frå originalen 22. november 2005. Henta 18. juli 2023.
  54. «"A TV műsora – szeptember 6–12"». Rádió és Televízióújság (på ungarsk). MTVA Archívum. 6. september 1965. s. 23. Arkivert frå originalen 28. desember 2022. Henta 18. juli 2023.