Eurovision Song Contest 1972
Eurovision Song Contest 1972 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 1972 (ESC 1972) var den 17. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Usher Hall i Edinburgh i Storbritannia. Grunnen til at konkurransen fann stad i Storbritannia var at Monaco, som hadde vunne året før, ikkje var i stand til å vera vertsland. Finalen fann stad laurdag 25. mars. Luxembourg vann konkurransen med songen «Après toi», framført på fransk av Vicky Leandros.
Avstemminga vart organisert slik at kvart land hadde to dommarar til stade i hallen under konkurransen. Kvar dommar gav så kvart av dei andre landas bidrag frå eit til fem poeng, slik at kvart land til saman gav mellom to og ti poeng til samtlege andre bidrag i konkurransen.
Det irske bidraget dette året vart sunge på irsk, og dette er foreløpig den einaste gongen dette har skjedd i konkurransen. Med eit lite unntak då Noreg song nokon få ord på irsk i 1973.
Bidraga[endre | endre wikiteksten]
Finale[endre | endre wikiteksten]
- Finalen vart halden den 25. mars 1972 i Usher Hall.
- Luxembourg vann konkurransen for tredje gong.
- Noreg sitt bidrag, «Småting» av Grethe Kausland og Benny Borg, enda på 14. plass.
Nr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1. | ![]() |
Mary Roos | «Nur die Liebe läßt uns leben» | Tysk | 3 | 107 |
2. | ![]() |
Betty Mars | «Comé-comédie» | Fransk | 11 | 81 |
3. | ![]() |
Sandie Jones | «Ceol an Ghrá» | Irsk | 15 | 72 |
4. | ![]() |
Jaime Morey | «Amanece» | Spansk | 10 | 83 |
5. | ![]() |
The New Seekers | «Beg, Steal or Borrow» | Engelsk | 2 | 114 |
6. | ![]() |
Grethe Kausland & Benny Borg | «Småting» | Norsk | 14 | 73 |
7. | ![]() |
Carlos Mendes | «A festa da vida» | Portugisisk | 7 | 90 |
8. | ![]() |
Véronique Müller | «C'est la chanson de mon amour» | Fransk | 8 | 88 |
9. | ![]() |
Helen & Joseph | «L-imħabba» | Maltesisk | 18 | 48 |
10. | ![]() |
Päivi Paunu & Kim Floor | «Muistathan» | Finsk | 12 | 78 |
11. | ![]() |
Milestones | «Falter im Wind» | Tysk | 5 | 100 |
12. | ![]() |
Nicola di Bari | «I giorni dell'arcobaleno» | Italiensk | 6 | 92 |
13. | ![]() |
Tereza Kesovija | «Muzika i ti» | Serbokroatisk | 9 | 87 |
14. | ![]() |
Family Four | «Härliga sommardag» | Svensk | 13 | 75 |
15. | ![]() |
Anne-Marie Godart & Peter MacLane | «Comme on s'aime» | Fransk | 16 | 65 |
16. | ![]() |
Serge & Christine Ghisoland | «À la folie ou pas du tout» | Fransk | 17 | 55 |
17. | ![]() |
Vicky Leandros | «Après toi» | Fransk | 1 | 128 |
18. | ![]() |
Sandra Reemer & Dries Holten | «Als het om de liefde gaat» | Nederlandsk | 4 | 106 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «ESC 1972» og «ESC 1972» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 4. februar 2011.