Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1991
Dato
Finalen4. mai 1991
Vertskap
Stad
Studio 15 de Cinecittà
Flagget til Italia Roma i Italia
Dirigent
Bruno Canfora
Kringkastar(ar)
Flagget til Italia RAI
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
FinalenArturo Brachetti
Bidrag
Attende
Flagget til Malta Malta
Trekte seg
Det nederlandske flagget Nederland
Ikkje med
Flagget til Monaco Monaco
Flagget til Marokko Marokko
Kart
ESC 1991 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 1990 Eurovision Song Contest 1992

Eurovision Song Contest 1991 (ESC 1991) var den 36. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Studio 15 de Cinecittà i Roma i Italia. Finalen fann stad laurdag 4. mai 1991. Sverige vann tevlinga med songen «Fångad av en stormvind», framført av Carola.

Grunna Golfkrigen og indre uro i Jugoslavia, bestemte RAI kort tid før tevlinga at arrangementet skulle flyttast frå Sanremo i Nordvest-Italia til Roma, for tryggleiken skuld.

Nederland deltok ikkje som fylgje av at 4. mai var minnedag for dei som fall under den andre verdskrigen. Etter at Vest-Tyskland vart sameint på nytt med Aust-Tyskland, som aldri har delteke, 3. oktober 1990, endra landet namn til Tyskland.

Problem med tevlinga

[endre | endre wikiteksten]

På grunn av flyttinga, såg det ut som RAI ikkje var heilt klar for showet. Roma hadde dels vorte overfløymd av regn før tevlinga, noko som skapte ytterlegare problem. Programleiarane prata italiensk gjennom heile tevlinga, noko som gjorde det vanskeleg for resten av Europa å fylgje med på kva som hende. Toto Cutugno hadde fleire gonger vanskar med å uttala både songtitlar og namn på artistar og låtskrivarar. Dei vart òg skulda for å prøve å ta så mykje av showet som mogleg, mellom anna med å ikkje la publikum klappe klårt under heile tevlinga. Toto Cutugno lét heller ikkje representanten som skulle gratulere Carola då ho hadde vunne, prate tydeleg.

Orkesteret var ikkje alltid på plass til rett tid, og fleire artistar klaga på at det var lite å drikka og ingenting å eta under røystinga. Det oppstod òg tekniske problem med å kontakta dei ulike landa om røysteresultat.

Då Carola skulle opptre, forsvann lyden delvis under andre verset av «Fångad av en stormvind». Ein kunne berre høyra blåseinstrument og trommer i nokre sekund fordi ein sikring hadde gått. Carola heldt fram likevel. Sjølv om Sverige til slutt fekk like mange poeng som Frankrike sitt bidrag, «C'est le dernier qui a parlé qui a raison» av Amina, vann Sverige ved den tida sitt regelverk om røystelikskap. Båe landa fekk 146 poeng.

Oppteljing

[endre | endre wikiteksten]

Reglane ved røystelikskap på den tida bestod i å telja kor mange poeng landet hadde fått i dei ulike valørane. Dersom eit land hadde fleire tolvarar enn enn eit anna, ville det vinne. Ved like mange tolvarar, ville landet med flest tiarar vinne, osb. Då Sverige og Frankrike hadde like mange tolvarar, vann Sverige fordi dei hadde fleire tiarar enn Frankrike.

Dette vart dimed fyrste og førebels siste gong ein har måtta ta i bruk reglane som avgjer kven som vinn ved like mange røyster. Då fire land vann med same poengsum i 1969 var det ikkje innført nokon reglar for dette, og alle fire landa vart utropt som vinnarar.

Med dagens regelverk ved røystelikskap ville Frankrike ha vunne fordi det hadde fått røyster frå fleire ulike land enn Sverige. Etter desse reglane ville Frankrike òg ha vunne i 1969, då det var eitt av dei fire vinnarlanda.

Finalen vart halden 4. mai 1991 i Studio 15 de Cinecittà i Roma, etter å ha vorte flytta frå Sanremo. Sverige vann tevlinga for tredje gong. Irland og Storbritannia enda på ein delt tiandeplass.

#LandArtistSongSpråkPoengPlass
01Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia JugoslaviaBebi Dol«Brazil»Serbokroatisk121
02Flagget til Island IslandStefán og Eyfi«Draumur um Nínu»Islandsk2615
03Flagget til Malta MaltaGeorgina og Paul Giordimaina«Could It Be»Engelsk1066
04Flagget til Hellas HellasSophia Vossou«I ánixi»Gresk3613
05Flagget til Sveits SveitsSandra Simó«Canzone per te»Italiensk1185
06Flagget til Austerrike AusterrikeThomas Forstner«Venedig im Regen»Tysk022
07Flagget til Luxembourg LuxembourgSarah Bray«Un baiser volé»Fransk2914
08Flagget til Sverige SverigeCarola«Fångad av en stormvind»Svensk1461
09Flagget til Frankrike FrankrikeAmina«C'est le dernier qui a parlé qui a raison»Fransk1462
10Flagget til Tyrkia Tyrkiaİzel Çeliköz, Reyhan Karaca
og Can Uğurluer
«İki Dakika»Tyrkisk4412
11Det irske flagget IrlandKim Jackson«Could It Be That I'm In Love»Engelsk4710
12Flagget til Portugal PortugalDulce Pontes«Lusitana paixão»Portugisisk628
13Flagget til Danmark DanmarkAnders Frandsen«Lige der hvor hjertet slår»Dansk819
14Flagget til Noreg NoregJust 4 Fun«Mrs. Thompson»Norsk1417
15Flagget til Israel IsraelDuo Datz«Kan»Hebraisk1393
16Flagget til Finland FinlandKaija Kärkinen«Hullu yö»Finsk620
17Flagget til Tyskland TysklandAtlantis 2000«Dieser Traum darf niemals sterben»Tysk1018
18Flagget til Belgia BelgiaClouseau«Geef het op»Nederlandsk2316
19Flagget til Spania SpaniaSergio Dalma«Bailar pegados»Spansk1194
20Det britiske flagget StorbritanniaSamantha Janus«A Message to Your Heart»Engelsk4710
21Flagget til Republikken Kypros KyprosÉlena Patróklou«SOS»Gresk609
22Flagget til Italia ItaliaPeppino di Capri«Comme è ddoce 'o mare»Napolitansk-kalabresisk897

Røystegjeving

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen.[1]

Deltakarland Poenggjeavande land Sum Plass
Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Flagget til Island Flagget til Malta Flagget til Hellas Flagget til Sveits Flagget til Austerrike Flagget til Luxembourg Flagget til Sverige Flagget til Frankrike Flagget til Tyrkia Det irske flagget Flagget til Portugal Flagget til Danmark Flagget til Noreg Flagget til Israel Flagget til Finland Flagget til Tyskland Flagget til Belgia Flagget til Spania Det britiske flagget Flagget til Republikken Kypros Flagget til Italia
Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Jugoslavia   1                                     1 21
Flagget til Island Island       4     10                 5         7 26 15
Flagget til Malta Malta 1   2 6 4 10 12 2 7 12 7   6     10 4 6 7   10 106 6
Flagget til Hellas Hellas 4   5   2         1     1 4 1   1 5   10 2 36 13
Flagget til Sveits Sveits 5 5   7 8 12 8 4 2 2 6 5 3 8 5 6 12   8 8 4 118 5
Flagget til Austerrike Austerrike                                         0 22
Flagget til Luxembourg Luxembourg   4       5 1   3   2 4       3 2   3 2 29 14
Flagget til Sverige Sverige 6 12     10 10 7   6 3 10 12 8 10 8 12 10 4 12 6 146 1
Flagget til Frankrike Frankrike 10 7 3 8 7 12   5   7 5   12 12 10 8 7 8 6 7 12 146 2
Flagget til Tyrkia Tyrkia     7           7     8   7       2 5   8 44 12
Det irske flagget Irland 3   4   3 1 8     4   7   1 2 2 5   4   3 47 10
Flagget til Portugal Portugal   8   4 1   2 7 10 5   1 2   7     10   4 1 62 8
Flagget til Danmark Danmark               3         5               8 19
Flagget til Noreg Noreg   6         1     1     2     4         14 17
Flagget til Israel Israel 12 10 8 5 8   5 6 3 12 8 4 10 7 6   8 12 10 5 139 3
Flagget til Finland Finland   1   1             4                   6 20
Flagget til Tyskland Tyskland                         6         1   3 10 18
Flagget til Belgia Belgia           3   2 5             3   3 2   5 23 16
Flagget til Spania Spania 8 2 6 10 12 7 6 4 6 8 6 8   4 2 4 7 6 1 12 119 4
Det britiske flagget Storbritannia     10 3 5 6 3   1     1 3   5     3   1 6 47 10
Flagget til Republikken Kypros Kypros 2 3 12 12     4   12   5 3     6   1       60 9
Flagget til Italia Italia 7   2 6 2       8 10 10 12   10 3 12     7     89 7

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som vart tildelt under avrøystinga.

Antall Mottakerland 12 poeng fra
4 Flagget til Frankrike Frankrike Austerrike, Israel, Italia, Noreg
Flagget til Sverige Sverige Danmark, Island, Storbritannia, Tyskland
3 Flagget til Israel Israel Jugoslavia, Spania, Tyrkia
Flagget til Republikken Kypros Kypros Frankrike, Hellas, Malta
2 Flagget til Italia Italia Finland, Portugal
Flagget til Malta Malta Irland, Sverige
Flagget til Spania Spania Kypros, Sveits
Flagget til Sveits Sveits Belgia, Luxembourg

Artistar som har delteke tidlegare

[endre | endre wikiteksten]
ArtistLandTidlegare år
Thomas Forstner Austerrike1989
Stefán Hilmarsson (med Eyfi) Island1988 (del av Beathoven)
Eiríkur Hauksson (del av Just 4 Fun) Noreg1986 (del av ICY for  Island)
Hanne Krogh (del av Just 4 Fun) Noreg1971 og 1985 (del av Bobbysocks, vinnar)
Carola Sverige1983

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Eurovision Song Contest 1991 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 14. august 2017.