Vinnaren dette året var svært kontroversiell i sitt eige heimland, Israel. Transseksuelle Dana International hadde skapt store avisoverskrifter før tevlinga, og vann til slutt med 172 poeng og songen «Diva».
Det mest oppsiktsvekkjande innslaget dette året var kanskje likevel Guildo Horn frå Tyskland med låten «Guildo hat euch Lieb» (Guildo er glad i dykk). På scena, og til og med utanfor scena, utførte han ulike ablegøyer; han ringde med bjøller, gjekk ut blant publikum og kyssa folk, og avslutta med å klatra høgt opp i et stillas på scenen. Tyskland enda til slutt på ein sjuandeplass. Noreg sitt bidrag, «Alltid sommer» av Lars Fredriksen, enda på plassen bak.
Ungarn, Romania, Irland og Tyrkia var dei fire siste landa som framleis brukte juryordning ved denne tevlinga; alle dei andre landa nytta teleavstemming. 1998 var også det siste året då det var obligatorisk for arrangøren å stilla med eit orkester i salen (frå og med 1999 gjekk ein over til å bruka singback).
Land markert med lilla brukte jury, dei andre landa hadde telefonrøysting. Spania gav feil poeng under direktesendinga, men feilen vart retta opp etter finalen. Under er dei korrekte poenga. Tavla er ordna etter rekkefølgja på røystegjevinga i finalen.[1]