Eurovision Song Contest 2002

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2002
Motto: «A Modern Fairytale»
Dato: 2011-05-1010. mai 2011
Stad: Saku Suurhall
Flagget til Estland Tallinn, Estland
Programleiarar: Annely Peebo
Marko Matvere
Kringkasting: Flagget til Estland ETV
Deltakarland: 24 nasjonar
Vinnar: Flagget til Latvia Marie N
Førre: 2001
Neste: 2003
Deltaking
Attende: Belgia
Finland
Kypros
Makedonia
Romania
Sveits
Ikkje med: Island
Noreg
Irland
Nederland
Polen
Austerrike
Portugal

Eurovision Song Contest 2002 (ESC 2002) var den 47. Eurovision Song Contest og gjekk av stabelen 25. mai 2002 i Saku Suurhall Arena i Tallinn i Estland. Programleiarane var Annely Peebo og Marko Matvere.

Estland var det første blant dei tidlegare austblokk-landa til å arrangere Eurovision Song Contest. Det var lenge stor uro for at landet ikkje ville ha råd til å arrangere konkurransen, men denne svann hen då stor innsats til slutt sikra arrangementet. Temaet rundt dette årets Eurovision Song Contest var Eventyr, noko som kom til uttrykk i dei såkalla postkorta som vart vist mellom songane. Konkurransen vart vunne av Marie N frå Latvia med songen I Wanna. Noreg deltok ikkje i konkurransen dette året på grunn av den dårlege plasseringa i konkurransen året før.

Opphavleg var det meint at 22 deltakarland skulle få konkurrere; dei 15 beste frå fjoråret pluss dei sju landa som hadde vorte ekskludert frå 2001-utgåva på grunn av dei gjennomsnittleg låge poenga deira frå dei siste fem åra. Seinare auka den europeiske kringkastingsunionen deltakartalet til 24 då dei gav Israel og Portugal høve til å delta. Portugal avstod og vart erstatta av vinnarlandet Latvia.

Dette årets utgåve prova kor uforutsigbar konkurransen var, då få kunne ha gjetta på førehand at konkurransen skulle bli eit reint løp mellom Malta og Latvia. Storbritannia gjorde suksess med Jessica Garlicks bidrag Come Back, som enda på delt tredjeplass med Estland. Tyskland deltok med songarinna Corinna May som hadde vore blind sidan fødselen, Hellas sine deltakarar stilte i romdrakter og Slovenia sende tre menn kledd som kvinnelege flyvertinner.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Språk Artist Song Omsett tittel Plassering Poeng
1 Kypros Engelsk One «Gimme» Gje meg 6 85
2 Storbritannia Engelsk Jessica Garlick «Come Back» Kom tilbake 3 111
3 Austerrike Engelsk Manuel Ortega «Say a Word» Sei eit ord 18 26
4 Hellas Engelsk Mikhális Rakindzís «S.A.G.A.P.O» Eg elskar deg 17 27
5 Spania Spansk og engelsk Rosa «Europe's Living a Celebration» Europa lever ei feiring 7 81
6 Kroatia Engelsk Vesna Pisarović «Everything I Want» Alt eg vil ha 11 44
7 Russland Engelsk Premier-ministr «Northern Girl» Nordleg jente 10 55
8 Estland Engelsk Sahlene «Runaway» Rømling 3 111
9 Makedonia Makedonsk Karolina Gočeva «Od nas zavisi» Det er opp til oss 19 25
10 Israel Engelsk og hebraisk Sarit Hadad «Light a Candle» Tenn eit ljos 12 37
11 Sveits Fransk Francine Jordi «Dans le jardin de mon âme» I hagen til min sjel 22 15
12 Sverige Engelsk Afro-dite «Never Let It Go» Aldri la det gå 8 72
13 Finland Engelsk Laura Voutilainen «Addicted To You» Avhengig av deg 20 24
14 Danmark Engelsk Malene Mortensen «Tell Me Who You Are» Fortel meg kven du er 24 7
15 Bosnia-Hercegovina Serbisk og engelsk Maja Tatić «Na jastuku za dvoje» På ei pute for to 13 33
16 Belgia Engelsk Sergio & The Ladies «Sister» Søster 13 33
17 Frankrike Fransk Sandrine François «Il faut du temps» Det tar tid 5 104
18 Tyskland Engelsk Corinna May «I Can't Live Without Music» Eg kan ikkje leva utan musikk 21 17
19 Tyrkia Engelsk og tyrkisk Buket Bengisu & Group Safir «Leylaklar Soldu Kalbinde» Liljene visna i hjarta ditt 16 29
20 Malta Engelsk Ira Losco «7th Wonder» Sjuande underverk 2 164
21 Romania Engelsk Monica Anghel & Marcel Pavel «Tell Me Why» Fortel meg kvifor 9 71
22 Slovenia Slovensk Sestre «Samo ljubezen» Berre kjærleik 13 33
23 Latvia Engelsk Marie N «I Wanna» Eg vil 1 176
24 Litauen Engelsk Aivaras «Happy You» Glade deg 23 12

Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Røystemetode:
██ 100% Telerøysting██ 50% Jury- og telerøysting██ 100% Juryrøysting
Poenggjevande land
Total Flagget til Republikken Kypros Det britiske flagget Flagget til Austerrike Flagget til Hellas Flagget til Spania Flagget til Kroatia Flagget til Russland Flagget til Estland Det nordmakedonske flagget Flagget til Israel Flagget til Sveits Flagget til Sverige Flagget til Finland Flagget til Danmark Flagget til Bosnia-Hercegovina Flagget til Belgia Flagget til Frankrike Flagget til Tyskland Flagget til Tyrkia Flagget til Malta Flagget til Romania Flagget til Slovenia Flagget til Latvia Flagget til Litauen
Flagget til Republikken Kypros Kypros 85 3 12 6 10 6 4 1 4 3 12 8 4 8 4
Det britiske flagget Storbritannia 111 12 7 6 4 5 6 2 8 6 7 6 1 8 2 10 8 5 8
Flagget til Austerrike Austerrike 26 1 1 7 5 12
Flagget til Hellas Hellas 27 12 1 8 6
Flagget til Spania Spain 81 7 2 4 6 6 12 7 6 12 12 7
Flagget til Kroatia Kroatia 44 6 6 5 5 5 2 3 12
Flagget til Russland Russland 55 5 2 10 1 3 8 10 10 6
Flagget til Estland Estland 111 7 3 5 3 6 2 12 10 8 10 4 4 8 2 2 6 12 7
Det nordmakedonske flagget Makedonia 25 3 4 1 5 12
Flagget til Israel Israel 37 5 1 5 1 2 10 5 5 3
Flagget til Sveits Sveits 15 5 3 2 3 1 1
Flagget til Sverige Sverige 72 1 4 1 8 3 7 10 12 1 4 7 4 10
Flagget til Finland Finland 24 2 5 1 10 3 3
Flagget til Danmark Danmark 7 4 1 1 1
Flagget til Bosnia-Hercegovina Bosnia-Hercegovina 33 7 3 7 3 6 2 3 2
Flagget til Belgia Belgia 33 4 1 7 3 4 2 10 2
Flagget til Frankrike Frankrike 104 10 3 8 3 7 10 8 12 5 8 10 6 4 3 2 5
Flagget til Tyskland Tyskland 17 1 2 2 1 3 3 4 1
Flagget til Tyrkia Tyrkia 29 4 3 8 7 7
Flagget til Malta Malta 164 10 12 8 6 10 12 5 7 10 10 4 4 2 12 4 7 6 10 5 10 7 3
Flagget til Romania Romania 71 8 8 5 12 12 8 4 1 7 6
Flagget til Slovenia Slovenia 33 6 2 7 8 2 2 1 5
Flagget til Latvia Latvia 176 4 8 10 10 12 2 10 12 7 12 8 5 6 7 5 8 8 12 6 7 5 12
Flagget til Litauen Litauen 12 4 2 6

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng.

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
5 Flagget til Latvia Latvia Estland, Israel, Litauen, Spania, Tyskland
3 Flagget til Malta Malta Danmark, Kroatia, Storbritannia
Flagget til Spania Spania Belgia, Frankrike, Sveits
2 Flagget til Estland Estland Latvia, Sverige
Flagget til Republikken Kypros Kypros Hellas, Malta
Flagget til Romania Romania Makedonia, Russland
1 Flagget til Austerrike Austerrike Tyrkia
Flagget til Frankrike Frankrike Finland
Flagget til Hellas Hellas Kypros
Flagget til Kroatia Kroatia Slovenia
Det nordmakedonske flagget Makedonia Romania
Det britiske flagget Storbritannia Austerrike
Flagget til Sverige Sverige Bosnia-Hercegovina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]