Eurovision Song Contest 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eurovision Song Contest 2011
Feel Your Heart Beat!
Offisiell tittel
56. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 10. mai 2011
Semifinale 2 12. mai 2011
Finalen 14. mai 2011
Vertskap
Stad
Düsseldorf Arena
Flagget til Tyskland Düsseldorf i Tyskland
Programleiar(ar)
Judith Rakers, Anke Engelke og Stefan Raab
Kringkastar(ar)
Flagget til Tyskland ARD/NDR
Varigskap
Opningsnummer
Finalen «Satellite» av Stefan Raab og Lena Meyer-Landrut
Pausenummer
Semifinale 1 Cold Steel Drummers
Semifinale 2 Flying Steps – «Flying Bach»
Finalen «Oh Jonny» og «Klar» av Jan Delay
Bidrag
Attende
Austerrike
Italia
San Marino
Ungarn
Ikkje med
Andorra
Montenegro
Monaco
Luxembourg
Marokko
Tsjekkia
Kart
ESC 2011 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Bærum 2010 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Baku 2012

Eurovision Song Contest 2011 (ESC 2011) var den 56. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Düsseldorf Arena i Düsseldorf i Tyskland. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 10. mai, den andre semifinalen fann stad torsdag 12. mai og finalen fann stad laurdag 14. mai. Aserbajdsjan vann tevlinga med songen «Running Scared», sungen av Ell & Nikki.

Austerrike, som sist deltok i 2007, Ungarn, som sist deltok i 2009, San Marino, som sist deltok i 2008, og Italia, som sist deltok i 1997, kom attende til tevlinga.

Italia, som enda på andreplass, og Tyskland, som enda på tiandeplass, var dei einaste medlemmane av «Dei fem store» som vart mellom dei ti beste, med Storbritannia tett bak på ein ellevteplass. Resten av «Dei fem store», Frankrike og Spania, enda på høvesvis 15. og 23. plass.

Arena[endre | endre wikiteksten]

12. oktober 2010 vart ESPRIT arena i Düsseldorf annonsert av den tyske kringkasteren Norddeutscher Rundfunk (NDR) som arena for Eurovision Song Contest 2011. Arenaen vart kalla Düsseldorf Arena under arrangementet. Det var den fyrste gongen Eurovision Song Contest vart arrangert i Tyskland sidan gjenforeininga mellom Vest-Tyskland, som arrangerte tevlinga i 1957 og 1983, og Aust-Tyskland, som aldri har delteke. Tyskland er òg den fyrste medlemen av «Dei fem store» som arrangerte tevlinga.

Moglege vertsbyar[endre | endre wikiteksten]

23 byar hadde gjort klår vilkåra for å arrangere tevlinga. Åtte av desse, Berlin, Hamburg, Hannover, Gelsenkirchen, Düsseldorf, Köln, Frankfurt am Main og München, fortsette å vise interesse som vertsby for arrangementet. 21. august 2010 offentleggjorde NDR at fire av desse hadde offisielt søkt om å få arrangere tevlinga i 2011: Berlin, Hamburg, Hannover og Düsseldorf.

ESPRIT arena[endre | endre wikiteksten]

Avisa Der Westen annonserte at bygging og demonteringsarbeid på ESPRIT arena ikkje måtte ta meir enn seks veker. Under Eurovision Song Contest hadde arenaen ein kapasitet på 24 000. Düsseldorf hadde 23 000 hotellsenger og 2 000 ekstra senger i områda rundt Düsseldorf og på skip på Rhinen. Düsseldorf internasjonale lufthamn ligg i nærleiken, og ein friidrettsarena nær EESPRIT Arena vart nytta som pressesenter for 1 500 journalistar. Annonsebanner vart fjerna frå arenaen, og personar som hadde sesongbillett til fotballkampar for Fortuna Düsseldorf vart kompensert. Opphavleg vart det rapportert at Paul-Janes-Stadion ville verte oppgradert til 2. Bundesliga-krav. I staden vart ein mobil arena bygd ved sidan av ESPRIT Arena for tre millionar euro, med ein kapasitet på rundt 20 000. Han vart nytta til tre andredivisjonskampar.

Arrangementkonsept og billettsal[endre | endre wikiteksten]

13. oktober 201, skisserte Thomas Schreiber, koordinator ved ARD, detaljane for arrangementkonseptet. ESPRIT Arena vart delt i to delar, åtskilt frå kvarandre. På den eine sida av stadion vart scena installert, medan den andre sida fungerte som garderobar for deltakarane. Ein friidrettsarena ved sidan av ESPRIT Arena fungerte som pressesenter for arrangementet. ESPRI Arena hadde komfortable sete relativt nær scena som skapte ein innandørsarrangement-atmosfære.

Billettsalet til finalen starta 12. desember 2010 klokka 12.12 lokal tid på nettstaden dticket.de, som var den einaste autoriserte seljaren av billettar til Eurovision Song Contest 2011. Dei 32 000 billettane vart selte ut i løpet av mindre enn seks timar. Billettar til semifinalane vart sett på sal i midten av januar, då det vart kjend kva for land som skulle deltake i kvar semifinale.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Polen Magdalena Tul «Jestem» Polsk 18 19
02 Noreg Stella Mwangi «Haba Haba» Engelsk og swahili 30 17
03 Albania Aurela Gaçe «Feel the Passion» Engelsk og albansk 47 14
04 Armenia Emmy «Boom Boom» Engelsk 54 12
05 Tyrkia Yüksek Sadakat «Live It Up» Engelsk 47 13
06 Serbia Nina «Čaroban» Serbisk 67 8
07 Russland Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk og russisk 64 9
08 Sveits Anna Rossinelli «In Love for a While» Engelsk 55 10
09 Georgia Eldrine «One More Day» Engelsk 74 6
10 Finland Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 103 3
11 Malta Glen Vella «One Life» Engelsk 054 11
12 San Marino Senit «Stand By» Engelsk 34 16
13 Kroatia Daria Kinzer «Celebrate» Engelsk 41 15
14 Island Sigurjón's Friends «Coming Home» Engelsk 100 4
15 Ungarn Kati Wolf «What About My Dreams?» Engelsk og ungarsk 72 7
16 Portugal Homens Da Luta «A luta é alegria» Portugisisk 22 18
17 Litauen Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 81 5
18 Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 122 2
19 Hellas Loúkas Jórkas og Stereo Mike «Watch My Dance» Gresk og engelsk 133 1

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Bosnia-Hercegovina Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 109 5
02 Austerrike Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 69 7
03 Nederland 3JS «Never Alone» Engelsk 13 19
04 Belgia Witloof Bay «With Love Baby» Engelsk 53 11
05 Slovakia TWiiNS «I'm Still Alive» Engelsk 48 13
06 Ukraina Mika Newton «Angel» Engelsk 81 6
07 Moldova Zdob şi Zdub «So Lucky» Engelsk 54 10
08 Sverige Eric Saade «Popular» Engelsk 155 1
09 Kypros Khrístos Mylórdos «San ággelos s'agápisa» Gresk 16 18
10 Bulgaria Poli Genova «Na inat» Bulgarsk 48 12
11 Makedonia Vlatko Ilievski «Rusinka» Makedonsk, engelsk og russisk 36 16
12 Israel Dana International «Ding Dong» Hebraisk og engelsk 38 15
13 Slovenia Maja Keuc «No One» Slovensk 112 3
14 Romania Hotel FM «Change» Engelsk 111 4
15 Estland Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 60 9
16 Kviterussland Anastasia Vinnikova «I Love Belarus» Engelsk 45 14
17 Latvia Musiqq «Angel In Disguise» Engelsk 25 17
18 Danmark A Friend In London «New Tomorrow» Engelsk 135 2
19 Irland Jedward «Lipstick» Engelsk 68 8

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Frimerket.

Finalen vart halden 14. mai 2011 i Düsseldorf Arena i Düsseldorf. Aserbajdsjan vann tevlinga for fyrste gong. Berre Tyskland, som òg var vertsland, Frankrike, Spania, Storbritannia og Italia, kjend som «Dei fem store», var automatisk kvalifisert til finalen. I tillegg til desse deltok dei ti beste landa frå kvar semifinale. Ell & Nikki fekk seinare prisen Peace and Friendship Award fordi Nigar Camal bar eit tyrkisk flagg på scena under vinnarframføringa. Aserbajdsjan og Tyskland prenta frimerke med Eldar Qasımov og Nigar Camal på.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Finland Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 57 21
02 Bosnia-Hercegovina Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 125 6
03 Danmark A Friend In London «New Tomorrow» Engelsk 134 5
04 Litauen Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 63 19
05 Ungarn Kati Wolf «What About My Dreams?» Engelsk og ungarsk 53 22
06 Irland Jedward «Lipstick» Engelsk 119 8
07 Sverige Eric Saade «Popular» Engelsk 185 3
08 Estland Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 44 24
09 Hellas Loúkas Jórkas og Stereo Mike «Watch My Dance» Gresk og engelsk 120 7
10 Russland Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk og russisk 77 16
11 Frankrike Amaury Vassili «Sognu» Korsikansk 82 15
12 Italia Raphael Gualazzi «Madness of Love» Italiensk og engelsk 189 2
13 Sveits Anna Rossinelli «In Love For A While» Engelsk 19 25
14 Storbritannia Blue «I Can» Engelsk 100 11
15 Moldova Zdob şi Zdub «So Lucky» Engelsk 97 12
16 Tyskland Lena «Taken by a Stranger» Engelsk 107 10
17 Romania Hotel FM «Change» Engelsk 77 17
18 Austerrike Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 64 18
19 Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 221 1
20 Slovenia Maja Keuc «No One» Slovensk 96 13
21 Island Sigurjón's Friends «Coming Home» Engelsk 61 20
22 Spania Lucía Pérez «Que me quiten lo bailao» Spansk 50 23
23 Ukraina Mika Newton «Angel» Engelsk 159 4
24 Serbia Nina «Čaroban» Serbisk 85 14
25 Georgia Eldrine «One More Day» Engelsk 110 9

Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Polen 3             4           4   2       5 18 19
Noreg 1 1 1       2   8 4     10   2   1     30 17
Albania       8     6       8 7     4   2 12   47 14
Armenia 2     7   8   8   7 7   4         8 3 54 12
Tyrkia     12     2 5 3   2 10           12     1 47 13
Serbia 6 7 2     4 12   7 3 3 12 5   1 3     2 67 8
Russland   4 3 12 3 6   5 3   1 5 3 3 3 5 5 3   64 9
Sveits 3 6   3   2     6     2 6 8 5 6     6 2 55 10
Georgia 5     8 10 4 5   1 8 2     1   12 8 10   74 6
Finland 10 12   6 1 3 12 10       3 12 6 8 7 3   4 6 103 3
Malta   2 6 7 2 5     6   12 4   2   1 7     54 11
San Marino     8 5 5       1   6 1         6 2   34 16
Kroatia     7     12 1       12 4 1       4     41 15
Island 4 10   2   8 3 8   10       12 10 8   6 12 7 100 4
Ungarn   5     6 10       12 1   6 7       5 10 10 72 7
Portugal     4         4 2               1 8 3 22 18
Litauen 12 8   4   1 7 3 10 2       2 5 6   4 5 12 81 5
Aserbajdsjan 8   5   12   10 1 12 5 10 5 10 8 7 7 10 7 1 4 122 2
Hellas 7 1 10 10 4 7 6 7 7 4 5 6 8   10 12 4 10 7 8 133 1

12 poeng i semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 1:

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
3 Finland Island, Noreg, Russland
2 Aserbajdsjan Georgia, Tyrkia
Island Spania, Ungarn
Kroatia Malta, Serbia
Litauen Polen, Storbritannia
Serbia Kroatia, Sveits
Tyrkia Albania, Aserbajdsjan
1 Albania Hellas
Georgia Litauen
Hellas Portugal
Malta San Marino
Russland Armenia
Ungarn Finland

Splitta jury/telefonrøysting-resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Telefonrøysting Poeng
1 Hellas 154
2 Aserbajdsjan 124
3 Finland 111
4 Russland 93
5 Georgia 90
6 Island 79
7 Armenia 75
8 Ungarn 73
9 Noreg 56
10 Tyrkia 54
11 Litauen 52
12 Sveits 45
13 Albania 42
14 Serbia 42
15 Portugal 39
16 Kroatia 32
17 Polen 25
18 Malta 24
19 San Marino 8

Plass Jury Poeng
1 Litauen 113
2 Aserbajdsjan 109
3 Island 104
4 Serbia 102
5 Finland 86
6 Malta 84
7 Sveits 76
8 San Marino 74
9 Hellas 74
10 Ungarn 65
11 Albania 61
12 Tyrkia 58
13 Georgia 51
14 Kroatia 49
15 Armenia 33
16 Russland 31
17 Noreg 29
18 Polen 13
19 Portugal 6

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Bosnia-Hercegovina 12 10 4 12 4   8     12   12     5 2 7   10 7 4 109 5
Austerrike 7 3   5 1   4 4 10   1 7   2     5 2 1 12 5 69 7
Nederland     8           5                       13 19
Belgia 8 1 6     6   2 6   2 2 8 1   3     6   2 53 11
Slovakia 6 3   3 12 7       3   3 3   3     5     48 13
Ukraina 4       10 8 3 5 3 6 8 6 2 7 12   1       6 81 6
Moldova         4       2 5 4   12   10 1   4   5 7 54 10
Sverige 5 10 12 12 7 5 3 12   2 12 5 7 12 8 7 12 8 12 1 3 155 1
Kypros           6                           2 8 16 18
Bulgaria   2 2 1     5 1 10 1   4         4 1 3 4 10 48 12
Makedonia 10         7 1       3 8     7           36 16
Israel     5 2       5 1   7   4   6       7   1 38 15
Slovenia 12 8 8   8   4   7 8 10 6 10 5   4 8 6 5 3 112 3
Romania   6 4 10 6   12 7 8 1 4 7   6   5 6 3 8 6 12 111 4
Estland   5   6   8   6   4   5     1 8 3 10 4   60 9
Kviterussland 2       1 10 10   3   8     1 4 6         45 14
Latvia   4           2             8 2   2 7     25 17
Danmark 1 7 7 7 3 3 2 12 6 12   10 10 5 10 4 12 12 2 10 135 2
Irland 3   1 5 2 2   10   7     1 6 3   10 10   8 68 8

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 2:

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
7 Sverige Belgia, Danmark, Estland, Frankrike, Israel, Kypros, Nederland
5 Bosnia-Hercegovina Austerrike, Makedonia, Slovakia, Slovenia, Serbia
4 Danmark Bulgaria, Irland, Latvia, Sverige
2 Romania Italia, Moldova
1 Austerrike Tyskland
Moldova Romania
Slovakia Ukraina
Slovenia Bosnia-Hercegovina
Ukraina Kviterussland

Splitta jury/telefonrøysting-resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Telefonrøysting Poeng
1 Sverige 159
2 Bosnia-Hercegovina 131
3 Romania 121
4 Danmark 115
5 Ukraina 91
6 Irland 78
7 Slovenia 68
8 Moldova 61
9 Kviterussland 54
10 Austerrike 52
11 Israel 51
12 Belgia 50
13 Estland 46
14 Bulgaria 43
15 Latvia 43
16 Slovakia 40
17 Makedonia 33
18 Kypros 23
19 Nederland 17

Plass Jury Poeng
1 Slovenia 146
2 Danmark 129
3 Sverige 99
4 Austerrike 95
5 Romania 85
6 Estland 83
7 Ukraina 76
8 Belgia 71
9 Slovakia 71
10 Irland 66
11 Bosnia-Hercegovina 65
12 Bulgaria 59
13 Moldova 53
14 Makedonia 47
15 Kviterussland 38
16 Israel 36
17 Kypros 24
18 Nederland 22
19 Latvia 11


Finalen[endre | endre wikiteksten]

Deltakarland Poenggjevande land[1] Sum
Finland               12     10     5   5 7   2       5                       1   3     7     57
Bosnia-Hercegovina   2 8 4       4   12         12   8   7   12 10 12 3   5 12 7     7                       125
Danmark   7 12   3     7     12 6 5     3 10 4 6   8         7     1     5         12   10 10     6 134
Litauen 2             3         6     12                 12   7 2   1             10 1         7 63
Ungarn           4 12       5       2   5     2           2 8     7               6         53
Irland   3 5       10       4 8 12 12 4 1 12   8                         8 6     2   7       7 10 119
Sverige 1   10   10 1 6 10 4 6 7 10 3 10       6   3 4 4   6 1 10 1 4 4 3   6   10   5 4 5 12 12 3 4 185
Estland           2 7 2           2                                         7   7   5   6 2 4 44
Hellas 8 10   2 12 6     7 3               8 10 8     2   6   3     8 10     8             1 8 120
Russland   4     2 8     8   1               5 4       1 4   4   5   4     3 6       8 5 5   77
Frankrike 3     1 7 5 4   5                 3           12 2     6     2 1 2     4   10     2 12 1 82
Italia         1   3   6 1 3   7   6 10   12 3 1 3   4 10 7 8 2   3 6 12 10 10 4 10 6 5 12   6   6 12 189
Sveits                       4 10                           5                               19
Storbritannia 4 12   10 4 3   1 2 5 2     3       2   5 1 6   2   1     2   6 7 3   3   6   1   4   5 100
Moldova 7     8   7           5 8   5       4 7         5 4     7 12     5   4   8         1 97
Tyskland     7 6       5     6     8 10 4 6       7 3 8 4   3   1 8           2 3   3       5 8 107
Romania   6 4 12                   4 1         6   5                       1     1 8 6 1 12 10 77
Austerrike   5 1       1   3 2   3 2 1     4   12   5 1 7   3     3       2   2   7             64
Aserbajdsjan 12   6   8 10 5       8 7     8 8 3 10       12 1 5 8 6   10 6 10 8 12 8 7 8 8     4 8 10 3 2 221
Slovenia 5   2   6         10   1   7 3     1 1     2         10 12   4   3 1 6   12 2   3 2     3 96
Island       5     8 8         4 6     1           10                   4 12   1   2         61
Spania                   4   2 1               2   3     12       5 5   12             4     50
Ukraina 10 8   7 5       12 7   12       2 2     12 6 7   7 10   6 5 10 2 3 4 7           7   8   159
Serbia     3 3     2 6 1 8         7 6   5     10   6         8     1       5 10   4         85
Georgia 6 1       12     10             7   7   10   8   8         12         5 12       2 3 7   110

12 poeng i finalen[endre | endre wikiteksten]

Under er lista over landa som fekk 12 poeng i finalen. Heile 20 av dei 25 finalelanda fekk minst éin tolvar, noko som framleis er rekord per 2019. Blant dei fem som ikkje fekk nokon 12-poengar var Tyskland med fjorårsvinnaren Lena Meyer-Landrut.

Antall Deltakerland 12 poeng frå
5 Bosnia-Hercegovina Austerrike, Makedonia, Serbia, Slovenia, Sveits
4 Italia Albania, Latvia, San Marino, Spania
3 Aserbajdsjan Malta, Russland, Tyrkia
Danmark Island, Irland, Nederland
Georgia Kviterussland, Litauen, Ukraina
Irland Danmark, Storbritannia, Sverige
Ukraina Armenia, Aserbajdsjan, Slovakia
2 Frankrike Belgia, Hellas
Litauen Georgia, Polen
Romania Italia, Moldova
Slovenia Bosnia-Hercegovina, Kroatia
Spania Frankrike, Portugal
Sverige Estland, Israel
1 Austerrike Tyskland
Finland Noreg
Hellas Kypros
Island Ungarn
Moldova Romania
Storbritannia Bulgaria
Ungarn Finland

Splitta jury/telefonrøysting-resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Telefonrøysting Poeng
1 Aserbajdsjan 223
2 Sverige 221
3 Hellas 176
4 Ukraina 168
5 Storbritannia 166
6 Bosnia-Hercegovina 151
7 Russland 138
8 Georgia 138
9 Tyskland 113
10 Irland 101
11 Italia 99
12 Moldova 98
13 Serbia 89
14 Romania 79
15 Frankrike 76
16 Spania 73
17 Ungarn 64
18 Danmark 61
19 Island 60
20 Litauen 55
21 Finland 47
22 Slovenia 39
23 Estland 32
24 Austerrike 25
25 Sveits 2

Plass Jury Poeng
1 Italia 251
2 Aserbajdsjan 182
3 Danmark 168
4 Slovenia 166
5 Austerrike 145
6 Irland 119
7 Ukraina 117
8 Serbia 111
9 Sverige 106
10 Tyskland 104
11 Bosnia-Hercegovina 90
12 Frankrike 90
13 Romania 86
14 Hellas 84
15 Moldova 82
16 Georgia 79
17 Finland 75
18 Estland 74
19 Island 72
20 Litauen 66
21 Ungarn 60
22 Storbritannia 57
23 Sveits 53
24 Spania 38
25 Russland 25

Artistar som har delteke tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Dino Merlin Bosnia-Hercegovina 1999 (med Béatrice) Bosnia-Hercegovina 86 7
Lena Tyskland 2010 Tyskland 246 1 X X
Gunnar Ólason (del av Sjonni's Friends) Island 2001 (del av Two Tricky) Island 3 22
Dana International Israel 1998 Israel 172 1
Zdob şi Zdub Moldova 2005 Moldova 148 6 207 2

Stefan Raab, som var programleiar for Eurovision Song Contest, representerte Tyskland i 2000 og har i tillegg vore bakgrunnssongar fleire gongar. Sophio Toroschelidse, vokalisten i Eldrine, var støttevokalist for Georgia i 2010. Vlatko Ilievski var støttevokalist for Makedonia i 2005. TWIINS var støttevokalist for Tsjekkia i 2008. Det var den andre gongen sidan tevlinga starta at to tidlegare vinnarar deltok same år. Den fyrste gongen var i 1958.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Scoreboard: Eurovision Song Contest 2011 Final». Eurovision.tv. Arkivert frå originalen 2012-04-27. Henta 17. mai 2011.