Eurovision Song Contest 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2013
We Are One
Offisiell tittel
58. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 14. mai 2013
Semifinale 2 16. mai 2013
Finalen 18. mai 2013
Vertskap
Stad
Malmö Arena i Malmö i Sverige
Programleiar(ar)
Petra Mede
Eric Saade (F, Green room)
Kringkastar(ar)
Sveriges Television
Varigskap
Opningsnummer
Semifinale 1 Teiknspråktolking av «Euphoria» med barn og Loreen
Semifinale 2 Urban Orchestra (koreografert av Jennie Widegren og Fredrik Rydman)
Finalen «We Write the Story» (komponert av Björn Ulvaeus, Benny Andersson og Avicii)
Pausenummer
Semifinale 1 Northern Lights (koreografert av Jennie Widegren og Fredrik Rydman og komponert av Kleerup)
Semifinale 2 Swedish Pop Voices med Darin og Agnes
Finalen Carola og Loreen
Bidrag
Antal bidrag
39 land. 26 i finalen (6 direktekvalifiserte og 10 frå kvar semifinale), 16 i den fyrste semifinalen og 17 i den andre semifinalen
Attende
Armenia
Trekte seg
Bosnia-Hercegovina
Portugal
Slovakia
Tyrkia
Ikkje med
Polen
Andorra
Tsjekkia
Luxembourg
Monaco
Marokko
Kart
frameless}}Portugal i Eurovision Song Contest 2013Spania i Eurovision Song Contest 2013San Marino i Eurovision Song Contest 2013Frankrik i Eurovision Song Contest 2013Storbritannia i Eurovision Song Contest 2013Irland i Eurovision Song Contest 2013Island i Eurovision Song Contest 2013Belgia i Eurovision Song Contest 2013Nederland i Eurovision Song Contest 2013Sveits i Eurovision Song Contest 2013Tyskland i Eurovision Song Contest 2013Danmark i Eurovision Song Contest 2013Malta i Eurovision Song Contest 2013Italia i Eurovision Song Contest 2013Noreg i Eurovision Song Contest 2013Sverige i Eurovision Song Contest 2013Finland i Eurovision Song Contest 2013Estland i Eurovision Song Contest 2013Latvia i Eurovision Song Contest 2013Litauen i Eurovision Song Contest 2013Slovakia i Eurovision Song Contest 2013Austerrike i Eurovision Song Contest 2013Slovenia i Eurovision Song Contest 2013Ungarn i Eurovision Song Contest 2013Kroatia i Eurovision Song Contest 2013Bosnia-Hercegovina i Eurovision Song Contest 2013Montenegro i Eurovision Song Contest 2013Serbia i Eurovision Song Contest 2013Albania i Eurovision Song Contest 2013Makedonia i Eurovision Song Contest 2013Hellas Eurovision Song Contest 2013Bulgaria i Eurovision Song Contest 2013Romania i Eurovision Song Contest 2013Moldova i Eurovision Song Contest 2013Ukraina i Eurovision Song Contest 2013Kviterussland i Eurovision Song Contest 2013Russland i Eurovision Song Contest 2013Georgia i Eurovision Song Contest 2013Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2013Tyrkia i Eurovision Song Contest 2013Kypros i Eurovision Song Contest 2013Israel in the Eurovision Song Contest 2013Marokko i Eurovision Song ContestLiechtenstein i Eurovision Song ContestAndorra i Eurovision Song ContestMonaco i Eurovision Song ContestPolen i Eurovision Song ContestTsjekkia i Eurovision Song ContestArmenia i Eurovision Song Contest 2013Luxembourg i Eurovision Song ContestLibanon i Eurovision Song ContestTunisia i Eurovision Song Contest
frameless}}

██ Deltok██ Delteke tidlegare██ Aldri delteke
Røysting
Vinnar
Danmark med «Only Teardrops» av Emmelie de Forest
Eurovision Song Contest
Baku 2012 København 2014

Eurovision Song Contest 2013 (ESC 2013), offisielt 58. Eurovision Song Contest, var den 58. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Malmö i Sverige, etter at Loreen vann Eurovision Song Contest 2012 med songen «Euphoria».

Tre byar var interesserte i å arrangere tevlinga, og 8. juli 2012 vart Malmö Arena vald som arena av Sveriges Television (SVT). Dette var femte gongen Sverige arrangerte tevlinga og andre gong Malmö var vertsby, etter å ha arrangert tevlinga i 1992. Datoen for dei to semifinalane var 14. og 16. mai 2013, og finalen vart halden om kvelden 18. mai 2013.[1] 39 land tok del, mellom dei Armenia som sist var med i 2011.[2][3][4] Bosnia-Hercegovina, Portugal, Slovakia og Tyrkia annonserte at dei ville trekkje seg frå tevlinga i 2013.[5][6][7][8]

For fyrste gong på 20 år klarte ingen av landa frå det tidlegare Jugoslavia å kvalifisere seg til finalen.[9]

Malmö[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Malmö.
Malmö Arena.

8. juli 2012 gjorde SVT kjent at Malmö Arena skulle arrangere Eurovision Song Contest 2013. Dette var den femte gongen tevlinga vart stelt til i Sverige, og andre gongen i Malmö. Dei tidlegare gongene var i 1975, 1985, 1992 (Malmö) og 2000.

Malmö ligg i Skåne og er den tredje største byen i Sverige etter innbyggjartal, etter Stockholm og Göteborg, og er ein av dei største byane i Skandinavia. Malmö er administrasjonssenter i Malmö kommun og hovudstad i Skåne län. Den administrative eininga for det meste av byen er Malmö kommun, som har 303 873 innbyggjarar, der 30 prosent er av utanlandsk opphav.[10] Ein del av Malmö ligg òg formelt i Burlövs kommun. Det totale innbyggjartalet i område var på 280 415 i desember 2010.[11]

Tildelingsprosessen[endre | endre wikiteksten]

Natta etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 sa administrerande direktør i SVT, Eva Hamilton, at ulike arenaer i Stockholm, Göteborg og Malmö kunne vere moglege vertsstader for Eurovision Song Contest 2013.[12] Globen, der Eurovision Song Contest 2000 vart arrangert, skal arrangere Verdsmeisterskapen i ishockey 2013 og vil difor ikkje ha høve til å arrangere tevlinga.

20. juni 2012 vart det annonsert at Göteborg ikkje lenger ynskte å arrangere finalen av di byen skal arrangere Göteborg Horse Show seint i april 2013. Det var òg mogleg at det ikkje ville vere nok hotellrom av di det vart arrangert fleire arrangement på same tid som Eurovision Song Contest 2013.[13]

Stockholm og Malmö reserverte arenaer og hotellrom som ein del av bodet for å arrangere Eurovision Song Contest 2013.[14] 8. juli 2012 vart Malmö Arena vald ut som vertsby for tevlinga.

By Arena Kapasitet Merknad
Stockholm
(Solna)
Friends Arena 67 500
Malmö Malmö Arena 15 500 Arenaen hadde arrangert fleire semifinalar i Melodifestivalen dei siste fire åra.
Göteborg Scandinavium 14 000 Arenaen arrangerte Eurovision Song Contest 1985.
Svenska Mässan Ukjend

SVT hadde eit ynske om å arrangere tevlinga på ein mindre arena enn tidlegare, og dette var ein av faktorane som spelte inn då dei valde Malmö Arena.[15] Martin Österdahl, hovudansvarleg for Eurovision Song Contest 2013, fortalde svensk presse at han ikkje likte vedtaket frå tidlegare vertsland om at tevlinga måtte arrangerast i større arenaer. SVT ynskte difor at tevlinga skulle vere «meir nær og personleg».[15][16] Ifylgje SVT ynskte òg EBU at Eurovision Song Contest skulle verte «mindre» på grunn av høgare kostnadar.[16]

Format[endre | endre wikiteksten]

Programleiar[endre | endre wikiteksten]

Petre Mede ynskjer velkomen til den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013.

17. oktober 2012 sa produsent Martin Österdahl til avisa Dagens Nyheter at SVT berre ville ha ein programleiar, ulikt tidlegare år der det har vore opp til tre programleiarar. Sist gong det berre var ein programleiar var i 1995 då Mary Kennedy leia tevlinga frå Dublin i Irland.[17][18] 28. januar 2013 vart Petra Mede annonsert som programleiar for Eurovision Song Contest 2013.[19] 8. mai 2013 vart det kjend at Eric Saade, som representerte Sverige i 2011, vil vere green room-programleiar i finalen.[20]

Grafisk design[endre | endre wikiteksten]

Den visuelle utsjånaden på tevlinga vart laga av Happy F&B.[21]

Billettsal[endre | endre wikiteksten]

11. juli 2012 råda produsent Christer Björkman til at folk ikkje skulle kjøpe billettar som var i omlaup, men heller vente til dei vart gjevne ut gjennom offisielle kanalar av di dei offisielle billettane ikkje hadde vorte lagt ut for sal.[22] Björkman gav òg forsikring om at det ville vere nok hotellrom, så medan arrangørane hadde bestilt fleire rom, kan nokon òg ha vorte tilgjengeleg for publikum.[22] 21. november 2012 annonserte SVT at dei offisielle billettane ville verte lagt ut for sal 26. november 2012.[23]

Sponsorar[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle sponsoren for kringkastinga var det svenske telekommunikasjonsføretaket TeliaSonera og det tyske kosmetikkføretaket Schwarzkopf.[24][25]

Semifinaletrekning[endre | endre wikiteksten]

Ulikt tidlegare år ville ein i 2013 ikkje trekkje eit startnummer til kvart bidrag, men i staden for ville produsentane velje ut startrekkjefylgja for at programmet skulle verte meir spennande og for at alle bidraga skulle få skilje seg meir ut, slik at ikkje like bidrag rauk ut av di dei var for like.[26] Endringa førte til blanda reaksjonar frå fans og kringkastarar.[27][28][29][30][31] 3. januar 2013 annonserte EBU at semifinaletrekninga ville finne stad 17. januar 2013 i Malmö rådhus.[32]

For å lage meir spenning, slik som tidlegare år, vart 30 land delt inn i fem grupper basert på korleis dei har røysta dei siste ni åra. Gruppene vart sett saman av Diagam.[33]

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5

Albania
Kroatia
Makedonia
Montenegro
Serbia
Sveits

Estland
Finland
Island
Irland
Latvia
Litauen

Armenia
Aserbajdsjan
Kviterussland
Georgia
Russland
Ukraina

Belgia
Bulgaria
Kypros
Hellas
Malta
Nederland

Austerrike
Ungarn
Moldova
Romania
San Marino
Slovenia

Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Ei trekning på hovudkvarteret til EBU vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen.[26] Israel fekk òg ein plass i den andre semifinalen av di 14. mai er nasjonal fridag.[33] Storbritannia, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, òg kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen og fekk dimed berre vite kva for semifinale dei vil røyste i. Sverige, Italia og Storbritannia vil røyste i den fyrste semifinalen og Spania, Tyskland og Frankrike vil røyste i den andre semifinalen.[34]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Armenia[endre | endre wikiteksten]

Røyster frå den armenske disporaen i Nederland og Belgia til Armenia skal truleg ikkje ha vore korrekt talt opp.[35] Armenia fekk ikkje poeng frå Nederland og Belgia for fyrste gong sidan dei debuterte i 2006.

Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

Før tevlinga vart det rapportert i litauiske medium om at ein skjult kamera-video var publisert på YouTube og det såg ut til at Aserbajdsjan kjøpte telefonrøyster frå Litauen. Litauen enda opp med å gje Aserbajdsjan maksimum tolv poeng. Studentar sa at dei vart kontakta av menn som ville gje dei 20 euro kvar om dei røysta fleire gonger på eit bidrag. Målet deira var å få grupper på ti personar til å røyste på Aserbajdsjan. Av di ein berre kan røyste 20 gonger fekk studentane SIM-kort der ein kunne røyste så mange gonger som mogleg i laupet av dei 15 minutta røystinga varte. Dialogen i videoen tyda på at liknande hendingar fann stad i totalt 15 land, inkludert Latvia, Estland, Kviterussland, Ukraina, Kroatia og Sveits.[36][37][38]

Som svar publiserte den offisielle Eurovision-nettstaden Eurovision.tv ein nyhendeartikkel, signert Jon Ola Sand. Sand sa at arrangørane av tevlinga ynskte eit «rettferdig og transparent resultat». Han sa: «Me undersøkjer denne saka, men vil understreke at hensikta til desse personane ikkje har vorte avklåra, og at det heller ikkje er etablert noko kopling mellom personane i videoen og den aserbajdsjanske delegasjonen, det aserbajdsjanske bidraget eller den aserbajdsjanske kringkastaren som er medlem av EBU, İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti». Han la til at det sidan 1998, då han fyrst vart involvert i tevlinga, «har gått rykte kvart år om uregelmessigheiter i avrøystinga».[39]

Aserbajdsjan, Russland og Kviterussland[endre | endre wikiteksten]

Då Aserbajdsjan ikkje gav poeng til det russiske bidraget, sjølv om Russland truleg kom på andreplass i telefonrøystinga til Aserbajdsjan, ville den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev ha ei gransking. Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov hevda at resultatet hadde vorte forfalska, og sa: «Denne opprørande handlinga vil ikkje gå utan eit svar». Han lova ein korrigert respons med den aserbajdsjanske utanriksminsteren Elmar Məmmədyarov. Samstundes hevda den kviterussiske presidenten Alexander Lukashenko at røystene måtte ha vorte forfalska av di Kviterussland ikkje fekk nokre poeng frå Russland.[40]

Terrormål[endre | endre wikiteksten]

11. mai 2013 vart det funne ei veske som ein trudde kunne innehalde ei bombe, framfor inngangen til Radisson Blu Hotel i Malmö, der den israelske, finske og britiske delegasjonen budde. Eit område på om lag 100 meter rundt hotellet vart sperra av av politiet. Då ei bombegruppe undersøkte veska viste det seg at det berre var bagasje som var gløymt att utanfor hotellet.[41][42][43][44][45]

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

  • Italia, Sverige og Storbritannia røysta i denne semifinalen.
#[46] Land[46] Artist[46] Song[46] Språk[46] Låtskrivar[46] Poeng[46] Plass[46]
01 Austerrike Natália Kelly «Shine» Engelsk Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly 14 27
02 Estland Birgit «Et uus saaks alguse» Estisk Mihkel Mattisen og Silvia Soro 10 52
03 Slovenia Hannah «Straight Into Love» Engelsk Hannah Mancini, Gregor Zemljic, Erik Margan, Matija Rodic og Marko Primuzak 16 8
04 Kroatia Klapa s Mora «Mižerja» Kroatisk Goran Topolovac 13 38
05 Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» Engelsk Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard 1 167
06 Russland Dina Garipova «What If» Engelsk Gabriel Alares, Joakim Björnberg og Leonid Gutkin 2 156
07 Ukraina Zlata Ognevitsj «Gravity» Engelsk Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan 3 140
08 Nederland Anouk «Birds» Engelsk Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe 6 75
09 Montenegro Who See «Igranka» Montenegrinsk Djordje Miljenovic, Dejan Dedovic og Mario Djordjevic 12 41
10 Litauen Andrius Pojavis «Something» Engelsk Andrius Pojavis 9 53
11 Kviterussland Alena Lanskaja «Solayoh» Engelsk Marc Paelinck og Martin King 7 64
12 Moldova Aliona Moon «O mie» Rumensk Pasha Parfeny og Yuliana Scutaru 4 95
13 Irland Ryan Dolan «Only Love Survives Engelsk Wez Devine og Ryan Dolan 8 54
14 Kypros Déspina Olymbíou «An me thimáse» Gresk Andreas Giorgallis og Zenon Zintillis 15 11
15 Belgia Roberto Bellarosa «Love Kills» Engelsk Iain James og Jukka Immonen 5 75
16 Serbia Moje 3 «Ljubav je svuda» Serbisk Saša Milošević Mare og Marina Tucaković 11 46

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

  • Tyskland, Frankrike og Spania røysta i denne semifinalen.
#[46] Land[46] Artist[46] Song[46] Språk[46] Låtskrivar[46] Poeng[46] Plass[46]
01 Latvia PeR «Here We Go» Engelsk Ralfs Eilands og Arturas Burke 17 13
02 San Marino Valentina Monetta «Crisalide (Vola)» Italiensk Ralph Siegel og Mauro Balestri 11 47
03 Makedonia Esma og Lozano «Pred da se razdeni» Makedonsk og romanés Darko Dimitrov, Lazar Cvetkovski, Simeon Atanasov og Magdalena Cvetkovska 16 28
04 Aserbajdsjan Fərid Məmmədov «Hold Me» Engelsk Dimítris Kontópoulos, John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel 1 139
05 Finland Krista Siegfrids «Marry Me» Engelsk Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström 9 64
06 Malta Gianluca Bezzina «Tomorrow» Engelsk Boris Cezek og Dean Muscat 4 118
07 Bulgaria Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov «Samo shampioni» Bulgarsk Elitsa Todorova og Christian Talev 12 45
08 Island Eythor Ingi «Ég á líf» Islandsk Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson 6 72
09 Hellas Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis «Alcohol Is Free» Gresk og engelsk Stathis Paxidis og Ilias Kozas 2 121
10 Israel Moran Mazor «Rak bishvilo» Hebraisk Hen Harari og Gal Sarig 14 40
11 Armenia Dorians «Lonely Planet» Engelsk Tony Iommi og Vardan Zadoyan 7 69
12 Ungarn ByeAlex «Kedvesem» (Zoohacker Remix) Ungarsk Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács 8 66
13 Noreg Margaret Berger «I Feed You My Love» Engelsk Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson 3 121
14 Albania Adrian Lulgjuraj og Bledar Sejko «Identitet» Albansk Bledar Sejko og Eda Sejko 15 31
15 Georgia Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili «Waterfall» Engelsk Thomas G:son og Erik Bernholm 10 63
16 Sveits Takasa «You and Me» Engelsk Georg Schlunegger, Roman Camenzind og Fred Herrmann 13 41
17 Romania Cezar «It's My Life» Engelsk Cristian Faur 5 83

Finalen[endre | endre wikiteksten]

# Land Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass
01 Frankrike Amandine Bourgeois «L'enfer et moi» Fransk David Salkin og Boris Bergman 014 23
02 Litauen Andrius Pojavis «Something» Engelsk Andrius Pojavis 017 22
03 Moldova Aliona Moon «O mie» Rumensk Pasha Parfeny og Yuliana Scutaru 071 11
04 Finland Krista Siegfrids «Marry Me» Engelsk Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström 013 24
05 Spania ESDM «Contigo hasta el final» Spansk og engelsk Raquel del Rosario, David Feito og Juan Suárez 008 25
06 Belgia Roberto Bellarosa «Love Kills» Engelsk Iain James og Jukka Immonen 071 12
07 Estland Birgit «Et uus saaks alguse» Estisk Mihkel Mattisen og Silvia Soro 019 20
08 Kviterussland Alena Lanskaja «Solayoh» Engelsk Marc Paelinck og Martin King 048 16
09 Malta Gianluca Bezzina «Tomorrow» Engelsk Boris Cezek og Dean Muscat 120 08
10 Russland Dina Garipova «What If» Engelsk Gabriel Alares, Joakim Björnberg og Leonid Gutkin 174 05
11 Tyskland Cascada «Glorious» Engelsk Yann Peifer, Manuel Reuter, Andres Ballinas og Tony Cornelissen 018 21
12 Armenia Dorians «Lonely Planet» Engelsk Tony Iommi og Vardan Zadoyan 041 18
13 Nederland Anouk «Birds» Engelsk Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe 114 09
14 Romania Cezar «It's My Life» Engelsk Cristian Faur 065 13
15 Storbritannia Bonnie Tyler «Believe in Me» Engelsk Desmond Child, Lauren Christy og Christopher Braide 023 19
16 Sverige Robin Stjernberg «You» Engelsk Robin Stjernberg, Joy Deb, Linnea Deb og Joakim Harestad Haukaas 062 14
17 Ungarn ByeAlex «Kedvesem» (Zoohacker Remix) Ungarsk Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács 084 10
18 Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» Engelsk Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard 281 01
19 Island Eythor Ingi «Ég á líf» Islandsk Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson 047 17
20 Aserbajdsjan Fərid Məmmədov «Hold Me» Engelsk Dimítris Kontópoulos, John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel 234 02
21 Hellas Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis «Alcohol Is Free» Gresk og engelsk Stathis Paxidis og Ilias Kozas 152 06
22 Ukraina Zlata Ognevitsj «Gravity» Engelsk Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan 214 03
23 Italia Marco Mengoni «L'essenziale» Italiensk Francesco De Benedittis, Roberto Casalino og Marco Mengoni 126 07
24 Noreg Margaret Berger «I Feed You My Love» Engelsk Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson 191 04
25 Georgia Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili «Waterfall» Engelsk Thomas G:son og Erik Bernholm 050 15
26 Irland Ryan Dolan «Only Love Survives Engelsk Wez Devine og Ryan Dolan 005 26

Tidlegare deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Andre land[endre | endre wikiteksten]

Andre prisar[endre | endre wikiteksten]

OGAE[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå OGAE.

OGAE er eit av dei to store internasjonale fanklubbnettverka til Eurovision Song Contest. Fanklubben starta i 1984 i Finland, lenge etter den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Alle land som deltek eller har delteke i Eurovision Song Contest kan ha sin eigen OGAE. Land som ikkje har delteke i Eurovision Song Contest er samla under OGAE Rest of the World, som vart starta i 2004.[55]

Ein årleg tradisjon mellom OGAE-klubbane halde ei røysting for å finne favorittbidraget til medlemmane. Under er dei fem beste bidraga etter at 39 klubbar har røysta.[56]

Land Artist Song Låtskrivar OGAE-resultat
Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard 374
San Marino Valentina Monetta «Crisalide (Vola)» Mauro Balestri og Ralph Siegel 282
Noreg Margaret Berger «I Feed You My Love» Karin Park og MachoPsycho 269
Tyskland Cascada «Glorious» Yann Peifer, Manuel Reuter, Andres Ballinas og Tony Cornelissen 195
Italia Marco Mengoni L'essenziale Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis 177

Kommentatorar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roxburgh, Gordon. «Dates announced for 2013 Contest». European Broadcasting Union. Eurovision.tv. Henta 19. mai 2012. 
  2. Hondal, Victor (27. mai 2012). «Armenia set to return in 2013». ESCToday.com. Arkivert frå originalen 31. mai 2012. Henta 27. mai 2012. 
  3. Jiandani, Sanjay (31. oktober 2012). «Armenia confirms participation». ESCToday.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2017. Henta 31 October 2012. 
  4. «39 countries to take part in Eurovision 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. 21. desember 2012. Henta 21. desember 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Bosna i Hercegovina odustala od učešća na Eurosongu u Švedskoj». klix magazin (på bosnisk). 14. desember 2012. Henta 14. desember 2012. 
  6. 6,0 6,1 Jiandani, Sanjay (22. november 2012). «Portugal will not participate in Eurovision 2013». ESCToday. Henta 7. desember 2012. 
  7. 7,0 7,1 «Víme první: Slovensko nebude na Eurovizi 2013!». EuroContest.cz. 4. desember 2012. Arkivert frå originalen 20. juni 2013. Henta 7. desember 2012. 
  8. 8,0 8,1 Jiandani, Sanjay (14. desember 2012). «Turkey will not go to Eurovision in Malmö» (på engelsk). ESCToday. Henta 14. desember 2012. 
  9. Andreas Brenner (17. mai 2013). «Speculation mounts on who will win Eurovision» (på engelsk). DW.de. Henta 24. mai 2013. 
  10. Necmi Incegül. «Statistik om Malmö - Malmö stad». Malmo.se (på svensk). Arkivert frå originalen 26. desember 2018. Henta 23. oktober 2012. 
  11. «Tätorternas landareal, folkmängd och invånare per km2 2005 och 2010». Statistics Sweden (på svensk). 14 December 2011. Arkivert frå originalen 27. januar 2012. Henta 23. oktober 2012. 
  12. «SVT redan förberedda på schlager-EM 2013». Expressen (på svensk). Henta 24. oktober 2012. 
  13. «Inget schlager-EM i Göteborg». Sydsvenskan (på svensk). 20. juni 2012. Henta 20. juni 2012. 
  14. Gustavsson, Rikard (28. mai 2012). «The bidding has started!». ESCToday.com (på engelsk). Henta 28. mai 2012. 
  15. 15,0 15,1 Dahlander, Gustav (8. juli 2012). «Eurovision Song Contest 2013 hålls i Malmö - Melodifestivalen». Sveriges Television (SVT) (på svensk). Henta 24. oktober 2012. 
  16. 16,0 16,1 Dahlander, Gustav (9. juli 2012). «Därför fick Malmö Eurovision - Melodifestivalen». Sveriges Television (SVT) (på svensk). Henta 24. oktober 2012. 
  17. «Just one presenter for 2013 Eurovision» (på engelsk). Sveriges Radio. 17. oktober 2012. Henta 16. desember 2012. 
  18. «Malmö: Just one presenter in 2013». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Eurovision.tv. 17. oktober 2012. Henta 16. desember 2012. 
  19. «Petra Mede will host the Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). ESCXtra. 28. januar 2013. Henta 22. mars 2013. 
  20. Mirja Bokholm (8. mai 2013). «Eric Saade blir greenroomvärd under Eurovisionfinalen» (på svensk). Sveriges Television. Henta 9. mai 2013. 
  21. «Happy F&B the agency to create the 2013 look». ESCToday (på engelsk). 31. oktober 2012. Henta 16. desember 2012. 
  22. 22,0 22,1 «Swedish hosts advise fans on tickets and accommodation for Malmö 2013». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Eurovision.tv. 11. juli 2012. Henta 16. desember 2012. 
  23. «First tickets released for sale on Monday 26 November». esctoday.com (på engelsk). 21. november 2012. Henta 16. desember 2012. 
  24. «TeliaSonera once again Eurovision presenting partner». esctoday.com. Henta 22 November 2012. 
  25. «Cosmetics giant again Eurovision Beauty Partner». esctoday.com (på engelsk). Henta 16. desember 2012. 
  26. 26,0 26,1 Siim, Jarmo (7. november 2012). «Running order Malmö 2013 to be determined by producers». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 16. desember 2012. 
  27. Repo, Juha. «Mixed feelings about Eurovision rule change» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012. 
  28. Jiandani, Sanjay. «Ireland reacts to running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012. 
  29. Sanjay, Jiandani. «San Marino reacts to running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012. 
  30. Jiandani, Sanjay. «Moldova reacts to running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012. 
  31. Floras, Stella. «Greece reacts to new running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012. 
  32. «Semi-Final participants drawn on January 17» (på engelsk). Eurovision.tv. 3. januar 2013. Henta 18. januar 2013. 
  33. 33,0 33,1 Siim, Jarmo (16. januar 2013). «Tomorrow: Countries drawn into Semi-Finals in Malmö». European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 21. Januar 2013. Henta 16. januar 2013. 
  34. Siim, Jarmo (17. januar 2013). «Draw results: Who's in which Semi-Final?» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 18. januar 2013. 
  35. «Many Armenians in Netherlands and Belgium voted for Dorians but their votes weren't counted» (på engelsk). MediaMax. 21. mai 2013. Henta 25. mai 2013. 
  36. «Победитель "Евровидения-2013" куплен? Журналисты 15min.lt разоблачили в Литве банду, которая скупала голоса» (på litauisk). 15min.lt. Henta 25. mai 2013. 
  37. «Eurovision 2013 Scandal! This is how Azerbaijan gets its votes.» (på engelsk). YouTube. Henta 25. mai 2013. 
  38. «Eurovision Voting 2012: Did Azerbaijan Cheat?» (på engelsk). The Eurovision Times. Henta 25. mai 2013. 
  39. «Eurovision organisers respond to media reports on voting» (på engelsk). Eurovision.tv. 21. mai 2013. Henta 25. mai 2013. 
  40. «Russia: Azerbaijan's Eurovision snub 'outrageous'» (på engelsk). BBC News. Henta 26. mai 2013. 
  41. «Bombealarmen avblåst ved Eurovision-hotell i Malmö» (på norsk). Altaposten. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013. 
  42. «Bombealarmen avblåst ved Eurovision-hotell i Malmö» (på norsk). Adressa. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013. 
  43. «Bombealarmen avblåst ved Eurovision-hotell i Malmö» (på norsk). Fedrelandsvennen. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013. 
  44. «Ingen bomb på Caroli» (på svensk). Sydsvenskan. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013. 
  45. «Polisen i Malmö: Det var ingen bomb» (på svensk). Yle. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013. 
  46. 46,00 46,01 46,02 46,03 46,04 46,05 46,06 46,07 46,08 46,09 46,10 46,11 46,12 46,13 46,14 46,15 «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. mai 2013. 
  47. «Andorra: Will Not Be At The Contest In 2013». eurovoix.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012. 
  48. «No Participation of Liechtenstein at Eurovision 2012». Eurovision Times. 29 November 2011. Henta 28 May 2012. 
  49. «Luxembourg won't be in Malmo». ESCToday.com (på engelsk). 13. september 2012. Henta 30. oktober 2012. 
  50. Jiandani, Sanjay. «Monaco will not be in Eurovision 2013!». EscToday.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012. 
  51. Jiandani, Sanjay. «Morocco will not be in Eurovision 2013!». EscToday.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012. 
  52. Eurovisiontimes (22. august 2012). «Poland: Decision on Eurovision 2013 in October». Eurovisiontimes.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012. 
  53. G, Luke (16. desember 2011). «Poland: TVP withdraws from Eurovision 2012». ESCDaily (på engelsk). Henta 30. oktober 2012. 
  54. Jiandani, Sanjay (18. september 2012). «Czech Republic won't be in Malmo». ESCDaily.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012. 
  55. «Club History» (på finsk). OGAE Finland. 5. juni 2012. Henta 9. mai 2013. 
  56. «OGAE 2013 Results» (på engelsk). OGAE International. Henta 9. mai 2013. 
  57. Gohar Abrahamyan (3. mai 2013). «Let’s rock it: Armenia’s Eurovision entry favored for Sweden show» (på engelsk). armenianow.com. Henta 11. mai 2013. 
  58. Webb, Glen (3 January 2013). «What lies in store for 2013?». European Broadcasting Union. Henta 7. mars 2013. 
  59. «Natália Kelly eröffnet den "Eurovision Song Contest 2013"» [Natália Kelly opened the "Euro Vision Song Contest 2013 ']. kundendienst.orf.at (på tysk). Arkivert frå originalen 9. juli 2012. 
  60. «Белорусская делегация отправится на конкурс песни "Евровидение-2013" 4 мая». National State Television and Radio Company of the Republic of Belarus (på russisk). 3. mai 2013. Arkivert frå originalen 16. januar 2014. Henta 7. mai 2013. 
  61. «Tom De Kock en André Vermeulen geven commentaar». Eurosong.be. 24 April 2013. Henta 24 April 2013. 
  62. SL (5 April 2013). «Maureen Louys à l'Eurovision !». DH.be. Henta 5 April 2013. 
  63. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. oktober 2015, henta 11. mai 2013 
  64. «HRT: Eurosong 2013.». HRT. Arkivert frå originalen 29. september 2013. Henta 8. mai 2013. 
  65. «58ος Διαγωνισμός Τραγουδιού της Eurovision - Πρώτος Ημιτελικός». Cyprus Broadcasting Corporation (på gresk). 9. mai 2013. Arkivert frå originalen 13. januar 2014. Henta 10. mai 2013. 
  66. Grønbech, Jens (18. mars 2013). «Kommentator forudser: Emmelie får kamp til stregen». DR (på dansk). Henta 21. mars 2013. 
  67. Dremljuga, Martin (23 April 2013). «Eurovisiooniks valmis Birgit Õigemeele pildiga piimašokolaad». publik.delfi.ee (på estisk). Arkivert frå originalen 1. juli 2013. Henta 26. april 2013. 
  68. YLE Euroviisut. «ESC 2013 Ylen kanavilla». YLE. Henta 13. april 2013. 
  69. Othman, Hanna (14. februar 2013). «Eva och Johan refererar ESC från Malmö». Yle Fem. Henta 14. februar 2013. 
  70. Barké, Sébastien (9. april 2013). «Eurovision 2013 : Tous en piste sur France 3». Toutelatele (på fransk). Henta 11. april 2012. 
  71. Jiandani, Sanjay (7. decsmber 2012). «Special Committee to select French entry and representative». ESCToday.com. Henta 1. mars 2013. 
  72. Sommer, Sascha (30 January 2013). «Peter Urban: Die Stimme». NDR (på tysk). Henta 21. mars 2013. 
  73. «Καπουτζίδης και Κοζάκου θα σχολιάσουν live τις βραδιές της φετινής Eurovision». eurovison.gr (på gresk). 9 April 2013. Arkivert frå originalen 29. juli 2013. Henta 9. april 2013. 
  74. Charalampos (3 April 2013). «ΕΛΛΑΔΑ: Η Μαρία Κοζάκου και ο Γιώργος Καπουτζίδης στην ελληνική αναμετάδοση!». OGAE Greece (på gresk). Henta 3. april 2013. 
  75. «Eurovíziós Dalfesztivál 2013 - Döntő - PORT.hu». port.hu (på ungarsk). 9. mai 2013. Arkivert frå originalen 16. januar 2014. Henta 9. mai 2013. 
  76. «Felix tekur við af Hrafnhildi í Eurovision». RÚV.is. 20. mars 2013. Henta 21. mars 2013. 
  77. «Marty's off to Malmo and he fancies our chances». independents.ie. 6. april 2013. Henta 11. april 2013. 
  78. «ESC 2013: al timone Rai ancora Federica Gentile e Solibello-Ardemagni». eurofestival.ws (på italiensk). 29. mars 2013. Henta 29. mars 2013. [daud lenkje]
  79. «Natascha Lusenti affiancherà Ardemagni-Solibello nel commento all’Eurovision 2013». eurofestival.ws (på italiensk). 5. april 2013. Henta 6. april 2013. 
  80. «LTV atklāj, kas komentēs 'Eirovīzijas' tiešraides» [LTV reveals that comment 'Eurovision' live] (på latvisk). Delfi (web portal). 9. mai 2013. Arkivert frå originalen 2 October 2013. Henta 9. mai 2013. 
  81. Navickaitė, Viktorija (26. mars 2013). «„Eurovizijos“ vilkai apie menką Andriaus Pojavio savireklamą konkurse: rezultatams tai įtakos nedaro, bet rėmėjams – rūpi» (på litauisk). 15 min. Arkivert frå originalen 28. mai 2013. Henta 10. mai 2013. 
  82. Aleksoska-Nedelkovska, Sonja (9. mai 2013). «МТВ ќе емитува секојдневна доза евровизиски содржини» (på Macedonian). Dnevnik. Henta 10. mai 2013. 
  83. Calleja Bayliss, Marc (10. mai 2013). «Exclusive: Commentators for PBS Coverage Revealed». escflashmalta.com. Henta 11. mai 2013. 
  84. «Welkom op de site van Eurovision Artists». Eurovisionartists.nl. 29. mars 2013. Henta 29. mars 2013. 
  85. «Eurovision Song Contest 2013 - finale 18.05.2013». tv.nrk.no. 5. mai 2013. Henta 5. mai 2013. 
  86. «P3morgens store Eurovision-fest» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 14. mai 2013. 
  87. Ferreira, David (10. mai 2013). «Confirmado: RTP1 transmite todo o "Festival Eurovisão da Canção 2013"» [Confirmed: RTP1 transmits all the "Eurovision 2013"] (på portugisisk). A Televisão. Arkivert frå originalen 13. mai 2014. Henta 12. mai 2013. 
  88. «Яна Чурикова: перед "Евровидением" Дина Гарипова похудела ровно вдвое!». bublik.delfi.ee. 30 April 2013. Arkivert frå originalen 18. januar 2015. Henta 7. mai 2013. 
  89. «SM Tv San Marino: confermati i conduttori per l’Eurovision 2013». eurofestival.ws (på italiensk). 28. mars 2013. Henta 28. mars 2013. 
  90. «Песма Евровизије 2013 - прво полуфинале» (på serbisk). Radio Television of Serbia. 10. mai 2013. Henta 10. mai 2013. 
  91. «Evrovizijsko obarvan program Televizije Slovenija». rtvslo.si (på Slovenian). 24. april 2013. Henta 27. april 2013. 
  92. Manu Mahía (13. april 2013). «TVE vuelve a confiar en José María Iñigo para comentar Eurovisión 2013». eurovision-spain.com (på spansk). Henta 14. april 2013. 
  93. Maria Rosén (22 April 2013). «Josefine Sundström kommenterar Eurovision». SVT.se (på svensk). Henta 22. april 2013. 
  94. = (10. mai 2013). «Häng med Norén och Ritterland hela vägen fram till finalen i ESC». sverigesradio.se (på svensk). Henta 11. mai 2013. 
  95. «Eurovision Song Contest 2013 - Internationales Finale aus Malmö/Schweden». srf.ch (på tysk). 13 April 2013. Henta 13. april 2013. 
  96. «Svizzera: il commento dell’ESC ad Alessandro Bertoglio (RSI). L’intervista.». Eurofestival News (på italiensk). 18. april 2013. Henta 22. april 2013. 
  97. «SRF TV-Programm, Eurosong 2013». srf.ch (på tysk). 8. mai 2013. Henta 8. mai 2013. 
  98. «Canlı yayında olursa TRT bunu yapacak» (på tyrkisk). 9. mai 2013. 
  99. Krohmal, Aleksandra (25. april 2013). «ТИМУР МИРОШНИЧЕНКО: У ЗЛАТЫ ЕСТЬ ВСЕ, ЧТОБЫ ВЛЮБИТЬ В СЕБЯ ЗА ТРИ МИНУТЫ». Obozrevatel (på russisk). Henta 10. mai 2013. 
  100. «"Евровидение–2013" – исторический шанс для Украины в эфире двух общенациональных каналов». National Television Company of Ukraine (på ukrainsk). 26. april 2013. Arkivert frå originalen 7. juni 2013. Henta 10. mai 2013. 
  101. Noone, Alex (7. mars 2013). «United Kingdom: Ana Matronic to commentate». esctoday.com. Henta 7. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]