Eurovision Song Contest 2023

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2023
Offisiell tittel
67. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 9. mai 2023
Semifinale 2 11. mai 2023
Finalen 13. mai 2023
Vertskap
Stad
M&S Bank Arena i Liverpool i Storbritannia[1]
Programleiar(ar)
Alesha Dixon
Julija Sanina
Hannah Waddingham
Graham Norton (finalen)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
37[2]
Trekte seg
Bulgaria
Montenegro
Nord-Makedonia
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
Torino 2022 2024

Eurovision Song Contest 2023 va den 67. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmar av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad i Liverpool i Storbritannia etter at Ukraina, som vann i 2022 med «Stefania» og Kalush Orchestra, ikkje kunne stå vertskap på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina.[1] EBU tilbaud i staden arrangørjobben til andreplassen Storbritannia. Britiske BBC takka ja til oppdraget og produserte tevlinga på vegner av Ukraina.[3]

Eurovision Song Contest 2023 bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 9. mai, ein semifinale torsdag 11. mai og finalen laurdag 13. mai. Dei tre framsyningane vart haldne i M&S Bank Arena og vart overførte direkte til alle deltakarlanda og andre land som kjøpte senderettane. Programleiarar for alle sendingane var den britiske songaren Alesha Dixon, den ukrainske songaren Julija Sanina og den britiske skodespelaren Hannah Waddingham, med tv-programleiar Graham Norton som fjerde programleiar i finalen.[4]

I Eurovision Song Contest 2023 deltok 37 land, tre færre enn året før, og det laveste talet med deltakarland sidan 2014. Bulgaria, Montenegro og Nord-Makedonia stod over over av økonomiske årsaker.[2] Av deltakerlanda måtte 31 land gjennom éin av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Storbritannia og resten av de fem «store landa» i finalen, i tillegg til vinnarlandet året før, Ukraina, slik at finalefeltet består av 26 land. Vinnaren vart kåra av fagjuryar og sjåarar. Kvart deltakarland gav to sett med 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittland: eit poengsett frå den nasjonale fagjuryen, og eitt frå den nasjonale telefonavrøystinga. Vinnaren var den som fekk flest poeng totalt.

Dette var niande gongen at Storbritannia arrangerte Eurovision Song Contest, etter sist å ha vore vertskap i Birmingham i 1998. Dette var også fyrste gongen sidan 1980 at Eurovision Song Contest vart arrangert i eit anna land enn føregåande vinnarland.[3]

Tevlinga vart vunnen av Sverige, med Loreen og låten «Tattoo». Dette var den sjuande sigeren til Sverige og andre gongen Loreen vann Eurovision Song Contest.[5][6] Finland, Israel, Italia og Noreg utgjorde resten av topp fem. Noreg deltok med Alessandra Mele og låten «Queen of Kings».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Val av vertsland[endre | endre wikiteksten]

Ukraina vann Eurovision Song Contest 2022 med songen «Stefania» og bandet Kalush Orchestra. Gjennom sigeren sikra Ukraina seg retten til å arrangere Eurovision Song Contest i 2023.[7][8] Dette ville ha vore den tredje gongen landet hadde stått vertskap for Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert utgåvene i 2005 og 2017.

Den pågåande krigen i landet sådde raskt tvil om Eurovision Song Contest kunne finne stad i Ukraina. Eit alternativ var at eit anna land steppa inn som arrangør, anten åleine eller saman med den ukrainske kringkastaren Suspilne. Fleire andre land tilbaud seg å ta på seg arrangørjobben, blant anna Italia,[9] Nederland,[10] Polen,[11] Spania[12] (som seinare trekte seg[13]), Storbritannia[14] og Sverige.[15] I tillegg antyda den britiske avisen The Guardian at EU førebudde eit bod om å organisere tevlinga i den belgiske hovudstaden Brussel, og den belgiske franskspråklege kringkastaren RTBF uttrykte seinare også interesse.[16][17]

To dagar etter sigeren i 2022 uttala styreleiaren i Suspilne, Mykola Tsjernotytskyj, at dei ønskte å arrangere Eurovision Song Contest i eit «fredfullt Ukraina». Han la til at Ukraina håpa å vere i stand til å garantere for tryggleiken til alle deltakarar og delegasjonar under arrangementet.[18] Samstundes uttala Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj at han ønskte Eurovision Song Contest kunne finne stad i krigsherja Mariupol.[19][20][21] Den ukrainske kringkastaren Suspilne og EBU byrja 20. mai 2022 diskusjonar rundt vertsrolla og gjennomføringa av Eurovision Song Contest 2023.[22][23][24] Mykola Povoroznyk, fyrste nestleiar i statsadministrasjonen i Kyiv by, sa 26. mai 2022 at Kyiv var klår for å vere vertsby dersom Ukraina skulle arrangere tevlinga.[25]

Ukraina vert utelate som vertsland[endre | endre wikiteksten]

Ukraina jobba i fleire veker for at Eurovision Song Contest skulle haldast i landet,[26] men 17. juni 2022 kunngjorde EBU at Eurovision Song Contest 2023 ikkje skulle haldast i Ukraina.[27] Årsaka var den rådande tryggleikssituasjonen i landet som følgje av krigen.[28] Avgjerda vart møtt med skuffelse i Ukraina, og fleire politikarar og ukrainske artistar bad EBU å gjere om avgjerda.[29][30][31] Dette vert den fyrste gongen sidan 1980 at Eurovision Song Contest skal haldast i eit anna land enn i vinnarlandet frå året før.[22]

EBU tilbaud i staden arrangementet til Storbritannia, som vart nummer to i 2022. Kringkastingsunionen byrja i juni samtalar med den britiske kringkastaren BBC, og 25. juli 2022 stadfesta EBU at britane skulle arrangere tevlinga.[32] Men arrangementet skal få eit visst ukrainsk preg, og BBC skal samarbeide med den ukrainske kringkastaren Suspilne. Ukraina var også direktekvalifisert til finalen i 2023.[32]

Dette var den niande gongen at Storbritannia arrangerer Eurovision Song Contest.[33] BBC har fire gongar tidlegare steppa inn som reserve-arrangør: i 1960, 1963, 1972 og 1974.[1]

Den offisielle vertsby-prosessen byrja i slutten av juli, og prosessen var todelt:[34] fyrst måtte aktuelle kandidatar innfri ei rekkje krav som viste at dei hadde kapasitet til og erfaring med å handtere eit arrangement av denne storleiken. Til saman melde 20 britiske byar si interesse, og 12. august kunngjorde BBC ei kortliste med sju potensielle vertsbyar.[35][36][37] I vekene etter vurderte BBC og EBU dei sju kandidatane, og 27. september annonserte BBC at valet stod mellom Glasgow og Liverpool.[38] Valet fall til slutt på Liverpool, og valet vart offentleggjort av Graham Norton under ei direktesending 7. oktober 2022.[1][39]

Format[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Dei tre showa i Eurovision Song Contest 2023 fann stad i M&S Bank Arena. På grunn av dei strenge annonsør- og reklamereglane til EBU, omtalte BBC og EBU arenaen som Liverpool Arena. Fleirbruksarenaen har plass til opptil 11 000 publikummarar, og ligg sentralt i Liverpool. Tevlinga vart produsert av den britiske ålmennkringkastaren BBC gjennom det kommersielle dotterselskapet BBC Studios.[37] I prosessen samarbeidde BBC tett med den ukrainske ålmennkringkastaren Suspilne for å setje eit ukrainsk preg på dei tre sendingane.

Det øvste produksjonsteamet består av Martin Green som dagleg leiar, Rachel Ashdown som prosjektansvarleg, Andrew Cartmell som ansvarleg produsent, Lee Smithurst som showsjef, Twan van de Nieuwenhuijzen som tevlingssjef for BBC og James O'Brien som produksjonssjef.[40][41] Martin Österdahl er tevlingssjef i EBU og øvste ansvarleg for tevlinga.[42]

Programleiarar[endre | endre wikiteksten]

BBC kunngjorde 22. februar at dei tre sendingane skulle leiast av den britiske songaren Alesha Dixon, den ukrainske songaren Julija Sanina og den britiske skodespelaren Hannah Waddingham.[4] Den irske tv-programleiaren og BBC-kommentatoren Graham Norton vert den fjerde programleiaren i finalen.[4]

I tillegg til dei fire programleiaren fungerte den ukrainske Eurovision-kommentatoren Timur Mirosjnytsjenko som utegåande reporter i Liverpool undervegs i veka, og under de tre sendingane. Han leia også opningsseremonien saman med den britiske tv-personlegdomen og tidlegare landhockeyspelaren Sam Quek.[4]

Visuelt design[endre | endre wikiteksten]

I samband med kunngjeringa av Liverpool som vertsby, avduka EBU samstundes den generiske logoen til Eurovision Song Contest.[43] I logoen er V-en i Eurovision forma som eit hjarte, og inni hjartet er vanlegvis flagget til vertsnasjonen. I 2023-logoen har hjartet derimot det ukrainske flagget for å markere at landet vann tevlinga året før. Under logoen står det «United Kingdom» (Storbritannia) og på botnen «Liverpool 2023».[44]

Innspelt bakgrunnsvokal[endre | endre wikiteksten]

For tredje år på rad opna EBU for at deltakerlanda kunne bruke førehandsinnspelt bakgrunnsvokal. Dette var valfritt, og landa kunne velgje å bruke støttevokalistar eller ein kombinasjon av både direkte og førehandsinnspelt bakgrunnsvokal. All hovudvokal måtte fortsatt framførast direkte på scena under sendingane.[45]

Endringar i avrøystinga[endre | endre wikiteksten]

Juryane fjernast i semifinalene[endre | endre wikiteksten]

EBU offentleggjorde 22. november 2022 fleire store endringar i røystesystemet for Eurovision Song Contest i 2023.[46][47][48] Fagjuryane vert fjerna i semifinalane, og dimed vert det sjåarane åleine som avgjer resultatet i semifinalane gjennom telefonavrøysting, slik systemet var mellom 2004 og 2007. Endringane vert gjort på bakgrunn av erfaringane frå 2022, då EBU vedtok å annullere juryrøystene til seks land etter at dei hadde røysta påfallande likt i semifinalen.[49] Det nye systemet skal hindre liknande hendingar i framtida.[50]

I finalen vart resultatet framleis avgjort av sjåarane og fagjurygruppene i deltakarlanda, slik det hadde vore sidan finalen i 2009. I finalen gav sjåarane og fagjuryen i kvart land eit sett kvar med 1–8, 10 og 12 poeng, slik det har vore gjort siden 2016.

Juryane skulle likevel røyste i semifinalane som ei reserveløysing. Desse juryrøystene skulle berre brukast dersom eit land av tekniske eller praktiske årsaker ikkje kunne gjennomføre ei telefonavrøysting i semifinalen. Dersom eit land ikkje fekk gjennomført telefonavrøysting i finalen, vart poenga frå den nasjonale jurygruppa dobla som erstatning.[50] Dimed gjekk EBU bort frå den forrige ordninga der ein rekna eit lands manglande telefonrøyster ut frå sjåarpoenga til land med liknande røystehistorikk. Dersom EBU valde å annullere eit lands juryrøyster i finalen, ville landets telefonrøyster bli dobla som erstatning. Om eit land ikkje kunne levere gyldige telefon- eller juryrøyster, ville EBU rekne poenga til landet ut frå røystene til land med liknande røystehistorikk.[50][51]

Internasjonal sjåarjury[endre | endre wikiteksten]

I tillegg fekk sjåarar i ikkje-deltakande land moglegheit til å røyste via internett under alle tre showa. Det gjorde dei på ein sikker nettplattform der dei bekrefta identiteten sin med kreditt- eller debetkort frå sitt land.[46] Internettrøystene vart registrerte som «resten av verda» og utgjorde eit poengsett. Sjåarane frå ikkje-deltakande land gav dimed 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittar. Det var ingen «resten av verda»-fagjury. I finalen var det difor eit poengsett meir frå sjåarane enn frå juryane, noko som gjorde at sjåarane fekk ei lite overvekt på finaleresultatet med 50,6 prosent.[50]

Deltakande land[endre | endre wikiteksten]

Følgjande 37 land deltok i Eurovision Song Contest 2023. Av desse var seks land direktekvalifiserte til finalen, mens dei resterande 31 landa deltik i ein av dei to semifinalane.[2] Dei 31 semifinalistene vart fordelte på to semifinalar som vart arrangert tysdag 9. mai og torsdag 11. mai. Begge sendingane byrja 21.00 sentraleuropeisk sommartid (klokka 20 lokal tid).[1] Dei ti beste landa frå kvar semifinale kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Kva for nokre land som deltok i kva for ein av semifinalane, vart avgjort i ei loddtrekking i Liverpool 31. januar 2023.[52][53] Endeleg startrekkefølgje vart avgjord av produsentane av showet etter at alle bidraga var klåre i midten av mars 2023.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Femten land deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Frankrike, Italia og Tyskland framførte og røysta i denne semifinalen.[54]

#[55] Land[2] Artist Song Språk Omsetjing Plass Poeng
01 Noreg Alessandra Mele[56][57] «Queen of Kings» Engelsk Konganes dronning 6 102
02 Malta The Busker[58] «Dance (Our Own Party)» Engelsk Dans (Vår eigen fest) 15 3
03 Serbia Luke Black[59] «Samo mi se spava» Serbisk Eg vil berre sove 10 37
04 Latvia Sudden Lights[60] «Aijā» Engelsk og latvisk Kom igjen 11 34
05 Portugal Mimicat[61] «Ai coração» Portugisisk Å, hjarte 9 74
06 Irland Wild Youth[62] «We Are One» Engelsk Vi er ein 12 10
07 Kroatia Let 3[63] «Mama ŠČ!» Kroatisk Moder ŠČ! 8 76
08 Sveits Remo Forrer[64] «Watergun»[65] Engelsk Vatnpistol 7 97
09 Israel Noa Kirel[66] «Unicorn»[67] Engelsk og hebraisk Einhyrning 3 127
10 Moldova Pasha Parfeny[68] «Soarele și luna» Rumensk Sola og månen 5 109
11 Sverige Loreen[69] «Tattoo» Engelsk Tatovering 2 135
12 Aserbajdsjan TuralTuranX[70] «Tell Me More» Engelsk Fortel meg meir 14 4
13 Tsjekkia Vesna[71] «My Sister's Crown» Engelsk, bulgarsk, tsjekkisk og ukrainsk Systera mi si krone 4 110
14 Nederland Mia Nicolai og Dion Cooper[72] «Burning Daylight»[73] Engelsk Brennande dagslys 13 7
15 Finland Käärijä[74] «Cha cha cha» Finsk 1 177

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Seksten land deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai 2023 klokka 21:00 CEST. Dei ti beste bidraga kvalifiserte seg til finalen. Dei førehandskvalifiserte landa Spania, Storbritannia og Ukraina framførte og røysta i denne semifinalen.[54]

#[55] Land[2] Artist Song Språk Omsetjing Plass Poeng
01 Danmark Reiley[75] «Breaking My Heart» Engelsk Knuser hjartet mitt 14 6
02 Armenia Brunette[76] «Future Lover» Engelsk og armensk Framtidig elskar 6 99
03 Romania Theodor Andrei[77] «D.G.T. (Off and On)» Rumensk og engelsk D.G.T. (Av og på) 15 0
04 Estland Alika[78] «Bridges» Engelsk Bruer 10 74
05 Belgia Gustaph[79] «Because of You» Engelsk På grunn av deg 8 90
06 Kypros Andrew Lambrou[80] «Break a Broken Heart»[81] Engelsk Knus eit knust hjarte 7 94
07 Island Diljá[82] «Power» Engelsk Styrke 11 44
08 Hellas Victor Vernicos[83] «What They Say» Engelsk Kva dei seier 13 14
09 Polen Blanka[84] «Solo» Engelsk Solo 3 124
10 Slovenia Joker Out[85] «Carpe Diem» Slovensk Grip dagen 5 103
11 Georgia Iru Khetsjanovi[86] «Echo» Engelsk Ekko 12 33
12 San Marino Piqued Jacks[87] «Like an Animal» Engelsk Som eit dyr 16 0
13 Austerrike Teya & Salena[88] «Who the Hell is Edgar?»[89] Engelsk Kven i helvete er Edgar? 2 137
14 Albania Albina & Familja Kelmendi[90] «Duje» Albansk Elsk dei 9 83
15 Litauen Monika Linkytė[91] «Stay» Engelsk og litauisk Bli 4 110
16 Australia Voyager[92] «Promise» Engelsk Løfte 1 149

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad laurdag 13. mai 2023 klokka 21.00 sentraleuropeisk sommartid (klokka 20.00 lokal tid).[1] I finalen deltok 26 land: de fem store landa (inkludert vertslandet Storbritannia), fjorårsvinnar Ukraina, dei ti beste frå den fyrste semifinalen og dei ti beste frå den andre semifinalen. Alle deltakerlanda røysta i finalen.[32][93]

#[94] Land[2] Artist Song Språk Omsetjing Plass Poeng
01 Austerrike Teya & Salena «Who the Hell is Edgar?» Engelsk Kven i helvete er Edgar? 15 120
02 Portugal Mimicat «Ai coração» Portugisisk Å, hjarte 23 59
03 Sveits Remo Forrer «Watergun» Engelsk Vatnpistol 20 92
04 Polen Blanka «Solo» Engelsk Solo 19 93
05 Serbia Luke Black «Samo mi se spava» Serbisk Eg vil berre sove 24 30
06 Frankrike La Zarra[95] «Évidemment»[96] Fransk Openbert 16 104
07 Kypros Andrew Lambrou «Break a Broken Heart» Engelsk Knus eit knust hjarte 12 126
08 Spania Blanca Paloma[97] «Eaea» Spansk 17 100
09 Sverige Loreen «Tattoo» Engelsk Tatovering 1 583
10 Albania Albina & Familja Kelmendi «Duje» Albansk Elsk dei 22 76
11 Italia Marco Mengoni «Due vite» Italiensk To liv 4 350
12 Estland Alika «Bridges» Engelsk Bruer 8 168
13 Finland Käärijä «Cha cha cha» Finsk 2 526
14 Tsjekkia Vesna «My Sister's Crown» Engelsk, bulgarsk, tsjekkisk og ukrainsk Systera mi si krone 10 129
15 Australia Voyager «Promise» Engelsk Løfte 9 151
16 Belgia Gustaph «Because of You» Engelsk På grunn av deg 7 182
17 Armenia Brunette «Future Lover» Engelsk og armensk Framtidig elskar 14 122
18 Moldova Pasha Parfeny «Soarele și luna» Rumensk Sola og månen 18 96
19 Ukraina Tvorchi[98] «Heart of Steel» Engelsk Hjarte av stål 6 243
20 Noreg Alessandra Mele «Queen of Kings» Engelsk Konganes dronning 5 268
21 Tyskland Lord of the Lost[99] «Blood and Glitter» Engelsk Blod og glitter 26 18
22 Litauen Monika Linkytė «Stay» Engelsk og litauisk Bli 11 127
23 Israel Noa Kirel «Unicorn» Engelsk og hebraisk Einhyrning 3 362
24 Slovenia Joker Out «Carpe Diem» Slovensk Grip dagen 21 78
25 Kroatia Let 3 «Mama ŠČ!» Kroatisk Moder ŠČ! 13 123
26 Storbritannia Mae Muller[100] «I Wrote a Song» Engelsk Eg skreiv ein song 25 24

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Liverpool will host Eurovision 2023». Eurovision.tv (på engelsk). 7. oktober 2022. Henta 7. oktober 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Eurovision 2023: Here are the 37 countries competing in Liverpool». eurovision.tv. Henta 20. oktober 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Why is the United Kingdom hosting Eurovision on behalf of Ukraine in 2023?». eurovision.tv (på engelsk). 7. oktober 2022. Henta 8. oktober 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Eurovision 2023: Hosts revealed for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 22. februar 2023. Henta 22. februar 2023. 
  5. «Sweden's Loreen wins the Eurovision Song Contest 2023». eurovision.tv. Henta 14. mai 2023. 
  6. «Sverige og Loreen vant Eurovision Song Contest 2023». NRK.no. Henta 14. mai 2023. 
  7. «How it works». Eurovision.tv (på engelsk). 15. januar 2017. Henta 15. mai 2022. 
  8. «Eurovision 2022: Winner's Press Conference with Kalush Orchestra». Eurovision.tv (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 27. mai 2022. 
  9. Waarden, Franciska van (15. mai 2022). «🇮🇹 Italy: Turin Offering to Host Eurovision Again in 2023 Following Ukraine’s Win». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2022. 
  10. «Songfestivalregisseur zet editie in Rotterdam weer in optie». RTL Boulevard (på nederlandsk). 15. mai 2022. Henta 17. mai 2022. 
  11. Granger, Anthony (15. mai 2022). «🇵🇱 Poland: TVP is Willing to Help Host Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 16. mai 2022. 
  12. «🇪🇸 SpaI: RTVE Confirmed it Has Offered to Host Eurovision 2023 Following Ukraine's Win». Eurovoix (på engelsk). 15. mai 2022. Henta 15. mai 2022. 
  13. Granger, Anthony (14. juni 2022). «🇪🇸 SpaI: RTVE no longer in contention to host Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. juni 2022. 
  14. BBC Politics (15. mai 2022). «"It would be an honour to host [Eurovision] but President Zelensky is fully confident that Ukraine will be able to host the contest next year"». Twitter (på engelsk). Henta 18. mai 2022. 
  15. McCaig, Ewan (10. mai 2022). «🇮🇹 Eurovision 2022: Mayor Of Stockholm Offers To Host Eurovision 2023 In Event Of Ukraine Win». Eurovoix (på engelsk). Henta 15. mai 2022. 
  16. Lith, Nick van (18. juni 2022). «British media suggest EU could prepare Brussels bid to host Eurovision 2023». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 25. juli 2022. 
  17. Farren, Neil (25. juni 2022). «🇧🇪 Belgium: RTBF Would Host Eurovision 2023 If Asked». Eurovoix (på engelsk). Henta 25. juli 2022. 
  18. Granger, Anthony (16. mai 2022). «🇺🇦 Eurovision 2023: Suspilne Wants the Contest to be Held in a Peaceful Ukraine». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. mai 2022. 
  19. Volodomyr Zelenskyj (15. mai 2022). «Volodomyr Zelenskyj på Instagram». www.instagram.com. Henta 18. mai 2022. 
  20. NTB (18. mai 2022). «Zelenskyj gratulerer Eurovision-vinnerne». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 18. mai 2022. 
  21. Revheim-Rafaelsen, Mathias (15. mai 2022). «Vil lytte til Zelenskyj-ønske om Eurovision i Mariupol». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. mai 2022. 
  22. 22,0 22,1 «Eurovision is over for another year... so what's the plan for 2023?». Eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2022. Henta 19. mai 2022. 
  23. Washak, James (17. mai 2022). «🇺🇦 Eurovision 2023: Discussions with Ukraine and the EBU Regarding Hosting to Commence on Friday». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. mai 2022. 
  24. William Lee Adams (17. mai 2022). «Will Ukraine host Eurovision 2023? TV boss says EBU consultations will start on Friday». wiwibloggs (på engelsk). Henta 18. mai 2022. 
  25. Granger, Anthony (26. mai 2022). «🇺🇦 Eurovision 2023: Kyiv States its Ready to Host if Asked». Eurovoix (på engelsk). Henta 27. mai 2022. 
  26. «Eurovision 2023 in Ukraine? EBU says discussions are ongoing as it searches for "most suitable location" amid "unique challenges"». wiwibloggs (på engelsk). 16. juni 2022. Henta 18. juni 2022. 
  27. «EBU Statement On Hosting of 2023 Eurovision Song Contest». EBU.ch (på engelsk). 17. juni 2012. Henta 17. juni 2022. 
  28. Marshall, Alex (17. juni 2022). «Eurovision rules out Ukraine as host of next year’s song contest.». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 18. juni 2022. 
  29. «Ukraine: Minister of Culture asks EBU to reverse its Eurovision 2023 host country decision». wiwibloggs (på engelsk). 17. juni 2022. Henta 18. juni 2022. 
  30. Granger, Anthony (17. juni 2022). «Eurovision 2023: 🇺🇦 UA:PBC Requests Further Meetings with EBU After Ukraine Rejected as Host Country». Eurovoix (på engelsk). Henta 18. juni 2022. 
  31. suspilne. «ЄМС відмовила Україні у проведенні Євробачення-2023. Заява Суспільного». corp.suspilne.media (på engelsk). Henta 18. juni 2022. 
  32. 32,0 32,1 32,2 «United Kingdom to host Eurovision Song Contest 2023». eurovision.tv (på engelsk). 25. juli 2022. Henta 25. juli 2022. 
  33. «United Kingdom». Eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 18. juni 2022. 
  34. «Eurovision 2023 host city applications: BBC publishes FAQ about two-round bidding process». wiwibloggs (på engelsk). 4. august 2022. Henta 7. august 2022. 
  35. Rodger, James (8. august 2022). «UK Eurovision Song Contest 2023 shortlist of host cities to be announced». BirminghamLive (på engelsk). Henta 9. august 2022. 
  36. «BBC announces 7 Shortlisted Host Cities for Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 12. august 2022. Henta 12. august 2022. 
  37. 37,0 37,1 «BBC sets out Host City process and production plans for the 2023 Eurovision Song Contest». www.bbc.co.uk (på engelsk). Henta 7. august 2022. 
  38. «Eurovision 2023: It’s Glasgow or Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 27. september 2022. Henta 8. oktober 2022. 
  39. Tonks, Owen (7. oktober 2022). «Eurovision 2023: Host city as LIVERPOOL after battle with Glasgow». Mail Online. Henta 8. oktober 2022. 
  40. «BBC Entertainment confirms Commissioning Team». www.bbc.com (på engelsk). Henta 8. oktober 2022. [daud lenkje]
  41. «BBC announces Eurovision Song Contest 2023 senior production team». eurovision.tv (på engelsk). 17. oktober 2022. Henta 17. oktober 2022. 
  42. «The Organisers behind the Eurovision Song Contest | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 27. mars 2019. Henta 17. oktober 2022. 
  43. Rossini, Federico (7. oktober 2022). «Eurovision 2023: ufficiale, è Liverpool la città ospitante!» (på italiensk). Henta 8. oktober 2022. 
  44. «Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). Henta 8. oktober 2022. 
  45. Washak, James (26. august 2022). «🇬🇧 Eurovision 2023: Pre-Recorded Backing Vocals Remain». Eurovoix (på engelsk). Henta 17. oktober 2022. 
  46. 46,0 46,1 «Voting changes announced for Eurovision Song Contest 2023». www.ebu.ch (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 22. november 2022. Arkivert frå originalen 26. november 2022. Henta 29. november 2022. 
  47. «Voting changes announced for Eurovision Song Contest 2023». Eurovision.tv (på engelsk). EBU. 22. november 2022. Arkivert frå originalen 22. november 2022. Henta 22. november 2022. 
  48. AS, TV 2 (22. november 2022). «Endrer stemmesystemet». TV 2 (på norsk). Henta 24. november 2022. 
  49. Renske ten Veen (22. november 2022). «Voting irregularities during Eurovision 2022 semi-finals prompted EBU to remove juries, says Reference Group member Sietse Bakker». wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. november 2022. Henta 29. november 2022. 
  50. 50,0 50,1 50,2 50,3 «Voting changes (2023) FAQ | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 22. november 2022. Arkivert frå originalen 25. november 2022. Henta 29. november 2022. 
  51. Lombardini, Emanuele (22. november 2022). «Eurovision 2023, San Marino: "Fate votare anche noi online"». Eurofestival News (på italiensk). Henta 23. november 2022. 
  52. «Semi-Final Allocation Draw | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 21. februar 2018. Henta 15. oktober 2022. 
  53. «How to watch the Eurovision 2023 Semi-Final Allocation Draw». Eurovision.tv (på engelsk). 30. januar 2023. Henta 30. januar 2023. 
  54. 54,0 54,1 «Eurovision 2023: Allocation Draw results». Eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 30. januar 2023. 
  55. 55,0 55,1 «Eurovision 2023: Semi-Final running orders revealed!». eurovision.tv (på engelsk). 22. mars 2023. Henta 22. mars 2023. 
  56. «Norway: Alessandra wins 'Melodi Grand Prix' with 'Queen of Kings'». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 4. februar 2023. 
  57. «MGP-vinnaren om sigeren: – Eg skal gjere dykk stolte!». NRK.no (på norsk). Henta 4. februar 2023. 
  58. «The Busker wins 'Malta Eurovision Song Contest'». eurovision.tv (på engelsk). 12. februar 2023. Henta 12. februar 2023. 
  59. «Serbia is sending Luke Black to Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 5. mars 2023. Henta 5. mars 2023. 
  60. «Latvia: 'Supernova' victory for Sudden Lights with 'Aijā'». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 11. februar 2023. 
  61. «Mimicat wins 'Festival da Canção' in Portugal». eurovision.tv (på engelsk). 12. mars 2023. Henta 12. mars 2023. 
  62. «Ireland: Wild Youth are selected for Liverpool with 'We Are One'». eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2023. Henta 4. februar 2023. 
  63. «Let 3 win 'Dora' in Croatia». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 11. februar 2023. 
  64. «Remo Forrer will represent Switzerland at Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 20. februar 2023. Henta 20. februar 2023. 
  65. Cassellini, Stefano (7. mars 2023). «Switzerland: Remo Forrer releases Watergun!». esctoday.com (på engelsk). ESCToday. Henta 7. mars 2023. 
  66. «Israel: Noa Kirel confirms Eurovision 2023 participation». wiwibloggs (på engelsk). 10. august 2022. Henta 10. august 2022. 
  67. Granger, Anthony (17. januar 2023). «🇮🇱 Israel: Noa Kirel to Perform “Unicorn” at Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 17. januar 2023. 
  68. «Moldova: It's Pasha Parfeni going from Chișinău to Liverpool». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 4. mars 2022. 
  69. «Sweden: It's Loreen to Eurovision with 'Tattoo'». eurovision.tv (på engelsk). 11. mars 2023. Henta 11. mars 2023. 
  70. «Twins TuralTuranX to represent Azerbaijan». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 9. mars 2023. 
  71. Farren, Neil (7. februar 2023). «🇨🇿 Czech Republic: Vesna to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. februar 2023. 
  72. Farren, Neil (1. november 2022). «🇳🇱 Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. november 2022. 
  73. Farren, Neil (28. februar 2023). «🇳🇱 Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper to Perform “Burning Daylight” at Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 28. februar 2023. 
  74. «Finland send Käärijä to Liverpool with 'Cha Cha Cha'». eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2023. Henta 25. februar 2023. 
  75. «Reiley wins Denmark's 'Melodi Grand Prix' with 'Breaking My Heart'». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 11. februar 2023. 
  76. «Armenia pick Brunette for Eurovision». eurovision.tv (på engelsk). 1. februar 2023. Henta 1. februar 2023. 
  77. «Theodor Andrei will represent Romania at Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 11. februar 2023. 
  78. «Estonia chooses Alika for Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 11. januar 2023. Henta 11. februar 2023. 
  79. «Gustaph wins 'Eurosong 2023' in Belgium with 'Because of You'». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 14. januar 2023. 
  80. «Cyprus will send Andrew Lambrou to Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 17. oktober 2022. Henta 17. oktober 2022. 
  81. «Cyprus: Andrew Lambrou reveals 'Break A Broken Heart'». EBU (på engelsk). 2 March 2023. Henta 2 March 2023. 
  82. «Diljá will represent Iceland at Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2023. Henta 4. mars 2023. 
  83. Granger, Anthony (30. januar 2023). «🇬🇷 Greece: Victor Vernicos to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. januar 2023. 
  84. «Blanka wins Poland's Eurovision pre-selection with 'Solo'». eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2023. Henta 26. februar 2023. 
  85. «Slovenia has spoken: It’s ‘Joker Out’ for Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 8. desember 2022. Henta 8. desember 2022. 
  86. «Georgia: Iru Khechanovi wins ticket to Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 2. februar 2023. Henta 2. februar 2023. 
  87. «San Marino select Piqued Jacks for Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2023. Henta 26. februar 2023. 
  88. «Teya & Salena will represent Austria in Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 31. januar 2023. 
  89. «Austria: 'Who The Hell Is Edgar?' revealed as entry». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 31. januar 2023. 
  90. «'Festivali i Këngës' chooses Albina & Familja Kelmendi for Albania». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 23. desember 2022. 
  91. «It's Monika Linkytė to Liverpool for Lithuania». eurovision.tv (på engelsk). 18. februar 2023. Henta 18. februar 2023. 
  92. «Voyager will journey to Liverpool for Australia». eurovision.tv (på engelsk). 21. februar 2023. Henta 21. februar 2023. 
  93. «Eurovision 2023: The Grand Final running order». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 12. mai 2023. 
  94. «Ukraine 19th and the United Kingdom 26th in Grand Final». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 13. mars 2023. 
  95. «La Zarra will represent France at Eurovision 2023». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 12. januar 2023. 
  96. «Tonight: 🇫🇷 France Reveals its Song For Eurovision 2023». Eurovoix.com (på engelsk). 10. februar 2023. Henta 12. februar 2023. 
  97. «Spain: Blanca Paloma takes the 'Benidorm Fest' trophy with 'Eaea'». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 4. februar 2023. 
  98. «Ukraine: TVORCHI wins Vidbir with Heart Of Steel». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 17. desember 2022. 
  99. «Lord of the Lost is Germany's pick for Liverpool». www.eurovision.tv (på engelsk). Henta 4. mars 2022. 
  100. «Mae Muller will represent the United Kingdom». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 9. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 2023