Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 2025

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2025
Offisiell tittel
69. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 13. mai 2025
Semifinale 2 15. mai 2025
Finalen 17. mai 2025
Vertskap
Stad
St. Jakobshalle i Basel i Sveits
Programleiar(ar)
Hazel Brugger
Sandra Studer
Michelle Hunziker
Kringkastar(ar)
Den sveitsiske kringkastings­organsiasjonen (SRG SSR)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
37
Attende
Montenegro
Trekte seg
Moldova
Kart
Røysting
Vinnar
Austerrike med «Wasted Love» av JJ
Eurovision Song Contest
Malmö 2024 2026

Eurovision Song Contest 2025 var den 69. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen. Tevlinga fann stad i Basel i Sveits etter at Nemo og «The Code» vann Eurovision Song Contest 2024 for Sveits. Tevlinga vart organisert og produsert av den sveitsiske ålmennkringkastaren SRG SSR i samarbeid med EBU. Dette var den tredje gongen Sveits var vertskap for Eurovision Song Contest, og det var fyrste gongen Basel var vertsby.

Tevlinga bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 13. mai, ein semifinale torsdag 15. mai og finalen laurdag 17. mai. Dei tre showa var arrangerte i St. Jakobshalle, ein fleirbruksarena utanfor Basel med kapasitet på 12 400 tilskodarar. Sendingane vart overførte direkte til alle deltakerlanda og andre land med senderettar. Programleiarane for alle sendingane var Hazel Brugger og Sandra Studer. Michelle Hunziker gjekk inn i finalen som den tredje programleiaren.[1]

Til saman deltok 37 land, like mange land som året før.[2] Montenegro kom tilbake til tevlinga etter å sist ha delteke i 2022, medan Moldova valde å trekkje seg.[3] Av deltakarlanda måtte 31 land gjennom ein av dei to semifinalane, der 20 av dei kvalifiserte seg til finalen. I tillegg deltok vertslandet Sveits og dei «fem store landa» i finalen. Vinnaren blei kåra av fagjuryar og sjåarar.

Tevlinga blei vunnen av Austerrike og JJ med låten «Wasted Love».[4][5][6] Israels Yuval Raphael enda på andreplass etter å ha vunne telefonavrøystinga. Estland, Sverige og Italia utgjorde resten av topp fem. Noreg enda på 18. plass i finalen med Kyle Alessandro og låten «Lighter».[7]

Sveits vann Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige med «The Code» og Nemo. Dette var den tredje sigeren til Sveits i Eurovision Song Contest etter å vunne den fyrste utgåva i 1956 med Lys Assia og «Refrain», og på nytt i 1988 med Céline Dion og «Ne partez pas sans moi».

Som vinnar av 2024-tevlinga vant Sveits også retten til å arrangere tevlinga i 2025. Dette vert den tredje gang Sveits står vertskap etter tidlegare å ha arrangert Eurovision Song Contest i Lugano i 1956 og Lausanne i 1989.

Den sveitsiske kringkastingsorganisasjonen SRG SSR har lagd tevlinga til Basel, den tredje største byen i Sveits etter Zürich og Genève. I august kunngjorde SRG SSR at tevlinga skal verte halden i St. Jakobshalle med kapasitet på 12 400 tilskodarar.[8]

Andre arrangement

[endre | endre wikiteksten]

I samband med Eurovision Song Contest vil Congress Center Basel huse den offisielle nattklubben EuroClub i tillegg til Eurovision-landsbyen Eurovision Village, som er det offisielle festivalområdet til tevlinga for vitjande, fans og delegasjonar.[9]

Fotballstadionen St. Jakob-Park, som ligg ved sida av St. Jakobshalle, vil vise dei tre sendingane og ha konsertar med tidlegare Eurovision-deltakarar for betalande publikum. Eurovision Street er lagd til Steinenvorstadt.[9]

Vertsby-prosessen

[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren til Sveits i mai 2024, kom fleire sveitsiske byar på banen og melde interesse for å stå vertskap for Eurovision Song Contest 2025. Blant dei var Genève, Basel, St. Gallen, Lugano, Bern og Zürich.[10][11]

Vertskringkastaren SRG SSR opna vertsby-prosessen 27. mai 2024 med ei kravliste til interesserte byar.[12] Basel, Bern, Genève og Zürich leverte inn bud 28. juni.[13] Kort tid etter vitja delegatar frå SRG SSR dei fire kandidatbyane. Den 19. juli vart det klart at det stod mellom Basel og Genève, og 30. august kunngjorde EBU og SRG SSR at dei hadde vald Basel som vertsby og St. Jakobshalle som tevlingsarena.[8][14]

By Arena Merknadar Kjelde
Vald vertsby:
Basel St. Jakobshalle Vald til tevlinga. Husar den årlege tennis-turneringa Swiss Indoors. [8]
St. Jakob-Park Heldt Europaliga-finalen for menn i 2016 og skal huse flere kampar i Fotball-EM for kvinner i 2025. Arenaen har plass til 40 000, men blei ikkje vald sidan han manglar tak.
Byar som leverte inn tilbod, men som ikkje vart valde:
Bern med Biel/Bienne Neue Festhalle Føreslo å bruke ein planlagd musikkarena som skal byggast inne i Bernexpo-komplekset. [15][16]
Genève Palexpo Har vore arena for det årlege bilutstillinga i Genève, semifinalane i Davis-cupen i 2014 og Laver-cupen i 2019. [17]
St. Gallen Olma Hall [18]
Zürich Hallenstadion Heldt den årlege tennisturneringa Zurich Open frå 1993 til 2008. [19][20]
Swiss Life Arena

Deltakande land

[endre | endre wikiteksten]

Til saman skal 37 land delta i tevlinga. Montenegro kjem tilbake etter to års fråvær.[2] Moldova skulle opphavleg ha deltatt, men den 22. januar 2025 trekte den moldovske kringkasteren Teleradio-Moldova (TRM) seg frå deltaking i årets tevlinga. I følgje TRM blei avgjersla tatt «etter en detaljert analyse av den pågående situasjonen, i tillegg til økonomiske, administrative og kunstnariske utfordringar».[3]

For å delta, må eit land ha en ålmennkringkastar som er medlem av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Landet må også liggje innanfor det europeiske kringkastingsområdet eller ha ein spesialinvitasjon frå EBU.

Land som utgjer «dei fem store» og vertslandet Sveits er automatisk kvalifiserte til finalen laurdag 17. mai. Dei øvrige deltakerlandene er fordelte på dei to semifinalane som blir arrangert tysdagen og torsdagen før finalen.

Semifinale 1

[endre | endre wikiteksten]
# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Island[21][22] VÆB «Róa» Islandsk 6 97
02 Polen[23][24] Justyna Steczkowska «Gaja Polsk og engelsk 7 85
03 Slovenia[25] Klemen «How Much Time Do We Have Left» Engelsk 13 23
04 Estland[26] Tommy Cash «Espresso Macchiato» Engelsk og italiensk 5 113
05 Ukraina[27][28] Ziferblat «Bird of Pray» Ukrainsk og engelsk 1 137
06 Sverige[29] KAJ «Bara bada bastu» Svensk og finsk 4 118
07 Portugal[30] Napa «Deslocado» Portugisisk 9 56
08 Noreg[31] Kyle Alessandro «Lighter» Engelsk 8 82
09 Belgia[32] Red Sebastian «Strobe Lights» Engelsk 14 23
10 Aserbajdsjan[33][34] Mamagama «Run with U» Engelsk 15 7
11 San Marino[35][36] Gabry Ponte «Tutta l'Italia» Italiensk 10 46
12 Albania[37][38] Shkodra Elektronike[39] «Zjerm» Albansk 2 122
13 Nederland[40] Claude[41] «C'est la vie» Fransk og engelsk 3 121
14 Kroatia Marko Bošnjak «Poison Cake» Engelsk 12 28
15 Kypros[42] Theo Evan[43] «Shh» Engelsk 11 44

Semifinale 2

[endre | endre wikiteksten]
# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Australia[44] Go-Jo «Milkshake Man» Engelsk 11 41
02 Montenegro[45][46] Nina Žižić[47][48] «Dobrodošli» Montenegrinsk 16 12
03 Irland[49][50] Emmy «Laika Party» Engelsk 13 28
04 Latvia[51][52] Tautumeitas «Bur man laimi» Latvisk 2 130
05 Armenia[53] Parg «Survivor» Engelsk 10 51
06 Austerrike[54] JJ «Wasted Love» Engelsk 5 104
07 Hellas Klavdia «Asteromáta» Gresk 4 112
08 Litauen[55] Katarsis «Tavo akys» Litauisk 6 103
09 Malta[56] Miriana Conte «Serving» Engelsk 9 53
10 Georgia Mariam Shengelia «Freedom» Georgisk og engelsk 15 28
11 Danmark[57][58] Sissal «Hallucination» Engelsk 8 61
12 Tsjekkia[59] Adonxs[60] «Kiss Kiss Goodbye» Engelsk 12 29
13 Luxembourg[61][62] Laura Thorn[63] «La poupée monte le son» Fransk 7 62
14 Israel[64][65] Yuval Raphael[66] «New Day Will Rise» Engelsk, fransk og hebraisk 1 203
15 Serbia[67][68] Princ «Mila» Serbisk 14 28
16 Finland[69] Erika Vikman «Ich komme» Finsk og tysk 3 115
#[70] Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Noreg Kyle Alessandro «Lighter» Engelsk 18 89
02 Luxembourg Laura Thorn «La poupée monte le son» Fransk 22 47
03 Estland Tommy Cash «Espresso Macchiato» Engelsk og italiensk 3 356
04 Israel Yuval Raphael «New Day Will Rise» Engelsk, fransk og hebraisk 2 357
05 Litauen Katarsis «Tavo akys» Litauisk 16 96
06 Spania[71][72] Melody[73] «Esa diva» Spansk 24 37
07 Ukraina Ziferblat «Bird of Pray» Ukrainsk og engelsk 8 218
08 Storbritannia[74][75] Remember Monday «What the Hell Just Happened?» Engelsk 19 88
09 Austerrike JJ «Wasted Love» Engelsk 1 436
10 Island VÆB «Róa» Islandsk 25 33
11 Latvia Tautumeitas «Bur man laimi» Latvisk 13 158
12 Nederland Claude «C'est la vie» Fransk og engelsk 12 175
13 Finland Erika Vikman «Ich komme» Finsk og tysk 11 196
14 Italia[76] Lucio Corsi «Volevo essere un duro» Italiensk 5 256
15 Polen Justyna Steczkowska «Gaja Polsk og engelsk 14 156
16 Tyskland[77] Abor & Tynna «Baller» Tysk 15 151
17 Hellas Klavdia «Asteromáta» Gresk 6 231
18 Armenia Parg «Survivor» Engelsk 20 72
19 Sveits[78] Zoë Më «Voyage» Fransk 10 214
20 Malta Miriana Conte «Serving» Engelsk 17 91
21 Portugal Napa «Deslocado» Portugisisk 21 50
22 Danmark Sissal «Hallucination» Engelsk 23 47
23 Sverige KAJ «Bara bada bastu» Svensk og finsk 4 321
24 Frankrike[79] Louane[80] «Maman» Fransk 7 230
25 San Marino Gabry Ponte «Tutta l'Italia» Italiensk 26 27
26 Albania Shkodra Elektronike «Zjerm» Albansk 8 218
  1. Meet your hosts for Basel 2025 (på engelsk), European Broadcasting Union, 20. januar 2025, henta 20. januar 2024 
  2. 2,0 2,1 Eurovision 2025: 38 broadcasters participating in Basel (på engelsk), European Broadcasting Union, 12. desember 2024, henta 12. desember 2024 
  3. 3,0 3,1 «ULTIMA ORĂ! Republica Moldova nu va participa la Eurovision 2025», moldova.md (på rumensk), 22. januar 2025 
  4. Austria’s JJ wins the Eurovision Song Contest 2025 (på engelsk), European Broadcasting Union, 18. mai 2025, henta 18. mai 2025 
  5. Østerrike vant Eurovision-finalen (på engelsk), NRK, 18. mai 2025, henta 18. mai 2025 
  6. Eurovision 2025: Austria wins with last-minute vote, as the UK comes 19th (på engelsk), BBC, 18. mai 2025, henta 18. mai 2025 
  7. Østerrike vant Eurovision-finalen (på engelsk), NRK, 18. mai 2025, henta 18. mai 2025 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Baselwill host Eurovision Song Contest 2025». Den europeiske kringkastingsunionen. 30. august 2024. Henta 1. september 2024. 
  9. 9,0 9,1 «Baselreveals more locations for Eurovision 2025». ESCXTRA.com (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  10. «EurovisionSong Contest 2025 - Genf, Basel, St. Gallen: Alle wollen den ESC – doch wer kann?». Schweizer Radio und Fernsehen (SRF) (på tysk). 12. mai 2024. Henta 1. september 2024. 
  11. «Après Genève, Zurich est aussi tentée par l’organisation de l’Eurovision - Le Temps» (på fransk). 13. mai 2024. ISSN 1423-3967. Henta 1. september 2024. 
  12. «EurovisionSong Contest 2025: now it’s up to the cities». SRG SSR. 30. mai 2024. Henta 1. september 2024. 
  13. «EurovisionSong Contest 2025 - Zürich, Bern, Basel, Genf: Wer hat das Zeug zum ESC-Host?». Schweizer Radio und Fernsehen (SRF) (på tysk). 26. juni 2024. Henta 1. september 2024. 
  14. «Switzerland2025: Shortlist of Host Cities down to final two». Den europeiske kringkastingsunionen. 29. juli 2024. Henta 1. september 2024. 
  15. Granger, Anthony (27. juni 2024). «Eurovision 2025: Bern & Biel/Bienne Reveal Details of Bid». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  16. Jiandani, Sanjay (Sergio) (27. juni 2024). «Eurovision2025: Bern and Biel apply to host the contest». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  17. Granger, Anthony (12. mai 2024). «Eurovision 2025: Geneva Aims to Host Eurovision 2025». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  18. Conte, Davide (12. mai 2024). «Eurovision 2025: Three Cities Aiming to Host Eurovision 2025». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  19. Jiandani, Sanjay (Sergio) (27. juni 2024). «Eurovision2025: Zurich officially applies to host the contest». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  20. Farren, Neil (27. juni 2024). «Eurovision 2025: Zurich Reveals Details of Bid». Eurovoix (på engelsk). Henta 1. september 2024. 
  21. Gunnarsson, Oddur Ævar (13. september 2024), «Ísland mun taka þátt í Eurovision», Vísir.is (på islandsk), henta 13. september 2024 
  22. Vefritstjórn (20. september 2024). «Opnaðhefur verið fyrir innsendingar laga í Söngvakeppnina 2025 - RÚV.is». RÚV. Henta 6. november 2024. 
  23. «Telewizja Polska weźmie udział w Eurowizji w 2025 roku» [Telewizja Polska will take part in Eurovision 2025], Wirtualnemedia.pl (på polsk), 8. november 2024, henta 8. november 2024 
  24. «Ruszają zgłoszenia do Eurowizji 2025. Jak można wziąć udział w krajowych preselekcjach do konkursu?» [Applications for Eurovision 2025 are now open. How can you take part in the national pre-selections for the contest?], eurowizja.tvp.pl (på polsk) (TVP), henta 8. november 2024 
  25. RTVSlovenija potrdila sodelovanje na Evroviziji 2025, podrobnosti o izboru oktobra [RTV Slovenija confirmed its participation in Eurovision 2025, details on the selection in October] (på slovensk), RTVSLO, 16. september 2024, henta 16. september 2024 
  26. Mancheño, José Miguel (6. september 2024). «Estoniaconfirma su participación en Eurovisión 2025 y abrirá la convocatoria del Eesti Laul el próximo 16 de septiembre». ESCplus España (på spansk). Henta 7. september 2024. 
  27. Granger, Anthony (10. september 2024). «Ukraine: Eurovision 2025 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. september 2024. 
  28. «Ukraine: Vidbir 2025». Eurovisionworld.com. Henta 6. november 2024. 
  29. Jiandani, Sanjay (20. juni 2024), «Sweden: SVT confirms participation at Eurovision 2025», ESCToday (på engelsk), henta 20. juni 2024 
  30. «Portugal: RTP pondera "protesto formal" acerca do atraso da divulgação da atuação de Iolanda» [Portugal: RTP considers "formal protest" over delay in broadcasting Iolanda's performance], ESC Portugal (på portugisisk), 12. mai 2024, henta 13. mai 2024 
  31. Vedeler, Linda Marie (2. juli 2024). «Norgedeltar i neste års Eurovision Song Contest». NRK (på norsk). Henta 2. juli 2024. 
  32. James, Washak (8. mai 2024), «Belgium: Eurosong Returns to Select Eurovision 2025 Entry», Eurovoix, henta 8. mai 2024 
  33. Koronakis, Spyros (3. august 2024). «Azerbaijan: Eurovision 2025 participation confirmed!». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  34. Granger, Anthony (3. august 2024). «Azerbaijan: Eurovision 2025 Confirmed With Call for Submissions». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  35. Jiandani, Sanjay (Sergio) (26. juli 2024). «SanMarino: SMRTV confirms participation at Eurovision 2025». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  36. «Regolamento- ITA - Una Voce per San Marino» (på italiensk). 31. juli 2024. Henta 1. september 2024. 
  37. Mancheño, José Miguel (11. juni 2024), «Elhaida Dani será la directora artística del Festivali i Këngës 63» [Elhaida Dani will be the Artistic Director of Festivali i Këngës 63], ESCplus España (på spansk), henta 11. juni 2024, «La cantante vencedora de la competición albanesa y representante del país en el Festival de Eurovisión 2015 asume la dirección del certamen donde se elegirá la propuesta del país del próximo año.» 
  38. Festivali i Këngës, zbulohet surpriza e këtij viti: "Një nga netët do i dedikohet 20 pjesëmarrjeve në Eurovizion" [Festivali i Këngës, this year's surprise is revealed: "One of the nights will be dedicated to the 20 participations in Eurovision"] (på engelsk), RTSH, 1. mai 2024, henta 11. juni 2024 
  39. «Shkodra Elektronike win 'Festivali i Këngës' and will represent Albania at Eurovision», Eurovision.tv (EBU), 23. desember 2024, henta 23. desember 2024 
  40. AVROTROS neemt deel aan het Eurovisie Songfestival 2025 [AVROTROS to participate in the Eurovision Song Contest 2025] (på nederlandsk), AVROTROS, henta 23. oktober 2024 
  41. «Claude will represent the Netherlands at Eurovision in Basel», eurovision.tv (på engelsk), 19. desember 2024, henta 19. desember 2024 
  42. Siegal, Sam (1. august 2024). «RIK Seeking Cyprus-Based Representative for ESC 2025». escYOUnited (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  43. «TheoEvan will represent Cyprus at Eurovision 202». Den europeiske kringkastingsunion. 2. september 2024. Henta 2. september 2024. 
  44. Knox, David (30. oktober 2024), «2025 Upfronts: SBS / NITV», TV Tonight (på engelsk), henta 30. oktober 2024 
  45. Stephenson, James (7. august 2024). «Montenegro: Eurovision 2025 Return Likely with New National Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. august 2024. 
  46. Farren, Neil (5. september 2024). «Montenegro: Montesong 2024 to Take Place on November 26 and 27». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. september 2024. 
  47. Nina Žižić predstavlja Crnu Goru na Evroviziji [Nina Žižić represents Montenegro at Eurovision] (på montenegrinsk), RTCG, 8. desember 2024, henta 8. desember 2024 
  48. Crna Gora 2025 | Nina Žižić je 13. crnogorska uzdanica (på serbisk), Evrovizija.rs, 8. desember 2024, henta 8. desember 2024 
  49. Ireland opens song-submission window for Basel 2025 (på engelsk), EBU, 23. september 2024, henta 23. september 2024 
  50. Granger, Anthony (23. september 2024). «Ireland: Eurosong 2025 Set for February». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. november 2024. 
  51. Jiandani, Sanjay (Sergio) (17. juli 2024). «Latvia: LTV confirms participation at Eurovision 2025». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  52. Lahav, Doron (16. juli 2024). «LatviaConfirms Eurovision 2025 Participation». ESCBEAT (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  53. Santamaría, Igor (22. november 2024), «Armenia recupera su preselección para elegir al representante en Basilea» [Armenia regains its national final to choose the representative in Basel], Eurovision-Spain.com (på spansk), henta 22. november 2024 
  54. «ESC in der Schweiz: ORF will auch 2025 intern den ESC-Act entscheiden» [ESC in Switzerland: ORF will be selecting their Act for 2025 internally again], www.kleinezeitung.at (på tysk), 13. mai 2024, henta 13. mai 2024 
  55. Lukošienė, Raminta (13. juni 2024), «Pasirodžius Petro Gražulio peticijai prieš Lietuvos dalyvavimą 'Eurovizijoje' – LRT atsakas: pasakė, ar planuotų trauktis», Delfi (på litauisk), henta 13. juni 2024 
  56. The Malta Eurovision Song Contest 2025 Regulations (PDF), PBS, 22. oktober 2024, henta 22. oktober 2024 
  57. «DanskMelodi Grand Prix og børnenes MGP 2025 holdes i Jyske Bank Boxen». Danmarks Radio. 6. mai 2024. Henta 6. mai 2024. 
  58. Granger, Anthony (6. mai 2024). «Denmark: Dansk Melodi Grand Prix 2025 on March 1». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. mai 2024. 
  59. Washak, James (6. september 2024). «Czechia: Song Submission Open For Eurovision 2025». Eurovoix (på engelsk). Henta 7. september 2024. 
  60. «ADONXS will be singing for Czechia at Basel 2025», Eurovision.tv (EBU), 11. desember 2024, henta 11. desember 2024 
  61. Granger, Anthony (12. mai 2024), «Luxembourg: Eurovision 2025 Participation Confirmed», Eurovoix, henta 12. mai 2024 
  62. «Xavier Bettel félicite Tali: «Tellement fier de toi»», Le Essentiel, 12. mai 2024, henta 12. mai 2024 
  63. «Laura Thorn wins 'Luxembourg Song Contest' and will head to Basel», Eurovision.tv (EBU), 25. januar 2025, henta 25. januar 2025 
  64. Vassdal, Silje (30. mai 2024), «Israel til TV 2: Bekrefter at de vil delta i Eurovision også neste år» [Israel to TV 2: Confirms it will participate in Eurovision again next year], TV 2 (på norsk), henta 31. mai 2024 
  65. Zaikaner, Avi (31. mai 2024), «ישראל מאשרת השתתפות באירוויזיון 2025» [Israel confirms participation in Eurovision 2025], EuroMix (på hebraisk), henta 31. mai 2024 
  66. Vassdal, Silje (30. mai 2024), «Dette er Israels Eurovision-bidrag», TV 2 (på norsk), henta 22. januar 2025 
  67. «Evo da li Srbija odustaje od Evrovizije - "Takmičenje je pokazalo šta je to što mladi vole, a mi ne vidimo", Olivera Kovačević o ovogodišnjem plasmanu naše zemlje» [Here's if Serbia is quitting Eurovision - "The contest showed what young people like that we don't see", Olivera Kovačević on our country's placement this year], Blic (på serbisk), 17. mai 2024, henta 20. mai 2024, «Iako su pojedini pozvali na povlačenje Srbije sa "Evrovizije", poput Aleksandre Radović, o odustajanju naše zemlje od takmičenja, kako Olivera ističe, nema govora.» 
  68. Conte, Davide (27. oktober 2024). «Serbia: Pesma za Evroviziju 2025 Final on March 1». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. november 2024. 
  69. «UMK25-haku alkaa elokuussa – Katso hakupäivät ja säännöt!» [UMK25 application starts in August – See application dates and rules!], Yle (på finsk), 3. juni 2024, henta 3. juni 2024 
  70. «The Running Order of the Eurovision 2025 Grand Final». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 16. mai 2025. Henta 16. mai 2025. 
  71. Andersson, Rafaell (8. mai 2024), «Spain: Eurovision 2025 Participation Confirmed as Benidorm Fest 2025 is Announced», Eurovoix, henta 8. mai 2024 
  72. «El plazo para enviar canciones para el Benidorm Fest 2025 comenzará el 20 de mayo», RTVE, 8. mai 2024, henta 8. mai 2024 
  73. Melody gana el Benidorm Fest: de la niña rumbera que bailó con gorilas a cumplir el sueño de Eurovisión [Melody wins the Benidorm Fest: from the rumba girl who danced with gorillas to fulfilling her Eurovision dream] (på spansk), El Mundo, 1. februar 2025, henta 1. februar 2025 
  74. Jiandani, Sanjay (Sergio) (25. juli 2024). «UnitedKingdom: BBC confirms participation at Eurovision 2025». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  75. Team, Eurovoix (25. juli 2024). «United Kingdom: Eurovision 2025 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  76. Farren, Neil (11. juli 2024). «Italy: Eurovision 2025 Participation Confirmed». Eurovoix (på engelsk). Henta 3. august 2024. 
  77. Jiandani, Sanjay (27. mai 2024), «Germany: ARD confirms participation at Eurovision 2025», ESCToday (på engelsk), henta 27. mai 2024 
  78. Eurovision Song Contest 2025: Wer vertritt die Schweiz? [Who will represent Switzerland at the Eurovision Song Contest 2025?] (på tysk), SRF, 3. juli 2024, henta 4. juli 2024 
  79. Jiandani, Sanjay (30. august 2024), «France: France 2 confirms participation at Eurovision 2025», ESCToday (på engelsk), henta 30. august 2024 
  80. Brossault, Juliette (30. januar 2025), «Eurovision 2025: Louane annonce être la candidate française cette année» [Eurovision 2025: Louane announces that she will be the French candidate this year], BFM TV (på fransk), henta 30. januar 2025 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 2025