Euxenitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Euxenitt
Euxenite - Vegusdal, Norvegia 01.jpg
Euxenitt frå Noreg, kring 11 cm stor
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formel(Y,Ca,Ce,U,Th)(Nb,Ta,Ti)2O6
Strunz-klassifisering04.DG.05
Identifikasjon
FargeSvart, brunsvart, grønaktig svart
KrystallformMassiv, allotriomorfe krystallar i matriks
KrystallsystemOrtorombisk
TvillingVanleg på [201]
KløyvIngen
BrotMuslig til undermuslig
Mohs hardleiksskala5.5 til 6.5
GlansBriljant submetallisk, voksaktig til harpiksaktig på brot
StrekfargeGulaktig, gråaktig, eller raudbrun
TransparensUgjennomsiktig, gjennomskineleg på tynne kantar
Spesifikk vekt4.7 til 5
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Brytingsindeksn = 2.06 - 2.24
Andre eigenskaparMetamikt - opphavleg krystallinsk, no amorf på grunn av strålingsskade. Radioaktivt.
Kjelder[1][2][3]

Euxenitt er eit mineral som er ganske utbreidd på norske granittpegmatittgangar, særleg på Sørlandet. Det er brunt til svart, har sterk glans og er tungt. Mineralet er radioaktivt og opptrer i metamikt tilstand. Den kjemiske formelen kan forenkla skrivast AB2O6, der A står for lantanoid, kalsium, jarn, uran, thorium osb., og B står for niob, tantal og titan. Sidan yttrium er det mest framtredande av A-grunnstoffa, skal mineralet no heite euxenitt-(Y). Det titanrike endeleddet kallast polykras-(Y).

Eit nært nærskyldt mineral er aeschynitt. Både euxenitt og aeschynitt har rombisk symmetri, men med ulik krystallutvikling. Dei fleste av desse minerala er skildra første gongen frå norske førekomstar (euxenitt 1840, polykras 1844, blomstrandin eller aeschynitt-(Y) 1906).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]