Evaøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evaøya
øy
Eva-Liv Island 2020-07-29 Sentinel-2 L2A Highlight Optimized Natural Color.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Del av Belaja Zemlja, Frans Josefs land

Evaøya
81°37′0″ N 63°6′0″ E
Plasseringa til Belaja Zemlja i Frans Josefs land. Evaøya er den nordlegaste i denne gruppa.

Evaøya eller Eva-Liv-øya (russisk Остров Ева-Лив eller Ostrov Jeva-Liv) er den nordaustlegaste øya i Frans Josefs land i Russland.

Evaøya er har ei form som kan minne om ei kanin og ei overflate på 288 km². Det høgaste punktet på øya er 381 m.

Området der Evaøya ligg vart kalla Hvidtenland av Fridtjof Nansen som kom til Evaøya 5. august 1895 under polarekspedisjonen hans. På kartet sitt teikna han to øyar og kalla den største øya i aust opp etter kona si Eva Nansen (som døydde i 1907). «Øya» i vest, som Nansen fann to dagar, kalla han Livøya. Sidan den permanente polisen kryssar Belaja Zemlja er det vanskeleg å skilje land og sjø. Etter kvart var det derimot klart at Livøya berre var ei halvøy vest på Evaøya. Derfor vert øya stundom kalla Eva-Liv-øya i dag.

Evaøya og dei to mindre naboøyane (Frieden og Adelaide) vert framleis på russisk kalla Белая Земля (Belaja Zemlja), som tyder «Hvidtenland», eller «Det kvite landet», og har altså halde på Nansen sitt originale namn. Øyane er stort sett dekte av is.

Mellom Belaja Zemlja og resten av Frans Josefs-øyane ligg eit 45 km breitt sund kalla Proliv Severo Vostotsjnij.

Dette var staden i Frans Josefs lands om den russiske sjøfararen Valerian Albanov frå den mislukka Brusilov-ekspedisjonen prøvde å nå då han forlet «Svyataya Anna» med delar av mannskapet. Albanov enda derimot mykje lenger sørvest i Aleksandra land.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit par kilometer mot sørvest ligg den vesle Adelaideøya (Остров Аделаиды), kalla opp etter prinsesse Adelheid av Hohenlohe-Langenburg. Ho er berre 2 km lang.
  • Friedenøya (Остров Фреден), er ei større ovalforma øy med ei lengd på 8,2 km . Ho ligg 2,5 km sør for Adelaideøya. Øya er kalla opp etter det tyske ordet for «fred».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 81°38′N 63°06′E