Eva Bergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eva Bergh

Fødd25. februar 1926
FødestadOppegård
Død19. februar 2013 (86 år)
Verka somteaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleSverre Arvid Bergh

Eva Bergh (25. februar 192619. februar 2013) var ein norsk skodespelar med lang fartstid ved Den Nationale Scene.[1]

Bergh scenedebuterte ved Det Nye Teater i 1949 og filmdebuterte same år i Døden er et kjærtegn. Ho hadde ein framståande posisjon ved Den Nationale Scene i over 40 år, og gjorde mellom anna ei rekkje store ibsenroller. Ho har òg hatt ei rekkje hovudroller i musikalar, mellom anna My Fair Lady (1963), Kiss me Kate, Hello Dolly og Spelemann på taket. Dei dramatiske oppgåvene hennar omfattar utover Ibsen, rolla som Elizabeth i Schillers Maria Stuart og mora i Hans Wiers-Jenssens Anne Persdotter.

Etter filmdebuten i 1949 hadde Eva Bergh hovudrolla i filmar som Skadeskutt (1951), og dessutan leiande rollar i den svenske Hård klang (1952) og Tancred Ibsensin film Venner (1960) og den dansk-norske samproduksjonen Skal vi lege gjemsel? (Ska' vi leke skjul) (1971).

Eva Bergh var gift med komponisten Sverre Bergh (1915–1980).

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eva Bergh er død». Den Nationale Scene. Arkivert frå originalen 20. februar 2013. Henta 20. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]