Eva Bratholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eva Bratholm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juni 1953 (70 år)
Trondheim
Yrke journalist, direktør, programleiar, forfattar
Ektefelle Joar Hoel Larsen

Eva Margareth Bratholm (fødd 23. juni 1953 i Trondheim) er ein norsk journalist, rådgjevar og programleiar. Ho har fartstid i både NRK, Dagbladet og Norad.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bratholm byrja karrieren som journalist i 1975 i Arbeider-Avisa i Trondheim. Etter det var ho journalist i Arbeiderbladet i 1977–79, og vidare politisk medarbeider i Dagbladet i 1979–83. I 1983 byrja ho som medarbeider i NRK si nyhendeavdeling, der ho blant anna arbeidet i Dagsrevyen. Frå 1989 til 1993 var ho NRKs korrespondent i Washington D.C. og frå 1996 til 1999 var ho programleiar i Bokbadet. I 1999 kom ho attende til Dagbladet, der ho jobba som kulturredaktør og utanriksreporter i New York .

I 2006 var ho i ein kort periode informasjonssjef i Posten Norge, før ho i 2007 vart tilsett som informasjonsdirektør i NORAD. Bratholm forklarte at det var saknet etter å driva med nasjonal og internasjonal politikk som fekk ho til å slutta i Posten Noreg. Frå 2010 til 2012 var ho ambassaderåd ved Noregs ambassade i Delhi i India med politikk som arbeidsområde. I 2017 slutta ho i stillinga som informasjonsdirektør i NORAD, men er enno tilsett i organisasjonen.[1]

Som journalist har Bratholm særleg dekt utanriksstoff generelt og amerikansk politikk og samfunnsliv spesielt.

Av utdanning har ho blant anna grunnfag i historie (1973).

Bratholm vart gift med økonom og byråsjef Petter Nore i 1983.[2] Ekteskapet vart oppløyst i 2006.[3] I 2009 vart ho gift med journalist Joar Hoel Larsen.[4] Ho har tre barn frå første ekteskap.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 Brooklyn N.Y.C.
  • 2002 New York – forfatternes by
  • 1991 Den perfekte fienden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eva Bratholm trekker seg tilbake i Norad». Journalisten (på norsk). 7. juli 2017. Henta 11. juli 2018. 
  2. Lie, Wenche (25. august 1987). «Profilen Eva Bratholm». Aftenposten. «Et halvt år efter 30årsdagen gikk hun inn i den hellige ektestand. Den utvalgte, Petter Nore, hadde doktorgrad i økonomi og jobb som byråsjef i Olje og energidepartementet.» 
  3. «FEIRER DOBBEL julaften Slik løser kjendisene «juleklemma»». VG. 24. desember 2006. «I april brøt Eva Bratholm (52), tidligere pr ofilert NRK-journalist i Dagsrevyen og kulturredaktør i Dagbladet, med Petter Nore (58) etter 22 års ekteskap. Sammen har paret tre barn.» 
  4. «Tv-kjendis festet i brudekjolen». seher.no (på norsk). 8. februar 2008. Henta 11. juli 2018.