Eva Korpela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eva Korpela
Statsborgarskap Sverige
Fødd 31. oktober 1958 (65 år)
Sverige
Idrett skiskyting

Eva Korpela (fødd 31. oktober 1958), fødd Eva Lundgren, er ein svensk tidlegare skiskyttar som vann verdscupen i skiskyting 1986 og og gjentok prestasjonen i 1987-sesongen. Ho vart verdsmeister på 10 km under VM i skiskyting 1986 i Falun og tok i alt sju VM-medaljar (1-3-3) i åra 1985 til 1988. Korpela var medlem av Sollefteå SK.

Korpela enda på andreplass i verdscupen i skiskyting 1985, einast norske Sanna Grønlid plukka fleire poeng. Same sesongen tok ho bronsemedaljen i 10 km under VM i skiskyting i sveitsiske Egg. Året etter tok ho gullet i same øvinga under VM 1986 på heimebane i Falun, der ho også vann sølv i 3 x 5 km stafett og bronse på 5 km. Gjennom både 1986-sesongen og den etterfylgjande sesongen gjekk ho til topps i verdscupen i skiskyting, framom høvesvis Sanna Grønlid i 1986 og Anne Elvebakk i 1987. I 1987 gjekk ho Sverige inn til sølv i VM-stafetten, året etter vart det i Chamonix VM-bronse på dei same tre svenske stafettkvinnene; Korpela, Inger Björkbom og Mia Stadig. På 5 km tok Korpela sølvmedaljen i Chamonix.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]