Eva Kristin Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eva Kristin Andersen
Fødd7. juni 1972
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Fredrikstad 2007-2011
FøregangarOle Haabeth
EtterfylgjarJon-Ivar Nygård

Eva Kristin Andersen (fødd 7. juni 1972) er ein norsk lokalpolitikar og tidlegare ordførar i Fredrikstad for Framstegspartiet. I 2007 vart ho fyrste kvinnelege ordføraren i byen.[1]. Ho er fødd og oppvaksen på Torp, og utdanna diplomøkonom frå Handelshøyskolen BI. Ho vart vald til gruppeleiar i Fredrikstad Fremskrittsparti i 1999.

Ho gjekk i 2007 til val på ynsket om å bygge ny sjukeheim, løyse trafikksituasjonen i Fredrikstad utan bompengar og å fjerne eigedomsskatten.[2] Ved valet i 2011 gjekk FrP attende med over 17 prosentpoeng i Fredrikstad og miste ti av sytten representantar i kommunestyret, og ordførarvervet.[3]

Gensersaka[endre | endre wikiteksten]

Ho vart landskjend i norske aviser i 2007 etter at Fredriksstad Blad trykte ein artikkel med eit bilete av henne iført ein genser frå motorsykkelklubben Bandidos, ei gruppe som politiet karakteriserer som eit organisert kriminelt miljø. I etterkant vart det ei stor sak der Andersen og partikollegaene hennar hevda at biletet var manipulert[4]. Ekspertar frå Interfoto meinte på andre sida at biletet ikkje var manipulert, då det ikkje hadde nokon teikn på å vere redigert[5]. I ettertid sa Andersen at ho hadde handtert saka dårleg, og at ho hadde vore uklar i det ho hadde sagt. Andersen har heile tida halde fast på at biletet ikkje var ekte. Dette fekk ho også støtte for frå partisekretæren til Framstegspartiet, Geir Mo. Saka var tema på et folkemøte i Fredrikstad[6] og vart også handsama i bystyret[7] men fekk ingen konsekvensar for virket hennar som ordførar, og bystyregruppa til Framstegspartiet i Fredrikstad valde å ikkje ta opp saka internt[8].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Victoria Kvalvik (12. oktober 2007). «Historisk dag i bystyresalen». Fredriksstad Blad. Henta 3. november 2007. 
  2. «Frp i Fredrikstad straffes for løftebrudd om eiendomsskatt». VG. 5. september 2011. Henta 19. november 2011. 
  3. «Valresultat 2011 Framstegspartiet». nrk.no. Henta 19. november 2011. 
  4. Jon Jacobsen og Victoria Kvalvik (29. oktober 2007). «Hevder sjokkbildet er manipulert». Fredriksstad Blad. 
  5. Jon Jacobsen (29. oktober 2007). «Ekspertene: - Ser ingen manipulering». Fredriksstad Blad. 
  6. Marianne Holøien (7. november 2007). «Frisk debatt om ordfører-bilde». Fredriksstad Blad. 
  7. NTB (4. november 2007). «Genseren til bystyret». 
  8. Anne Lene Frølandshagen (30. november 2007). «Vi gjør ikke noe med det, vi».