Evald Rygh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Evald Rygh
36967 Evald Rygh.jpg
Fødd26. mai 1842
Verdal
Død9. mai 1913
Christiania
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, banksjef, jurist
FarPeder Strand Rygh
BarnPer Rygh

Evald Rygh (26. mai 18429. mai 1913) var ein norsk embetsmann og politikar som var knytt til partiet Høgre. Peder Rygh var far hans, Per Rygh sonen hans. Oluf Rygh og Karl Rygh var brørne hans.

Rygh var fødd i Verdal. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1858 og cand. jur. 1864. Frå 1865 til 1880 var han tilsett i Finansdepartementet, byråsjef 1869, ekspedisjonssjef i finansavdelinga 1872. I 1866 hadde han stipend til å studere statsøkonomi i Frankrike og England. Mellom 1880 og 1889 var Rygh borgarmeister i Kristiania.

Rygh var 1875-79 medlem av formannskapet i hovudstaden, ordførar 1892-93. I Emil Stangs fyrste regjering var Rygh statsråd og sjef for Finans- og tolldepartementet frå 13. juli 1889 til 6. mars 1891.

Stortingsperioden 1892-94 var Rygh 1. representant for Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han høyrde til Høgre og var medlem av tollkomiteen.

Rygh var medlem av ei rekke kommisjonar, statlege komitear samt offentlege og private styre. Mellom anna var han 1883 formann i tilsynskommisjonen for Kongsvingerbanen, og 1895 det same for Flisabanen. Han var formann 1892 i ein kongeleg kommisjon om jarnbanestasjonsordninga i Kristiania og i 1895 av ein departmentskomite om avståinga av grunn i samband med Vest- og Østbanestasjonane i hovudstaden. I 1895-96 var han formann i komiteen som forhandla med Sverige om ny mellomrikslov. År 1885 var han sentral i stiftinga av Kristiania telefonselskap, då han fekk maka til at to konkurrerande selskap slo seg saman.

Frå 1893 var Rygh administrerande direktør i Christiania Sparebank.

Ei byste av Rygh er reist ved Holmenkollen i Oslo. Saman med vegdirektør Hans Hagerup Krag tok han i 1888 initiativ til å få sikra eit areal ved Holmenkollen, ope for innbyggarane av Oslo. Han arbeidde også for at kommunen skulle kjøpe Frognerseterskogen. Rygh var den fyrste styreformannen for Nationaltheatret.

Rygh vart i 1891 av kongen utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for fortjenstlig embedsvirksomhed».

Han døydde 1913 i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]