Evangelisten Matteus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matteus og engelen, måla av Caravaggio (1601)

Evangelisten Matteus er i kristen tradisjon oftast rekna som identisk med apostelen Matteus. Matteus var blant læresveinane til Jesus og blant dei tolv opphavlege apostlane.[1]


Matteus vart fødd i Galilea tidleg i det første hundreåret. Han var son av ein Alfeus og arbeidde som tollar i Kapernaum, på grensa mellom Galilea og Gaulantis. Matteus kan vere identisk med tollaren Levi som er omtalt i Markusevangeliet 2,14[2] Nokre meiner at Levi var eit tilnamn, andre at Levi var det eigentlege namnet hans, og at han skifta namn til Matteus som tyder «gudsgåve» då han braut opp for å følgje Jesus. Det kan også vere at Levi, apostelen Matteus og evangelisten Matteus var tre ulike personar.

Etter tradisjonen var det apostelen Matteus som skreiv Matteusevangeliet. Om tradisjonen kan vere historisk korrekt er usikkert. Somme hevdar at Matteus berre skreiv ned utsegner og talar frå Jesus på arameisk og at ein annan person med kjennskap til Markusevangeliet skreiv Matteusevangeliet på gresk mellom år 80 og 90.

Ut over dette veit vi lite om det vidare livet hans. Han skal ha vore apostel både i Egypt og i Etiopia, og det finst forskjellige legender om korleis han døydde. Fleire kyrkjer hevdar at dei har relikvie etter Matteus, fire forskjellige franske kyrkjer hevdar å ha hovudskallen hans. Minnedagen til Matteus er i vest 21. september, og den dagen er på primstaven avmerkt som mattismesse om hausten. Bysantinarane og syrarane minnest han den 16. november, mens koptarane feirar minnedagen over Matteus den 9. oktober.

I kunsten vert Matteus ofte framstilt som eit menneske med venger, fordi evangeliet hans legg slik vekt på familiebanda til Jesus. Han vert også framstilt som skrivande evangelist, eller som som apostel med spyd, sverd eller hellebard som martyrreiskap. Andre gonger vert han framstilt med ein pengesekk eller eit pengeskrin, sidan han arbeidde som tollar.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]