Evdoxos frå Knidos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evdoxos frå Knidos
Statsborgarskap Det doriske hexapolis
Fødd ca. 408 f.Kr.
Knidos
Død

ca. 355 f.Kr.
Knidos

Yrke matematikar, skribent, filosof, geograf
Språk gamalgresk
Evdoxos frå Knidos på Commons

Evdoxos frå Knidos (408–355 fvt.) var ein kjend gresk astronom og matematikar.

Han studerte under Platon og i Heliopolis i Egypt, og arbeidde seinare i Aten og på observatoriet sitt i Knidos. Han skreiv mellom anna ei bok om stjernebileta. Denne er gått tapt, men Aratos gav ut ein poetisk parafrase over verket hans, og her finn ein dei eldste kjende skildringane av dei 48 stjernebileta i antikken. Boka var særs populær. Hipparkhos skreiv ein kommentar til boka og Cicero omsette ho til latin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]