Evelyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Støtte over Richard E. Byrd, som hadde Evelyn som mellomnamn.

Evelyn er eit namn som i dag ofte blir rekna som eit kvinnenamn, men har også vore brukt som slektsnamn og mannsnamn. Evelyn har norsk namnedag den 3. oktober.

Avleiing[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske modellen og skodespelaren Evelyn Nesbit ved byrjinga av 1900-talet, då namnet Evelyn var i ferd med å bli overteke av kvinner.

Evelyn blei opphavleg danna som eit engelsk slektsnamn avleidd av det normanniske kvinnenamnet Aveline. Dette namnet kan vera avleidd frå gammalsaksisk ava, 'styrke, makt', eller Avila, med ukjend tyding. Namnet blei først teke i bruk som førenamn for menn, før det nesten heilt gjekk over til å bli eit kvinnenamn. På engelsk blir namnet uttalt [i:vlin].

Evelyn kan også vera ei anglifisering av det irske Aibhilín/Éibhleann, truleg 'utstråling, venleik', som også kan stavast som Evlin.

Andre skrivemåtar for kvinnenamnet er Evelyne, Evelynne, Eveline og Eveleen. Evelina, ei diminutivsform av Eva, kan også reknast som ei avleiing av namnet.

Bruk i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Evelyn Innes er namnet på ein roman av George Moore frå 1898.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

  • Evelyn Baring (1841–1917), engelsk diplomat, statsmann og koloniadministrator, Lord Cromer
  • Evelyn Waugh (1903–1966), engelsk forfattar

Slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Evelyn», A Dictionary of First Names, Oxford University Press