Evelyn Ashford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Evelyn Ashford
Evelyn Ashford 1984.jpg
Fødd 15. april 1957 (64 år)
Shreveport
Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Evelyn Ashford på Commons

Evelyn Ashford (fødd 15. april 1957) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Shreveport i delstaten Louisiana. Ho vart olympisk meister på 100 meter i 1984 og vann elles tre OL-gull i 4 x 100 m stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ashford deltok i sitt fyrste OL i 1976 og sitt siste i 1992. Etter femteplass på 100 m i Montréal 1976 forbetra ho seg dei neste sesongane. Den 24. august 1979 i Montreal sette ho verdsrekord på 200 meter med tida 21,83 sekundar. Sommaren 1980 var ho i verdstoppen både på 100 og 200 meter, men ettersom USA boikotta dei olympiske sommarleikane i Moskva i protest mot at Sovjetunionen hadde invadert Afghanistan, deltok ho ikkje i Sommar-OL 1980.

3. juli 1983 forbetra Ashford verdsrekorden på 100 m til 10,79 sekundar i Colorado Springs, eit høgfjellsstadion i Rocky Mountains. Same dagen sprang ho eit USA-amerikanske stafettlag inn til verdsrekord i 4 x 100 m stafett med tida 41,61 sekundar. Ho var dermed favoritt til å vinne 100 meter i den fyrste verdsmesterskapen i friidrett i Helsinki. I VM-finalen pådrog ho seg muskelstrekk og braut løpet.

Under Sommar-OL i 1984 i Los Angeles var Ashford i ei eiga klasse på 100 meter og vann på ny olympisk rekord, 10,97 sekundar, Alice Brown på andreplassen fekk 11,13. Ashford sprang så ankeretappen for det USA-amerikanske laget. Her sanka ho seg gullmedalje nummer to, etter at nemnde Alice Brown, Jeanette Bolden, Chandra Cheeseborough hadde ført USA i tet på dei tre fyrste etappane. Halvt anna veke etter Sommar-OL var avslutta, flytta Ashford sin eigen verdsrekord på 100 m til 10,76 sekundar i eit stemne i Zürich.

I 1988 var Ashford sjanselaus i å fylgje landskvinna Florence Griffith-Joyner under OL-finalen på 100 meter i Seoul, der Griffith-Joyner fekk notert fabelaktige 10,54 sekundar. Med tida 10,83 kneip Ashford sølvmedaljen, to små hundredels sekund framom Heike Drechsler frå Aust-Tyskland. I 4 × 100 m stafett sprang Ashford ankeretappen på ny, og trass i dårleg veksling vann ho si tredje olympiske gullmedalje, godt hjelpt av Alice Brown, Sheila Echols og Griffith-Joyner.

I sitt siste Sommar-OL, i Barcelona i 1992, vart Ashford slått ut i semifinalane på 100 meter. Derimot fekk ho si tredje gullmedalje på rad i 4 x 100 m stafett, her tok hoseg av startetappen og sidan syrgde Esther Jones, Carlette Guidry og Gwen Torrence for USA-amerikansk triumf, fem hundredels sekund framfor eit mannskap frå det som tidlegare var Sovjetunionen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]