Even

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For språket even, sjå evensk.
Musikaren Even Johansen.

Even er eit norsk mannsnamn avleidd av Eivind. Det har namnedag den 26. august.

Avleiing og liknande namn[endre | endre wikiteksten]

Even er ei yngre from av Eivind, som er sett saman av norrønt auja, 'hell, gåve', og urnordisk winduR, 'vinnar'. Det liknande engelske namnet Ewan, Ewen eller Euan er ikkje knytt til Even, men har keltisk opphav.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet var i vanleg bruk frå 1400-talet. Det var mykje brukt på 1700-talet og først på 1800-talet. Bruken voks igjen ved slutten av 1900-talet. I 2009 var det 5 689 norske menn som heitte Even.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet går igjen i songen «Sjarmør Even» av Alf Prøysen.

Ein finn også namnet Even i nokre norske stadnamn: Evenes kommune i Nordland og Evenskjer i Troms.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]